Debattinnlegg i Klassekampen 29.12.2012
Faktafeil om samekrav
Kronikkforfattarane Maria Lundberg & Ingvill Thorson Plesner har 20.12.12 svart på min kritikk av kronikken deira 06.12.12. Det er positivt at dei no klart slår fast at urfolksrettar er ein del av menneskerettane, og ikkje eit trugsmål mot desse. Dette var i beste fall uklart i kronikken. Derimot kommenterer dei ikkje kritikken min av framstillinga av samiske krav som eit trugsmål mot vanlige nordmenn. Dei går heller ikkje inn på dei faktiske feila eg påviser i kronikken, der det blir framstilt som aktuelt å fjerne norsk språk frå vegskilta og å nekte norsktalande elevar opplæring på eige språk. I begge tilfella blir stridsspørsmåla framstilt slik at dei samiske krava virkar urimelige, og det hadde dei óg vore, dersom dette hadde vore sant.
I mange år har det i mediadebatten vore vanlig å forvrenge samiske krav, for deretter å polemisere mot krav som aldri har vore stilt. Eit kjent eksempel er påstanden om at samar vil ha eigen stat. Eg bare konstaterer at kronikken, tilsikta eller ikkje, føyer seg godt inn i denne tradisjonen.
Dersom forfattarane meiner kritikken min her er feil, vil eg tru dei kan få spalteplass til å forsvare seg. Dersom dei innser at dei har framstilt krava galt, bør dei vere ærlige nok til å innrømme det.
Til sist vil eg seie at kronikken er eit godt eksempel på behovet for meir opplysning om samiske forhold. Her har Klassekampen ei stor oppgåve.
Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie
Til hovedsida.