Svein Lund:
4 timars venting på Evenes. Vi bannar SAS opp og ned for feil i flyrutetabellen, og går i kafeen for å finne noko lesestoff. «Cats» med de nakne kvinnene som gir deg alt. «Aktuell krim» med gratis kokain (!!) og elevene som viste nakenbilder av rektors kone (Heia Kvinnefronten, stå på!) Supermann og VG.
Men sjå — kva er det? «Årbok 1983. Iina ja biras Sámiid Searvi — Hinnøya og omegn Sameforening. 50 kr. Ikkje noko billigsal akkurat, men la gå.
Språket i årboka er prega av den situasjonen dei fleste samane her står i. Dei har aldri lært å skrive og lese morsmålet sitt, mange unge har heller ikkje lært å snakke det. Derfor står det aller meste på norsk, men her er og fleire artiklar på samisk, skrive på Skånland-dialekt, som det ikkje er ofte å sjå på trykk. Her er og stoff om samiske dialektar og den lokale dialekta spesielt.
Som i alle årbøker er det mye lokalhistorie. Noko er nok mest av interesse for folk med tilknytning til området, men bl.a. den lange artikkelen «Der eg vaks opp i ei samebygd» av Čoardda Mávdnu (Magne Einejord) fortel levande om ei nær fortid som vi alle burde vite meir om, både samar og nordmenn.
Som ein raud tråd gjennom årboka går det at nå må dei samiske områda utafor Indre Finnmark få sin rettmessige plass.
etter at vi lærte om
sentralisering
begynte vi å legge
alle betydningsfulle
samiske institusjoner
til Kautokeino og Karasjok
Vi blir nok belønnet
med gode karakterer fra storsamfunnet
siden vi er blitt så flinke
at vi hjelper til
med å innskrenke det samiske
området.
Vi skulle og ha nemnt barnesidene, intervjuet med samen frå Gratangen i Troms som var NVE-ingeniør og hoppa av i Alta-kampen, og mye mer. Men nå kjem flyet og snart er det: - Avgang SK 374 til Tromsø og Alta. Vi raskar sammen mens vi tenker: Ka tid skal vi få høre: — SK golbma-čieža-njeallje Romssas Álaheddjui...? SL
Til startsida