Artikkel i Klassekampen, 25.03.1998

Ho talar prestane midt imot

Edel Hætta Eriksen har ansvaret for at samisk kultur og samiske verdiar kjem med når det norske verdigrunnlaget skal diskuterast i verdikommisjonen.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

Uansett ka vi måtte meine om Kjell Magne Bondevik, verdiane hans og praktiseringa av dei, så er dette ei historisk hending. For Verdikommisjonen skal ikkje bare sitte for seg sjølv og gruble og moralisere. Han skal sette igang ein diskusjon i folket som tvingar oss alle til å tenke over og formulere ka for verdiar vi bygger livet vårt, forholdet til andre menneske og dei politiske handlingane våre på.

Blant dei 40 medlemmane i rådet er det ein finnmarking og såvidt vi veit ein einaste same. Med sine 76 år er Edel Berit Kristine Hætta Eriksen ein av dei som har med seg mest livserfaring inn i kommisjonen. Men det betyr ikkje at ho har slutta å gjøre seg nye erfaringer. Ein skal leite lenge etter ein meir aktiv pensjonist.

Edel Hætta Eriksen

Venstre

Ved sida av Ole Henrik Magga er Hætta Eriksen trulig den mest landskjente person frå Guovdageaidnu. Mest kjent er ho trulig for arbeidet sitt for ein skole med samisk språk og innhald, noko ho har kjempa for som lærar, rektor og som direktør for Samisk Utdanningsråd. Etter ni år som pensjonist har ho langt frå trukke seg tilbake frå samfunnsdebatten.
- Eg kan bare ikkje sitte slik, ser du, seier Edel og faldar hendane i fanget ein kort augneblink. - Dat ii leat mu luondu. (Det er ikkje min natur.)
Å ramse opp alle råd og styre, kommunale, fylkeskommunale og statlige verv Edel har hatt ville sprenge rammene for ein kvar avisartikkel. Men den partipolitiske karrieren hennar var heller kort. Som kommunestyremedlem innvald på ei bygdeliste blei ho trukke med i Venstre. Der blei ho sendt på landsmøte i Sandefjord i 1969.
- Dei hadde satt opp "Samer og rein" som sak, og trudde visst at det var omtrent det samme. Da fann eg ut at eg som fastbuande same ikkje hadde noko å gjøre i eit parti som ikkje forsto meir av samane sin situasjon. Da gikk eg ut av Venstre og sidan har eg ikkje vore med i noko norsk parti.

Sjølv som pensjonist har Edel eit aktivitetsnivå som kunne ta pusten frå dei fleste. Nå vi kjem heim til ho etter avtale for intervju står huset tomt. Minuttet etter kjem ein minibuss og Edel spring ut. Ho har vore på tur i Karesuando med pensjonistforeninga. Ho er leiar for Guovdageainnu historjásearvi (Kautokeino historielag), og for Finnmark pensjonistforening. Etter at ho gikk av med pensjon har ho undervist på samiskkurs, redigert ei bok om Samisk Utdanningsråd og no skriv ho på lokal posthistorie.

Samiske verdiar

- Ka skal du gjøre i verdikommisjonen?
- Ja noko veit eg kanskje som ungdommen ikkje veit, seier Edel forsiktig. Ho er opptatt av at Verdikommisjonen ikkje skal bli eit slags isolert ekspertpanel som skal trykke verdiane sine ned over folk. Ho meiner, dei skal sette i gang diskusjonen om verdispørsmål og få folk til tenke over desse spørsmåla, få fram ka slags verdiar dei har og ønsker å bygge samfunnet på. - I lokalavisa står det at du skal fremme samiske verdiar i verdikommisjonen. - Det er ikkje så lett å formulere ka som er samiske verdiar, særlig i ei tid da mye er i endring. Det er eit spørsmål eg vonar å få hjelp til å formulere klarare i løpet av dette arbeidet. Verdikommisjonen skal blant anna arrangere lokale folkemøte, og eg ser fram til å få ein offentlig verdidebatt blant anna her i bygda og ellers i samiske lokalsamfunn. Vi har lett for å snakke om samiske verdiar, men det har ikkje alltid vore like lett å sette ord på dei. . - For meg står familieverdiane og slektskapet sentralt. Slektningar i det samiske samfunnet er ikkje bare kjernefamilien og kjødelige slektningar. Det er for eksempel fadderar. Og ungane til fadderane mine blir og slektningane mine. (Her må intervjuaren melde pass, da eg ikkje klarer å finne norske ord for ristoappát og ristvieljat.) Eg trur den tradisjonelle samiske barneoppsedinga har verdiar som også andre bør kunne lære noko av. For det første var heile slekta med i barneoppsedinga, for det andre blei ungane mye meir med i dei vaksne si verd. Frå barndommen av lærte vi å berge oss, eg hugsar enno kor stolt eg var da eg i 5 - 6-ås alderen fikk ansvaret for å lage bål og koke kaffe når vi plukka moltebær. Sjølvtilliten vaks på det. Da var det ingen som fordømte det som barnearbeid.
- Du snakkar om familieverdiar. Det samme gjør KrF. Er det nokon einskap mellom samiske familieverdiar og KrF-politikken?
- På overflata er det nok det, men eg er ikkje sikker på at vi er samde om alt. Blant anna har kvinnene hatt ei sterk stilling i det samiske samfunnet. For meg blir Verdikommisjonen og eit møte mellom samiske og norske verdiar. Vi må lære å anerkjenne kvarandre sin kultur og verdiar, og lære av kvarandre. Til no har det vore eit einvegskjør, vi har blitt påprakka den norske kulturen. Derfor ser vi kanskje lett bare det negative i han, vi må opne for det positive og. Mens nordmennene har stort sett kunna unngå den samiske kulturen, eller har opplevt han som ein eksotisk turistattraksjon.
- Trur du at Verdikommisjonen få stor innverknad på politikken i Noreg?
- Nei, eg trur knapt at kommisjonen får styre politikken. I politikken er det heller egoismen enn verdiane som rår.

Presten midt imot

Guovdageaidnu har blitt ein sentral arena for striden i kyrkja, blant anna i homofilispørsmålet. Den lokale soknepresten har lenge markert seg som svært ortodoks i fleire spørsmål, som motstand mot kvinnelige prestar og mot å akseptere homofile. I fjor erta han på seg både kyrkje og stat gjennom vigslinga av Børre Knudsen til biskop i Strandebarm prosti, og i lag med fleire andre prestar er han no truga av avskilssak. I det nyvalde menighetsrådet i Guovdageaidnu har presten hatt stor støtte, og få har våga å gå ope imot han. Ein av dei få som har gjort dette i media er Edel Hætta Eriksen.
- Ka for reaksjonar har du fått i bygda på at du har stått fram og snakka presten midt imot?
- Mange har ringt til meg og sagt dei støttar meg, og at det var bra eg sto fram. Sjølv har dei ikkje torda. Mange har slektningar som stør strandebarmarane, og dei ønsker ikkje å lage splid i slekta. Å snakke presten midt i mot er heller ikkje vanlig her i bygda, der presten tradisjonelt har hatt ei svært høg stilling. Knapt nokon har snakka presten midt imot sidan Guovdageaidnu-opprret i 1852, og det var ei hending som sette preg på bygda i mange generasjonar etterpå. Når vi som barn spurte om ka det var som skjedde i 1852, var det bare hysj-hysj. Sjølv når ein i dag skal lage film om opprøret er det dei som meiner at ein bør la forfedrene sine synder få vere i fred, fortel Hætta Eriksen.
11852 gikk læstadianarar til åtak på autoritetane, drap handelsmannen og lensmannen, banka opp presten og tente på prestegarden. Opprøret blei slått kraftig ned, to blei henretta og fleire dømde til lange fengselsstraffar.
- Folk kjente seg skuldige. Presten var den aller høgste autoriteten. Dette har påvirka oss heilt til i dag, gjort at folk kjente seg underlegne og ikkje torde å seie frå. Derfor blei eg så sint da Børre Knudsen sa at dei hadde lagt bispevigslinga til Guovdageaidnu fordi samane var så lette å samarbeide med. Er det slik at fordi vi har blitt underkua før så skal ein kunne fortsette å tråkke på oss?
- Ka slags samanhang er det i dag mellom læstadianismen og strandebarmarane?
- Det er læstadianarar på begge sider i denne striden. Om ein går eit tiår tilbake i tida var her eit samla kristent miljø. Ein gikk på læstadianske forsamlingar, i kyrkja eller på pinsevennene sine møte utan særlig tanke på anna enn at det var gudsord. Så kom kløyvinga i den læstadianske rørsla hit, fundamentalistane eller lyngenlæstadianarane sette seg til domarar over folk og hadde ei skremmande fordøming av alle som ikkje delte synet deira i eitt og alt. Slik var og Soknepresten her, så dei fann kvarandre.

Auge å sjå med

Det er ikkje rett å dømme andre menneske som syndige, seier Edel.
- Det blir lett ein dobbeltmoral ut av det. Eg hugsar da forplantingslæra kom inn i skolen. Ein del foreldre protesterte kraftig, mange av dei hadde sjølve fått barn utafor ekteskap. Her har lenge vore ein konflikt mellom to moralsyn eller menneskesyn, det ekskluderande og det inkluderande. Det ser ein for eksempel på arbeidet med slektsgransking, seier ho, og fortel om da presten Schytte-Blix for omlag 20 år sidan skulle skrive slektsboka for Karasjok. Først hadde han utelukka alle barn fødde utafor ekteskap. Dei skulle ikkje få vere med i det heile, som om dei ikkje var menneske. Eg satt da i Norsk Kulturråd og var med på å behandle søknaden om økonomisk støtte til å gi ut denne boka. Eg sa at om dokker utelukkar dei som er fødde utafor ekteskap, så kan eg ikkje gå inn for at boka skal få støtte. Det endte med at alle fikk komme med og boka fikk statsstøtte. Til samanlikning har ein her i bygda sett det som sjølvsagt at alle skal vere med i slektsboka og fedrene er oppgitt så sant ikkje mødrene har nekta å opplyse kem faren er.

Edel seier ho er skremt over kor blinde og innsnevra nokre kan vere. Ei i menighetsrådet sa til ho at her i bygda har vi ikkje homofile. Ho måte spørre om dei ikkje hadde auge å sjå med.
Den underkuinga som samane har vore utsett for har slått over i ei sjølvunderkuing. Gjennom misjonærane blei vi lært at joik var synd, og lenge var det som kjent forbode å joike i skolen i Guvdageaidnu. Ein gong var det eit foreldremøte som. fordømte joiken. Nokre av foreldra hadde småungar med på møtet og plutselig sette ein femåring i gang med ein joik! Kor hadde han lært å joike, om ikkje i familien? Og da det i 1972 for første gong var ein offentlig joikekonsert i bygda, kunne ein blant publikum finne mange av dei som kort tid føre hadde fordømt den syndige joiken.

Rett til vatn og land

På veggen finn vi eit innramma brev dokumentet som attesterer at Edel i 1963 har fått godkjent reinmerke. Men i 1978 kom den nye reindriftsloven som fjerna fastbuande sin rett til å ha rein. Da måtte Edel og familien hennar slakte reinen sin, og i dag er reinmerket ikkje anna enn på veggen og minne om ei tid som er forbi.
- Før hadde alle fastbuande rein, både som kjørerein og til slakt. Kvar familie hadde eige område på vidda der dei fiska, plukka moltebær og hogg ved. Lokalbefolkninga respekterte det og heldt seg unna andre sine område. Turistane, derimot, spring gjerne rett opp i nesa på deg mens du plukkar moltebær og seier at myra er fri for alle. Men kjørereinen blei tatt frå oss, og da skuter og firehjulssyklar overtok fikk vi heller ikkje samme rett som reindriftssamane til å bruke disse kjøretøya, seier Edet Hætta Eriksen.

Etterskrift desember 2003

Verdikommisjonen er no forlengst avvikla, men arbeidet til Edel har fortsatt. Hausten 2003 kom det ut ei bok om samiske verdiar som ho har redigert. Ho heiter "Árvvut - Árvo - Vierhtie - Samiske verdier" og kan kjøpast frå forlaget Davvi Girji.

Til startsida

sveilund@online.no