Bokmelding skrive november 1996. Sendt Skolefokus, er ikkje sikker på om ho blei prenta

Våg å snakke!

Er det noko meining å skrive i Skolefokus om ei bok i eit fag som nokre få promille av skoleelevane i Noreg les? Ja, for denne boka har noko å seie til langt fleire enn dei som underviser i faget "samisk som andrespråk". Gjennom over hundre år gjorde styresmaktene her i landet sitt beste for å utrydde det samiske språket. Dei klarte det ikkje overalt, men dei var nær ved. I dag er samisk erstatta av norsk som dagligspråk over det aller meste av området der samane bur, frå Engerdal i sør til Nordkapp i nord og Sør-Varanger i aust. På 60- og 70-talet sto kampen om samisktalande elevar sin rett til opplæring i og på samisk. Dei mange samane som hadde mista språket gjennom fornorskingsprosessen blei det gjort lite for.

Men i dag er det fleire som les samisk som 2. språk enn som 1. språk. Andrespråksundervisninga har likevel i liten grad klart å snu fornorskinga og gjøre elevane til aktive språkbrukarar. Samisken har sjeldan bevega seg ut av klasserommet og ut i livet. Det er dette Samisk Utdanningsråd no ønsker å gjøre noko med, bl.a. gjennom boka "Duostta hupmat / Våg å snakke - Kommunikativ metode i språkopplæringa". Ikkje bare tittelen, men og heile boka er på to språk. Ein kan snu ho att fram og heile tida ha forsida opp. Ei bok på norsk, ei på (nord)samisk innafor to permar.

Boka bygger på dei røynslene som er gjort med revitalisering av truga språk, det er ikkje fjerne teoretikarar som skriv, men lærarar som fortel om sine eigne metodar, frå barnehage i lulesamisk område, frå grunnskolen i Sør-Troms og frå vaksenopplæring på Samisk Høgskole i Guovdageaidnu. Dei siste åra har Samisk Utdanningsråd og Samisk Høgskole lagt stor vekt på å lære av andre minoritetsgrupper og ein har her fått plass til røynsler frå Wales, eit av dei landa som har kome lengst i revitalisering av eit språk som ein frykta var på veg å dø ut.

Det er Emyr Davies frå Trinity College i Wales som opnar med "Noen sider ved språkundervisning sett fra et walisisk perspektiv". I denne artikkelen er det både teoretiske perspektiv og praktiske løysingar som med fordel kan takas i bruk i skolen, ikkje bare i samiskundervsininga, men og i engelsk og andre framandspråk, samt i norsk som andrespråk. Jon Todal, lærar i norsk og tospråkligheitspedagogikk ved Samisk Høgskole trekker linjene "Frå Cymru (Wales) til Sápmi" og syner ka slags lærdommar vi kan overføre.

I Tysfjord i Nordland var lulesamisk i ferd med å bli eit språk bare dei godt vaksne snakka, men gjennom barnehagen Vuonak sámemána har dei no klart å snu utviklinga og fått ungane til å bli aktivt samiskspråklige. Ei av drivkreftene bak dette har vore Anne Kalstad Mikkelsen, og kapitlet hennar om "Barna fra fjordene" er ei fantastisk historie om at det nyttar å berge språket når foreldre og barnehagepersonale går saman og stå på for det dei trur på.

Asbjørg Skåden frå Skånland i Sør-Troms, no leiar av Samisk Utdanningsråd, har sidan 1987 stått i spissen for gjenreising av samisk språk i kommunen, gjennom barnehage og skole. Her skriv ho først og fremst om kordan dei har knytta språk og kultur saman og nytta eldre folk som kjelder i arbeidet med ei undervisning som bygger på den lokale samiske dialekten og dei lokale tradisjonane. Den mest direkte matnyttige delen er kanskje Anni Sara og Edel Hætta Eriksen sin artikkel "Å ta språket tilbake - Begrunnet forslag til kursplan for voksne". Edel Hætta Eriksen er no 75 år og var den første direktøren for Samisk Utdanningsråd. Her syner ho at ho fortsatt i høgaste grad er oppegåande og framleis har mye å bidra med.

Som ein raud tråd gjennom heile boka går tittelen "Våg å snakke". Språkundervisninga så langt, både i samisk og framandspråk, har i stor grad bare fått fram elevar som kan uttrykke seg skriftlig og i skolesituasjonen. No er målet noko heilt anna, elevane skal bli aktive samiske språkbrukarar i sine eige lokalsamfunn, kanskje skifte dagligspråk i omgang med folk dei alltid har vore vant med å snakke norsk med. Dei skal kunne snakke med bestemor på språket hennar, det språket foreldra aldri fikk lære. Det er ei gigantisk utfordring, og denne boka er ei god hjelp på vegen. Så ventar vi bare på nokre fleire gode lærebøker, der er det enno mye igjen å gjøre.

Svein Lund

Og boka kostar bare 100 kr. og kan bestillas frå Samisk Utdanningsråd, 9520 Guovdageaidnu


Til hovudsida.