Artikkel i Klassekampen 26.11.1993
Vil leite diamantar på vidda
Nytt gruveselskap vil leite etter gull og diamantar på Finnmarksvidda. Sametinget protesterer
Av SVEIN LUND, GUOVDAGEAIDNU og
THOMAS VERMES
No vil også det multinasjonale gruveselskapet Ashton Mining inn på Finnmarksvidda for å leite etter diamantar. Det går fram av eit brev til Finnmark Jordsalgskontor frå hovudkvarteret til selskapet i Australia, datert 4. november. Brevet varslar at ein søknad om tillatelse til å leite etter diamantar i Finnmark vil bli sendt tidleg i desember.
Mot ny Altakamp?
Ashton Mining har alt leiteverksemd i gang på Kolahalvøya. I brevet til Jordsalgskontoret lovar direktør Peter Gregory å ta omsyn til miljø og samiske interesser når dei startar arbeidet i Finnmark. Men frå samisk side har leiteløyvet som frå før er gitt til eit anna multinasjonalt selskap, RioTinto Zink (RTZ), vekt raseri.
RTZs norske dotterselskap Rio Holdning Norway (RHN) har fått løyve til å leite ikkje berre etter diamantar, men også gull. Det skjedde utan at Sametinget blei spurd. Mineralleitinga brygger no opp til å bli 90-åras Alta-kamp.
- Vi vil vurdere å gi tillatelse til Ashton Mining. Sametinget vedtok onsdag å be om at løyvet til RHN blir trekt tilbake. Det vil bli vanskeleg sidan løyve allereie er gitt. Skal ein få omgjort vedtaket, må nokon påvise feil i sakshandsaminga. Men landbruksminister Gunhild Øyangen har gått ut med støtte til handsaminga av saka, seier Gaute Henriksen, nestleiar ved Finnmark Jordsalgskontor i Vadsø til Klassekampen.
- Vil ein søknad frå Ashton Mining bli lagt fram for Sametinget før vedtak blir gjort i den saka ?
- Meiner Sametinget at dei generelt er imot diamantleiting veit vi jo ka deira syn er, seier Henriksen,
Vil ha einerett
I august ga Jordsalgskontoret RHN løyve til å leite etter diamantar i 80 prosent av Finnmark. Seinere søkte RHN om einerett til slik leiting i 10 Finnmarkskommunar. Den søknaden blir behandla av Jordsalgsstyret 9. desember.
Samstundes reknar Henriksen med at vedtaket i Sametinget vil bli tatt opp til diskusjon.
Det var i byrjinga av september at pressa byrja å få snusen i at noko var på gang.
Det som først kom fram seinare, var at Jordsalgskontoret allereie-23. august hadde gitt RHN leiteløyve. Løyvet gjeld til utgangen av 1996.
Som i Altasaka blir lokalbefolkninga og samiske interesser overkøyrt. Løyvet var gitt utan at saka var sendt på høring nokon stad, verken til kommunane, fylkestinget eller Sametinget. Løyvet blei gitt av jordsalgssjefen. Seinere gikk jordsalgsstyret, der fylkesmann Svein Alsaker er leiar,
god for det på styremøte 4. november.
Traktor på vidda?
- Leiteløyvet er nærast ein formalitet. Det skal svært sterke grunnar til for å avslå det. Einerett, derimot er ei anna sak. Det spørsmålet har vi derfor bede kommunane uttale seg om. Etter at vi blei bedne om det, har vi og sendt saka Sametinget, seier jordsalgssjef Olav Joki til Klassekampen.
Så langt har berre Kárášjohka og Guovdageaidnu kommunar i likhet med Sametinget gått klart mot all leiting.
- Betyr leiteløyvet at RHN no kan sette igang å kjøre innover vidda med beltebil og sette i gang å bore? :
- Nei. Det vi har gitt løyve til, er ressurskartlegging. I første omgang vil dei ikkje grave direkte etter diamantar, men kartlegge moglege diamantførande bergartar. Rio Tinto er eit av dei få selskap i verda som har instrument til å gjøre det utan å grave og bore. I hovedsak vil dei bruke helikopter, seier Joki.
- Skal dei kjøre ut i marka, må dei på vanlig vis søke miljøkontoret i kvar kommune om dispensasjon frå lov om motorferdsel i utmark. Skal dei bore må dei søke etter bygningslova og eventuelt kulturminnelova, legg Joki til.
Mistanke om gull
RHN har og søkt og fått mutingsløyve på 18.000 dekar gull- og kopparholdig fjell Kárášjohka. Muting vil seie fortrinnsrett til å utvinne mineralar innan eit avgrensa område.
Bergverksloven seier at "enhver har rett til...å søke etter, mute og få utmål på forekomster av mutbare mineraler på egen eller andres grunn." Mutingsløyve gir Bergmesteren i Trondheim utan nokon form for høring. Den som får løyve må betale ein årleg avgift.
Men det er og mistanke om at selskap som leiter etter diamantar samstundes kan gull i tankane. Finn dei eit interessant område, kan dei søke om mutingsløyve der.
Sametinget krever at tillatelsen trekkes
Tillatelsen selskapet Rio Tinto Zink har fatt til å lete etter diamanter over 80 prosent av Finnmarks arealer, avdekker svikt i sentralmyndighetenes forpliktelser overfor samene som urbefolkning. Det mener Sametinget, som onsdag fattet en meget skarp uttalelse om det som har skjedd. Sametinget krever at tillatelsen trekkes tilbake, og at selskapets søknad om enerett til å lete, avslås.
Regjeringa lovet på et møte etter Altakampen, 17. februar 1981, følgende: "Det vil ikke frå Regjeringens side bli tatt initiativ til større inngrep i naturområdene på Finnmarksvidda utover den begrensede utbygging av Altaelva - før Samerettsutualget har avsluttet sitt arbeid med rettighetsspørmålene." Utvalget har ikke avslutta sitt arbeid. Likevel er det gitt tillatelse til Rio Tinto til noe som kan få ødeleggende virkninger for store naturområder i Finnmark.
Sametinget påpeker at sameloven henstiller til alle offentlige organer om uoppfordet å gi Sametinget anledning til å uttale seg før de treffer avgjørelse i saker på Sametingets arbeidsområde. I et brev av september hevder Statskog Finnmark (forvaltningsorgan for statens grunneierrettigheter i Finnmark) at det kreves regelendring dersom Sametinget skal gjøres til høringsinstans i slike saker.
«Det skulle være unødvendig å forklare norsk lov for et forvaltningsorgan», bemerka Sametinget syrlig.
Arbeiderpartigruppa ville ikke være med på uttalelsen. Men Steinar Pedersen, statssekretær inntil nylig, også inn for å trekke tilbake leiterettighetene. «Sametinget konstaterer at rutinene for Sametingets høringsrett må bli bedre i bergverkssaker», heter det i det adskillig forsiktigere mindretallsforslaget til uttalelse.
Til startsida
sveilund@online.no