Reportasje i Klassekampen frå landsmøte i Norske samers riksforbund, 05.07.1986

Det store landåmet

«Det egentlige Finmarken har nemlig fra gammel Tid af været betraktet som tilhørende Kongen eller Staten, fordi det oprindelig kun var beboet af et Nornadefolk, Lapperne uden faste Boliger.» Slik grunnga i 1848 Finansdepartementet staten sin rett til jorda i Finnmark,det som den dag i dag heiter «Statens umatrikulerte grunn».

Av Svein Lund, Gáivuotna (Kåfjord)

Steinar Pedersen, historikar og nestleiar i NSR, plukka frå kvarandre staten sin påståtte eigedomsrett i eit foredrag han kalla «Kritisk betraktning over det historiske grunnlag staten bygger sin eiendomsrett på i samiske områder», halde på NSR-landsmøtet i Gáivuotna (Kåfjord) sist helg. Pedersen viste at tvert imot den oppfatninga som er gjeldande i statsapparatet i dag, har samane sin eigedomsrett til bruksområda sine i stor grad vore anerkjente fram til 1800-talet. Mellom anna viste han til at samane i Nord.Troms innkasserte jordleige av norske som holdt til på deira område.
Ved grensetrekkinga i 1751 mellom Norge-Danmark og Sverige-Finland om kor grensa skulle gå blei det lagt avgjørande vekt på samane sin bruk av området. Har så samane etter 1761 gjennom avtale overdratt sin rett til staten, eller har det skjedd ein ekspropriasjon der samane er tilkjent erstatning? Dette må samerettesutvalet kunne svare på, sa Pedersen, og hevda at om ein ikkje kan vise til noko slik overføring, er det fortsatt samane og ikkje den norske staten som har den juridiske retten til jorda i Finnmark.

Jordlovgivinga

I 1826 ga Finansdepartementet ut ein oversikt over staten sine eigedommar i heile landet. Der er det einaste som er rekna som statseigedom i Finnmark «nogle øer og engesletter i Vest-Finnmarken», og 6 år etter blei disse solgt til private. I 1843 slår Finansdepartementet fast at det ikkje er statseigedom igjen i Finnmark, mens alt 5 år etterpå hevdar dei så at heile fylket er statseigedom. Denne bløffen har så vore grunnlag for all seinare lovgiving.

Kolonisering

«Finmarken har derfor fra de ældste tider været betraktet som en Colonie.», heter det i omtalte skrift frå 1848. I dag er det ikkje så populært å snakke om Finnmark som koloni, kanskje fordi der er eit offisielt norsk syn å vere mot kolonialisme og at koloniserte land skal ha rett til å styre seg sjølv. Historia om den norske koloniseringa er og lite kjent.

Frå siste halvdel av 1800-tallet blei mange samiske bønder fordreve frå jord mens norske «nybyggarar» kom inn. I reglement til jordlova av 1902 heiter det: «Afhændelse maa kun skje til norske Statsborgere og under særligt Hensyn til at fremme Bosettelsen af en for Districtet, dets opdyrkning og øvrige Nyttegjørelse skikket Befolkning, som kan tale, læse og skrive det norske Sprog og benytter dette til daglig bruk.»
I Landbruksdirektøren sine forarbeider til lova kjem rasismen enno klarare fram: «Det sikreste og mest hensiktssvarende vil her være uden videre at kreve at Ansøgeren skal være af norsk Herkomst.» I 1906 sa den første samiske stortingsmann Isak Saba: "Vil ikke gresset vokse like bra på enga, om man taler norsk eller samisk? Holder det ikke med at samene må kjøpe den jord som fra gammelt av har vært deres egen?» Denne rasistiske lova blei ikkje oppheva før i 1965, og enno ser vi følgane av at bøndene blei tvinga til å ta norske namn: blant Karasjok-representantane på NSR-landsmøtet fann vi Nystad, Stueng, Grønmo og Skoglund.

Jordsalslova bygger på løgn

- Vårt spørsmål til samrettsutvalet må vere korleis ein har tenkt å belyse denne maktarrogansen frå staten si side, og kva for kortsiktige og langsiktige virkningar denne nedverdigande politikken fikk, sa Steinar Pedersen, og avslutta slik:
- Når det eventuelt igjen lagas ein ny lov om Finnmarksjorda etter at samerettsutvalet har behandla spørsmålet, håper vi at vi slipp å lese det samme som vi leste i forarbeida til den någjeldande jordsalslova av 1965; nemlig at «Så langt tilbake som den norske soge vet å berette, var all jord og grunn i det egentlige Finnmark betraktet som statens eigendom.»
Det er nemlig ei institusjonalisert løgn, som verken samane eller det norske samfunnet kan fortsette å leve med. Denne løgnen har bare vore mogleg fordi staten har makt til å forvalte ikkje bare samane sine rettar, men og samane si historie mellom anna på det jordrettslege området.

Til å stole på?

Forholdet mellom statsmakta og dei samiske organisasjonane har dei siste åra gjennomgått ei merkeleg utvikling. I 1980 vedtok Norske Samers Riksforbund (NSR) å kutte ut all kontakt med styresmaktene på grunn av behandlinga av Altautbygginga. Samenes Landsforbund (SLF) blei starta sist på sytti-talet med føremål å vise lydnad og respekt for Kongen og statsmakta. På landsmøtet sitt i år fjerna SLF «kongeparagrafen», og trugar med boykott av Sametinget. NSR, derimot har fått eit stadig bedre forhold til statsapparatet.

På årets landsmøte sto justisminister Helen Bøsterud og NSR-leiar Ragnhild Nystad begge opp og slo fast at tidligare tiders assimileringspolltikk nå var definitivt forlatt. Men denne påstanden var det ikkje alle som ville vere med på.
- Dette har vi hørt før, sa Olaf Hansen frå Deatnu (Tana). - Det sa dei alt i 1959, da Samekomiteen si innstilling kom. Men kva har vi sett i praksis? Frå 1965 til 1978 kjørte eg skolebussen i Tana. I 1965 snakka alle ungane samisk til meg, i 1978 snakka alle til meg på norsk. Så det er ikkje nok med store ord.

At velvilja for arbeid for samiske interesser ikkje strekker seg lenger enn til pengeboka fikk vi tydelig demonstrert ved hilsingstalen til Mary Mikalsen, medlem av Norsk Sameråd og Samisk Kulturutval. Ho meinte det var totalt økonomisk uansvarlig å foreslå 6 lønna stillingar i NSR, og viste bl.a. til at Samisk Kulturutval bare hadde 3 stillingar !

Vi små sjøfinna

- Det e vi som våkne opp nå, vi små sjøfinna fra fjordan. Berre vent! Slik sa forfattaren John Gustavsen i eit dikt han leste til NSR-landsmøtet. Diktet passa i alle fall godt på kommunen der Norske Samers Riksforbund holdt sitt årsmøte i år; Kåfjord i Troms, på samisk Gáivuotna.

Folket i Kåfjord har vore hardt utsatt for både fornorskingspress og trugsmål mot livsgrunnlaget. Alt i 1790 la prosten i Tromsø fram ein plan for å utrydde det samiske språket «på Karlsøe, Lyngen og Scherføe». Så blei fattige foreldre belønna med mat og klede for å sende ungane til fornorsking i skolen, og lærarane fikk lønna si gjort avhengig av innsatsen i fornorskingsarbeidet.

Når fjorden har blitt tømt for fisk, og dei tradisjonelle kombinasjonsnæringane ikkje har fått statsstøtte, har det ikkje vore for lett å livberge seg i Kåfjord. Ein har ikkje akkurat hatt styresmaktene på si side. 11920-åra slo lagmannsretten i Tromsø fast at folket i Manndalen i Kåfjord hørte til ein lågareståande rase og etter krigen måtte del vente til 1948 før del fikk starte gjenreisinga. 200 års tvangsfornorsking har ført til resultat: Nå er det bare 3,6 prosent av skoleelevane i Kåfjord som snakkar samisk, mot 26,8 prosent av foreldra og 38,4 prosent av besteforeldra.

Men no synes mange det har fått for vidt. I 1977 starta dei Olmmáivággi Sámiid Searvi (Manndalen sameforening), seinare utvida til heile kommunen med namnet Gáivuona Sámiid Searvi. Foreninga har nå godt over 100 medlemmar, av eit innbyggartal på under 3000 i kommunen, og er av dei største i NSR, fortel øivind Mikalsen, som på dette landsmøtet blei valt inn i styret for NSR. Han er sjølv frå Manndalen der han nå arbeider som lærar. Det er mest ungdom som har vore drivande i sameforeninga, først den siste tida har del eldre byrja å komme med. I fleire år jobba dei for å få Kåfjord inn under ormådet til Samisk Utviklingsfond. Frå og med 1984 kom deler av kommunen med i omådet til utviklingsfondet og både for 1984 og -88 var Kåfjord den kommunen som fikk mest støtte frå Samisk Utviklingsfond. Støtta gjekk til jordbruk, fiske, oppdrett og husflid.

Husflidsproduksjonen i Manndalen er forresten noko for seg sjølv. Manndalen husflidslag lagar og sel dei berømte Manndalsgrenene. Grener, eller ránut på samisk, er tepper som blir vevde på ein spesiell grenevev. Det er ein gamal samisk tradisjon, men det er bare i Manndalen at han har holdt seg opp mot vår tid, og herifra spreier han seg nå utover igjen. Samisk i skolen har vore ei av dei viktigaste sakene dei har jobba med, fortel øivind Mikalsen. Dei har nå tilbod om samisk valfag på to skolar, men det er vanskelig å få kvalifiserte lærarar. I fjor fikk bare halvparten av dei som ville samisk, grunna lærarmangel. Den siste tida har del mest jobba med å organisere NSR-landsmøtet, noko dei greide nær perfekt med mobilisering av folk og hus i tre bygder, samt Lyngenferga.


Til startsida

sveilund@online.no