Debattinnlegg sendt aviser i Finnmark og Troms 13.02.2008, prenta bl.a. i Finnmark Dagblad 16.02.2008

Den demokratiske og den etniske ide

Ein gjengangar i kritikken av sameretten, Finnmarkslova og Sametinget har vore at det er udemokratisk at eit mindretal skal ha noko form for særrettar, anten det er retten til reindrift eller retten til å ha eigen representasjon i forvaltningsorgan som Finnmarkseiendommen.

I følge kritikarane finst det ein demokratisk ide, som er ideell og perfekt, der kvar person har ei røyst og der ingen blir diskriminert, da alle har dei samme rettane. Opp mot denne står så "den etniske ide". Ut frå ideen om det ideelle demokrati blir den etniske ideen udemokratisk, fordi nokre rettar er knytta til spesielle etniske grupper. Bare det å organisere seg i eigne organisasjonar på etnisk grunnlag blir sett på som diskriminerande mot dei som ikkje får vere med, f.eks. i foreningar for samar, kvenar, taterar eller innvandrarar av forskjellige nasjonalitetar.

Om ein gjør dette til eit abstrakt prinsipp, vil sjølve eksistensen av Sametinget bli like udemokratisk som apartheidstyret i Sør-Afrika eller den jødiske staten Israel. Logikken er enkel, og tilsynelatande uangripelig. Men er det så enkelt?
Det norske Stortinget har på demokratisk vis bl. a. gjort følgande vedtak:
- Jødar og jesuittar er nekta adgang til riket (Grunnlova av 1814)
- All undervisning i Noreg skal foregå på norsk. Det er forbode å bruke minoritetsspråk i skolen. (Gyldig ca. 1880-1959)
- Tvangsinternering og sterilisering av reisande (taterar).
- Lovforbod mot homofili (Gyldig til 1960-talet)
- Utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget med tilhørande bruk av politimakt.
Alle desse vedtaka blei fatta av eit norsktalande og norskkulturelt, heterofilt, kristent og fastbuande demokratisk fleirtal. (Alle innbyggarar hadde ikkje røysterett da dei aller første vedtaka blei gjort, men ingenting tyder på at det blei noko betre da det blei allmenn røysterett.)

Desse eksempla burde vere nok til å sjå at også demokratiske organ vald etter prinsippet "ein person - ei røyst" kan begå overgrep og at det er behov for eit lovverk som sikrar rettane til minoritetane, anten det er etniske, språklige, seksuelle eller religiøse minoritetar. Fullstendig likebehandling på individuelt nivå kan i praksis vere diskriminering. Kva er for eksempel likebehandling - at alle elevar får undervisninga si på norsk eller at alle får ho på morsmålet?

Derfor har da også FN med underorganisasjonar satt opp eit internasjonalt folkerettslig regelverk som skal verne minoritetar mot overgrep frå statsmaktene, anten desse er demokratisk valde eller ikkje. Dette regelverket er langt frå perfekt, ikkje minst fordi mange statar ikkje ønsker å godta avgrensingar på makta deira til å behandle eigne borgarar som dei vil. Eller med andre ord, dei ønsker ingen innskrenkingar i "den demokratiske ide".

"Den etniske ide" er ikkje noko nytt. Så langt tilbake vi kjenner menneska si historie, har folk samla seg i grupper, stammer, folkeslag eller nasjonar, bygd på felles språk, kultur, tru eller opphav. I møte med andre grupper har dei blitt bevisste kva som skil dei frå andre, kva som er deira eige felles grunnlag. Nokre grupper var små, andre større og dei herskande i dei større gruppene ønska å utvide maktgrunnlaget sitt med å utvide si eiga etniske gruppe. Slik erobra dei land frå nabofolka, innlemma folka der i sin eigen stat og byrja å omforme dei i sitt bilete. Eit nærliggande eksempel er Danmark, som i løpet av 1400-talet la under seg Noreg og gjorde dansk til einaste skriftspråk i landet. Liknande historier kjenner vi frå europeiske land si kolonisering rundt heile verda, men også i Europa. Vi kan nemne Irland, Baskerland, Wales, Bretagne, Tsjetsjenia.

I alle desse tilfella organiserte dei underkua folka seg og krevde retten til å opprettholde og utvikle eigen kultur, språk, religion osv. Ofte krevde dei og sjølvstyre; anten som eigne statar eller indre sjølvstyre med vern av eige språk og eigen kultur.

Korleis omtalte så dei styrande i kolonimaktene / dei dominerande statane dei som gjorde motstand mot at eit folk skulle underleggast eit anna folk, ein anna kultur og eit anna språk? Jo, som opprørarar, ekstremistar og terroristar.

På samme måte har dei som har kjempa for samiske rettar blitt kalt ekstremistar, nasjonalistar, sjåvinistar. Dei har vekselvis blitt utskjelt som fascistar og kommunistar, etter kva som i dei forskjellige miljøa virka som dei sterkaste skjellsorda. Dei har blitt framstilt som agentar for framande statar, etter tur Sverige, Finland og Russland / Sovjetunionen. Dette har igjen blitt aktualisert i år, med uttrykk som "ekstrem, etnisk sjåvinisme" om Norske Samers Riksforbund, Sametinget og Samerådet, "ondskapens evangelium" osv. osv.

Kritikarane meiner dei vanlige demokratiske organa; kommunestyre, fylkesting og storting, kan ta seg av også samiske interesser. Vi har allereie nemnt nokre av dei demokratiske vedtaka til det norske Stortinget. Ei liknande liste kunne vere laga for Finnmark fylkesting, denne ville bl.a. inneholde forsøk på å hindre opprettinga av samisk gymnas og støtte til Altautbygginga.

Ut frå dette ser vi eit klart behov for lovar og institusjonar som sikrar rettane til samar, kvenar og andre minoritetar, både i Noreg og andre land. Rettane til ein etnisk minoritet kan sikrast på ein av to måtar; eit territorielt sjølvstyre for eit avgrensa landområde eller eit etnisk vald organ som har sjølvstyre over eigne kulturelle saker og medverknad i saker som gjeld både den etniske gruppa og andre innbyggarar i staten. Sidan det i Noreg er vanskelig å gjøre ei klar avgrensing av samisk område, har ein vald den andre løysinga. Ei grundig argumentasjon for denne kan ein lese på internett i referata frå framlegginga av Samerettsutvalet i Tromsø i haust:
http://www.sami.uit.no/samerett/presentasjoner/Demokrati og deltakelse.pdf
Kritikarane som nesten daglig bombarderer oss med innlegg om kor udemokratisk eksistensen av Sametinget er bør ta ein titt på dette og så svare på kva som er deira alternativ: Skal ein heller velge eit territorielt sjølvstyre eller er det dei ønsker fleirtalet sin rett til på "demokratisk" vis framleis å kunne overkjøre mindretalet?

Yngve Hågensen, Alta og Svein Lund, Guovdageaidnu


Til hovudsida.