Svein Lund:

Samane skal ha sjølvråderett

KAUTOKEINO (Klassekampen): - Samane er eit folk med sjølvråderett etter FN-konvensjonaneav 1966 om sosiale og politiske rettigheter.

Tekst og foto: SVEIN LUND

Dette seier Tomas Cramér til Klassekampen. Cramér er den jurist som har arbeida mest med samiske rettighetsspørsmål i heile tredve år. Han arbeider nå på Landsforbundet Svenska Samar og har tidlegare vore sameombudsmann i Sverige. Cramér har bl.a. forska på samanlikning av urbefolkningsrettar for samane og på Grønland, og forholda for dei små nasjonane i Norden (Færøyane, Grønland, Åland og Sameland).

— Eg ser samane som eit folk etter folkeretten, eller ein nasjon. Det gir langt større rettar enn om vi bare snakkar om ein etnisk minoritet. Vi må innse at det har vore mye kolonialisme overfor samane.

I foredraget sitt på landsmøtet til NSR trakk Cramér paralleller mellom samane og andre koloniserte folk. Både frisarane i Tyskland/Nederland og kurderane i Tyrkia/Iran/Irak er i mye av samme situasjonen. Folk som er splitta opp som minoritetar innafor fleire statar. I Bretagne seier dei: «Frankrike hadde svarte koloniar som nå er blitt frie. Feilen med oss bretonerar er at vi ikkje er svarte.» På same vis kan ein ikkje legge samane til last at dei er blitt koloniserte i Norden og ikkje i Afrika.

Stormaktene mot sjølvråderett

Innafor alle stormaktene er det minoritetar som dei ikkje vil gi sjølvråderett. Derfor har stormaktene alltid vore ei hindring for å få klare internasjonale reglar på dette området. Dei har bl.a. påropt seg den såkalte Saltvassdoktrina; at bare dei folka som er skilt frå kolonimakta med saltvatn skal ha sjølvråderett. Denne doktrina er bare eit uttrykk for maktprinsippet, og den står heller ikkje i FN-konvensjonane.

Ideen om samisk sjølvråderett er slett ikkje noko nytt. På 1700-tallet snakka juristane Pufendorf og Stampe om at eit folk blir eigarar av eit land gjennom felles bruk, og dette blei brukt i arbeidet med Lappekodisillen. På denne tida blei og samisk rett til dels tatt opp i norsk og svensk rett som ein del av denne. Den gang var størstedelen av samane og Grønland under det samme danske imperiet. På Grønland har dei nå fått veto mot ekspropriering. Dette bør også samane få.

Rasismen

Men på 1880-tallet skjedde det ei dramatisk endring i tankegang og jus. Nå kom rasismen for alvor, med måling av hovudskallar og plassering av samane som lågareståande kortskallar. Denne ideologien var utvikla av tyskarar og engelskmenn og skulle framheve akkurat trekka deira som det høgarestaande. Såkalla vitskapsmenn vulgariserte darwinismen til eit forsvar for den sterkastes rett. Ein av desse forsvararane for vulgærdarwinisme i Norge var Fritjof Nansen. I 1884 sa justitieråd Knut Olivecrona ved Svenska Hogsta Domstolen at samekulturen måtte gå under og gi plass for ein høgare sivilisasjon «vårs berettigade interessen det er Statens skyldighet at verna och virka». Dette blei brukt til å forsvare bygginga av Malmbanen Luleå—Kiruna—Narvik, gjennom samisk kjerneområde. I 1904 var det til og med snakk om å nekte samane all rett til å gå til domstolane med krav om retten til land og vatn.

Resolusjon: Samisk språk i offentlig sammenheng

NSRs landsmøte mener det er en menneskerett og et vilkår for rettssikkerheten at en uten videre får benytte sitt eget språk i møter og ved domstolene. Samisk må snarlig gjennom lov få godkjent status som offisielt språk. Dette må også innebære at samisk og norsk likestilles som rettsspråk i hele landet, også i sivile saker.


Til startsida

sveilund@online.no