Artikkel i Klassekampen 04.06.1988

Av SVEIN LUND

By-same på barrikadane

Portrettintervju Marit Myrvoll (34), Hovudsekretær Norske Samers Riksforbund

Nar vi kjem heim til Marit Myrvoll sit ho og klipper i svarte gult og raudt koftestoff.
- Å, ja, så ein travel sameaktivist har tid til litt hobbyar og?
- Ka du kalte det? Hobby! Eg skal seie deg at eg reknar det å sy kofter til ungdommen som ein like viktig del av det politiske arbeidet mitt som å skrive resolusjonar. Identitet er ikkje ein sjølvsagt ting. Det må ein jobbe med og vere bevisst på. Derfor har den samiske filmen Ofelaš (Veiviseren) så umåtelig stor verdi når det gjeld barn og ungdom og tilhørigheita deira i samisk kultur. Kor var forresten Klassekampen da Ofelaš blei nominert til Oscarprisen, for ikkje å snakke om den anmeldelsen avisa hadde av filmen?

Det var på landsmøtet til NSR i Gáivuotna (Kåfjord) i 1986 at vi for første gang merka oss ei jente i Skånland-kofte. På årsmøtefesten holdt Ole Steen Olsen, den danskfødde sekretæren til justisministeren festtale. I motsetning til dei fleste tørre byråkratar kosta han på seg litt sjølvironi, og sa bl.a. at dei i departementet hadde bestemt seg for at på NSR-landsmøtet skulle dei love samane full nasjonal sjølvråderett. Da gikk ho Marit opp på scenen og sa: Da Norge blei sjølvstendig i 1905 tok landet ein danske til konge. Eg kan ikkje garantere at vi vil gjøre det samme.
- Trur du på eit sjølvstendig Sápmi?
Det blir ei lita pause.
- Nei. Du må hugse på at samane bur i eit stort territorium delt på fire land. Vi må tenke ut i frå heile Sápmi, ikkje bare norsk side. Ut i frå historia på Nordkalotten og den politiske situasjonen i dag så ser eg det heilt urealistisk. Sápmi ligg midt i spenningsfeltet mellom aust og vest.
Ei lita pause igjen. Så legg ho til: - Men ein kan jo aldri vite. Men det er ikkje slikt ein tenker på til daglig. Nå er eg mest opptatt av korleis eg skal få tid å få ferdig disse koftene.
Så har vi begge beina på jorda igjen.

Sametinget

Det er Sametinget som står i sentrum når vi kjem inn på arbeidsplassen til Marit, NSR-kontoret i kjellaren til den gamle sjukestua l Kárášjohka. NSR har siste halvåret dreve med informasjonsmøter, informasjonsfoldarar osv. for å fortelle om Sametinget og motivere folk for å skrive seg inn i samemanntallet.
- Men er dette dokkers oppgave da? Det er jo staten som har oppretta Sametinget. Er det ikkje staten si oppgåve å informere?
- Sjølvsagt er det staten sin plikt å informere, og det blir dei og å gjøre. Men NSR ser klart at mange stader må det ei haldningsendring til før folk skriv seg inn i samemanntallet. Det skjer ikkje over natta. Derfor har NSR lagt vekt på informasjon, og opne debattmøter. Dessuten trur eg det er viktig med samiske organisasjonar sjølv om vi har fått samelov og grunnlovsfesting av samane sin status. Om vi trur at samisk kultur blir ivaretatt bare gjennom offentlige utval og institusjonar og Sameting, da er vi ferdige. Vi må aldri la oss narre til å tru at styresmaktene ordnar opp for oss. Sametinget kom jo faktisk som resultat av Altakampen, ein knallhard kamp mellom samane og den norske staten.
- Har ein oppnådd noko med å få Sameloven og Sametinget?
- NSR har i alle fall oppnådd noko. Alt på det første landsmtet i 1968 blei det stilt krav om eit representativt organ for samane. Det betyr at styresmaktene har erkjent at samane er eit eige folk, ein eigen nasjon. I følge lova har vel ikkje tinget så mye å seie. Men eg ser det som viktig at myndigheitsområdet ikkje er fastlåst. Det er ein veldig viktig diskusjon som såvidt har begynt. Målet må i alle fall vere å få styring med næringsgrunnlaget, at Sametinget kan seie ja eller nei til inngrep frå storsamfunnet, slik som kraftutbyggingar, gruvedrift, militærleirar osv. Eg tenker meg og at Sametinget forvaltar inntekter frå utnyttinga av naturen i Sápmi, slik som jakt- og fiskeavgifter.
Nå er diskusjonen i full gang om NSR skal stille lister til Sametingsvalget. Marit har klare meiningar:
- NSR må stille. Sametinget må bli ein stad for samisk politikk, ikkje for norsk partipolitikk.

Ikkje "Bures" på S-laget

Hovudsekretæren i NSR har ein noko anna bakgrunn enn dei fleste samiske aktivistar. Ho er nemlig vokst opp i ein by som ikkje er særlig samisk.
- Sjølv om eg vokste opp i Bodø, har eg og kjent meg heime i Skånland, der mor mi kjem frå. Der fikk eg tidlig oppleve markasamane sitt dobbeltliv. Du hilsa bare ikkje bures på Samvirkelaget. Der var det god dag. Ei hending glømmer eg aldri. Eg var 11 år og satt på ein krakk på kjøkkenet og blei klipt. Nokre norske var på besøk, og eg kom i skade for å bruke det samiske namnet på eit fjell der. Det blei brått pinlig stille. Eg gjorde det aldri meir.
Uansett om eg vokste opp i ein by, var verda mi delt i dážat (nordmenn, ikkje samar) og samar. Alt som 10-åring var det klart for meg at eg var same og eg tenkte ikkje på å vere noko anna. Den samiske kulturen var ein heimekultur. Eg har alltid hørt at vi var samar, men ikkje ordentlige samar slik som dei som bur i Finnmark.
Da eg var 16 år, hadde eg sommarjobb på ein gard på Evenskjær. Så lenge bonden bare hørte eg var frå Bodø var han grei. Men da han fikk høre eg stamma frå markebygda endra haldninga seg på flekken. Men eg hadde det lettare enn ungane frå markebygda. Eg kunne velge.
Men Marit valde å halde på det samiske, sjølv om det ikkje alltid var like lett.
- Da eg var 17 år skreiv eg særoppgave på gymnaset om fornorskinga av samane, Seinare gikk eg på kurs i lulesamisk og i duodji (samisk husflid). Som lærar laga eg og undervisningsopplegg om samane til bruk i skolen. Men eg jobba ikkje politisk. Eg skjønte ikkje at det kunne gå an å lage sameforening i Bodø. Det var studentar frå Finnmark på Distriktshøgskolen her som fann ut det. Og da blei eg med med ein gong. Det var i 1980.
Seinare blei det mange tillitsverv for Marit. Først leiar for sameforeninga i Bodø (Oarjje-Saltto Sámiid Searvi), seinare i Norske Samers Riksforbund, bl.a. vara til styret og leiar for Samisk Studieforbund. Og i fjor braut ho opp frå lærarjobb i Bodø, tok med seg sonen Eldar på 6 år, flytta til Kárášjohka og blei hovudsekretær i NSR.

- Korleis kunne du komme så langt?
- Det er slett ikkje langt. Denne jobben er ikkje ettertrakta, det er derfor eg har fått han. Eg var einaste søkar. Det er klart at her skulle vore nokon som kunne skikkelig samisk, både skriftlig og muntlig. Men det er ein enorm mangel på slike folk. Det er ingen god ting at breva frå NSR blir skreve bare på norsk.
- Å flytte til Kárášjohka, til det såkalla samiske kjerneområdet, var det på ein måte som å komme heim ?
- Nå spør du som bare ein dáža kan gjøre. Den samiske kulturen er mangfoldig. Min samiske kultur er i Skånland. Om du tar eit eksempel frå norsk side, kan eg tenke meg at eg i Kárášjohka er som ein austlandsbonde på Røst. Nei, det har nå vore både og. Her er ikkje bare fryd i gammen, om eg kan seie det sånn. Eg trur det må vere lettare å vere norsk her enn å vere norsktalande same.

Grave fram røtene

Marit har vore sterkt engasjert i kampen om Saltfjellet. Men Saltfjellet har ikkje bare engasjert ho som vern av vakker natur og næringsgrunnlaget til reindrifta der. Da utbyggingsplanane kom blei det satt igang leiting etter gamle samiske kulturminne. Ein har funne gammetufter frå omlag år 600. Da grov dei fram historia vår, røtene våre. Samane i Nordland har vore historielause. I dag må kvar same argumentere for sin historiske rett. Ingen krev det av nordmenn. Ka hadde nordmenn vore utan vikingekulturen? Tuftene på Saltfjellet betyr minst det samme for oss. Eg var 32 år da eg første gang sto foran tuftene på Saltfjellet. Mine røter. Forstår du ka det betyr?
- Sameaktivistar brukar ofte uttrykket "samiske verdiar. Ka legg du i samiske verdiar?
- Det er ikkje alltid så lett å seie presist. Det er ikkje noko statisk og evigvarande. Det som er samisk verdi i dag treng ikkje vere det i morgon. Vi har klart ein materiell kulturarv, men vi har og ein ikkje-materiell kulturarv. Den kjem fram i eventyr, segner og i oppsedinga av ungane. Vi har elt fellesskap i den samiske folketrua. Eg har for eksempel aldri satt spørreteikn ved lesing. Det var heilt naturlig at han Lars leste på betennelse og tannverk. Eg var godt oppe i tenåra da eg fortalte dette til den norske verda. Dei lo av meg. Eg kjenner dážat som har sett på at nokon har stoppa blod. Men dei har nekta å tru at det er ei åndelig kraft.
- Kor kjem dette frå?
- Gud har vore den samme bestandig. I dag blir det gjort i namnet til den kristne guden. Men det er bare ei form, på overflata. Dette oppsto ikkje med kristendommen, men har røter til gammal samisk religion.
Ein annan samisk verdi er måten å forvalte naturen på, å bruke naturen, ikkje forbruke han. Men det samiske samfunnet er i dag i stor grad prisgitt storsamfunnet, og den forfeila ressurspolitikken som er ført der.

Det kan vere vanskelig å sette ord på verdiane. Det er eit stort kulturelt mangfald i Sápmi. Men bevlsstheita om at du er same og tilhører eit eige folk, den har alle. Men ikkje alle samar har like stor forståing for det kulturelle mangfaldet. Det fins ein slags samisk rasisme, det skal vi ikkje nekte for. Den rettar seg mot alle som ikkje er samar, men minst like mye mot dei som ikkje er samiske nok, som ikkje er samiske på deira måte.

Ikkje bare språket

Samisk kultur er så mye meir enn språket. Eg har bevisst sagt: Ingen kan halde meg personlig ansvarlig for at ikkje eg har lært samisk som førstespråk. Eg kan heller ikkje halde foreldra mine personlig ansvarlig, for ikkje å ha lært meg samisk. Det var bare heilt umoglig i 50-åra. Fornorskingspolitikken er ikkje vårt ansvar, og vi som er offer for den skal ikkje skjemmas. Skulle ikkje eg av den grunn kunne ta på meg samekofta? Eg vokste opp med samisk som bakgrunnsspråk. Eg hørte det og lånte ein del nøkkelord og stadnamn, men sjølv om eg har studert samisk i vaksen alder, kjem eg aldri bort frå at førstespråket mitt er norsk. Språket er ein svært viktig kulturbærar, men det er ikkje alt. Skulle det vere det, ville eg vere ei livsløgn. Kem har forresten lært dei språklause sjøsamane å skjemmes over at dei ikkje kan samisk? Det er ingen dáža som har gjort det...
- Til slutt: I NSR si brosjyre om Sametingsvalet heiter det: Statens tidligere fornorskingspolitikk overfor samene er et definitivt tibakelagt stadium. Er virkelig staten sin politikk så totalt endra?
- Fornorskingspolitikken som målsetting er borte. Det har skjedd ei haldningsendring både på Stortinget og blant fylkespolitikarane i Finnmark og Troms. Men i realiteten manglar det ressursar til å kunne snu utviklinga. Dermed vil fornorskinga fortsette i praksis. Og det er ingen teikn på at staten er på gli når det gjeld retten til land og vatn.


Til startsida

sveilund@online.no