Er fornorskinga  over?

Kronikk i Klassekampen 13.01.2000
 

I nyårstala si kunngjorde statsministeren: «Det samiske folk har fått en helt ny status, og jeg kan i dag kunngjøre at regjeringen vil foreslå at det opprettes et eget fond, som en kollektiv erstatning for de skadene fornorskingspolitikken har påført det samiske folket.»
Det er ei viktig og gledelig initiativ frå regjeringa. Tidligare har kongen tatt eit oppgjør med fornorskingspolitikken. Men inga tidligare regjering har vore villig til dette, langt mindre å tenke på at staten kunne ha noko erstatningsansvar.

Men når rakettane har slokna og vi er tilbake i kvardagen, kjem talla på bordet: 75 millionar til fondet, og bare avkastninga av dette skal brukas til samiske kulturtiltak. Med andre ord ein stad mellom 5 og 10 millionar for året, langt under ein promille av det den norske staten bare i 1999 fikk i ekstra oljeinntekter på grunn av auke i oljeprisen. Det er vel og bra at regjeringa har innsett at noko galt er gjort, men denne summen tyder på at dei har svært lita forståing for omfanget av det brotsverket som var offisiell norsk politikk i fleire hundre år, og som enno langt frå er avslutta.

Fornorskinga var eit brotsverk
Under koloniseringa av samiske område, som under den europeiske koloniseringa i andre verdsdelar gikk jakta på rikdommar hand i hand med forsøk på utrydding av dei innfødde folka sine kulturar, religionar og språk. I mange tilfelle blei folka sjølve totalt utrydda eller reduserte til ein liten brøkdel. I så måte var koloniseringa av samiske område relativt «sivilisert». Nokre hundre samar måtte nok bøte med livet i møte med kolonimaktene. Men hovudstrategien til kolonialistane var ikkje å ta livet av samane, bare å ta frå dei levebrødet, kulturen, religionen, språket og menneskeverdet.

For ikkje lenge sidan kunne vi her i avisa lese om kordan samane «forsvann» frå Vesterålen. Liknande historier kunne vore fortalt frå mesteparten av Nordkalotten. Målet var å fjerne samisk kultur og språk fullstendig og assimilere samane inn i det norske samfunnet. Denne politikken var statlig styrt, gjennom kyrkja, skolen, og lovverket for jordbruk og  reindrift. Det rasistiske innhaldet kjem fram i utallige utsagn frå leiande politikarar og vitskapsfolk. Eg skal her bare ta med eitt: "Finnerne (samane) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ..."
(Professor Amund Helland: Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906)

Disse «undermenneska» kunne bare bergas med å gjøre dei så like herrefolket som råd: "Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation."
(Stortingsrepresentant, seinare statsminister, Johannes Steen, 1863)

Regjeringa har erstatningsansvar!
Fornorskingspolitikken var eit statlig ansvar. Ein stat bærer ansvaret også for det tidligare regjeringar har gjort. Så seint som siste året har jødar som fikk fråtatt eigedom under krigen og fangar som var på tvangsarbeid fått erstatning.
Samar som tapte skolegang som resultat av krigen har derimot forgjeves kjempa for erstatning, krava deira har blitt avvist heilt opp til storting og regjering.

Kem skal så ha erstatning for fornorskinga? Det trengst både ei individuell erstatning og ei kollektiv erstatning til samane som folk. Den individuelle erstatninga må gjelde alle med samisk bakgrunn som på grunn av fornorskingspolitikken ikkje har fått overført den samiske kulturarven og/eller ikkje har lært å snakke eller skrive samisk, eller som har fått dårligare utdanning på andre område fordi dei ikkje fikk opplæring på eige språk. Dei må først og fremst få tilbod om opplæring med full lønn inntil dei har fått kompensert dette. Det må og vere høve til å søke økonomisk kompensasjon for tapt utdanning eller psykiske skadar av fornorskinga.

Den kollektive erstatninga må bl.a. gå på tiltak for å fremme samisk kulturliv. Her er nok å ta fatt i, som å gi det einaste samiske teateret, dei samiske avisene og den samiske litteraturen levelige kår. Ingen har til no forsøkt å kartlegge skadeverknadane av fornorskingspolitikken. Her bør vere ei oppgåve både for Sametinget og for samisk forskning. Ut i frå ei slik kartlegging må ein spørre: Ka trengst for å bøte på dette? Samtidig er det inga tid å miste. Derfor, Bondevik, ikkje vent til pengane har stått på bok og forrenta seg. Gi Sametinget ein milliard i morgon som dei kan starte med.

Brotsverka fram i dagen!
Dei skuldige i fornorskingsbrotsverka har aldri blitt straffa. Blant dei er stortingsrepresentantar, biskopar, skoledirektørar og fylkesmenn. Dei fleste ligg no under 6 fot jord. Det er ingen grunn til å lyse fred over minnet deira, derimot bør brotsverka deira gjøras synlige så dei får det ettermælet dei har fortjent. Vi bør trekke linjene frå fornorskingspolitikarane i tidligare tider til dei som står for den samme politikken i dag. For mange fornorskingsforkjemparar er framleis høgst oppegåande. Dei sit i sentrale posisjonar i kommunar, fylke, stat og internasjonale organ:
· Den fremste fornorskaren av skoleverket dei siste 20 åra blei nylig utnemnd til direktør for eit UNESCO-institutt, slik at han kan utvide arbeidet sitt for å utrydde minoritetskulturar til internasjonalt nivå.
· Ei av dei leiande i å rasere Alta-Guovdageiadnuvassdraget leiar no verdas helseorganisasjon, noko som ikkje lovar godt for helsa til urfolka i verda.
· På Stortinget sit ein partileiar frå ytste høgresida og ein Finnmarks-representant frå den såkalla venstresida, som begge i siste stortingsvalkampen satsa stort på angrep på samane.
Desse fire er blant dei hovudansvarlige for at det framleis er naudsynt å kjempe mot fornorsking av samane, eit halvt hundreår etter at denne politikken offisielt blei forlatt.

Fornorskinga held fram
Men ein ting er å gi erstatning. Det viktigaste er at fornorskingspolitikken blir forlatt ein gong for alle. Samerettsutvalet si innstilling frå 1997 har som tittel: «Naturgrunnlaget for samisk kultur». Utan å sikre naturgrunnlaget og næringsgrunnlaget vil heller ikkje kulturen overleve. Men naturgrunnlaget er ikkje sikra. I Troms vil forsvaret lage eit skytefelt som kan ta knekken på det som er igjen av reindrift der, og i Finnmark er trugsmålet om mineralleiting stadig levande. Eksempla kunne mangedoblas.

Samisk språk er i ferd med å forsvinne over størstedelen av det samiske området. Av 10 samiske hovuddialekter er det 4 som ikkje lenger snakkas av folk under 50 år, bare ein av dei snakkas av meir enn 1000 menneske. I følge den omtalte KK-reportasjen frå Vesterålen døydde den siste som snakka den samiske dialekta der i 1968. I fjor ville ein student kartlegge ein av dei andre dialektane som er i ferd med å døy ut i Nordland, men måtte gi opp på grunn av pengemangel. I fleirtalet av dei kommunane der det finst folk som snakkar samisk i dag, vil språket vere borte i løpet av eit par tiår. Framleis får svært mange, trulig fleirtalet, av elevane med samisk bakgrunn ikkje samiskopplæring på skolen. For samiske vidaregåande opplæring har dei siste åra betydd ei tilbakegang både i samisk innhald og i opplæring på samisk.

Ikkje bare Noreg
Spørsmålet om erstatning for fornorsking er langt meir enn spørsmålet om nokre tital tusen samar i Noreg. Eit prinsippvedtak om erstatning har ein viktig symbolverdi over for andre grupper som har vore og/eller er undertrykte:
n andre nasjonale / etniske minoritetar i Noreg
n samane i Sverige, Finland og Russland
n urfolk rundt om i verda
Eit slikt vedtak i regjeringa og Stortinget vil gjøre det vanskeligare å forsvare ein politikk med fornorsking og assimilering av minoritetar.

I nyårstalen sa Bondevik vidare: «Oppgjør med fortiden er viktig. Men vi gjør også rett i å spørre oss selv: - Gjør vi i dag noe som vi en gang må be våre barn om unnskyldning for? Med andre ord: Like viktig som å rette opp, er å forebygge. Vi må unngå at våre nye landsmenn, innvandrerne fra andre kulturer, blir nye utgrupper i storsamfunnet.»

Så, sant, så sant. Og siste nyårsønsket mitt til storting og regjering er at dei lærer av fornorskingspolitikken i behandlinga av «våre nye landsmenn». Ta ikkje morsmålet frå dei og. Gi alle som bur i Noreg lovfesta rett til opplæring i morsmålet sitt!

Svein Lund
 ______________________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no