Eg skal her nøye meg med å kommentere det som har med skoleverket å gjøre. Det burde ikkje vere naudsynt å minne om at samiske barnehagar og samiske vidaregåande skolar, samt nokre få samiske grunnskolar blei oppretta i ei tid da samisk språk og kultur var fullstendig fråverande i tilsvarande norske institusjonar. Skolane var totalt dominert av eitt språk og ein kultur, mens dei samiske elevane opplevde seg som mindreverdige, fordi dei fikk all opplæring gjennom eit anna språk og deira språk og kultur knapt var nemnd i skolen. Denne praksisen har aldri blitt omtalt som rasistisk av Ballo eller meiningsfellene hans i bl.a. FrP og EDL.
Nokre av dei "rasistiske" tiltaka blei innført for svært lenge sidan. Allereie reindriftslova av 1933 knytta retten til reindrift til samisk avstamning. Statens heimeyrkesskole for samer blei oppretta i 1952, dei første samiske barnehagane tidlig på 1970-talet. Var dette da rasistiske tiltak? I såfall rasistisk mot kven?
Hovudgrunngivinga for dei nemnde samiske utdanningsinstitusjonane har vore å opprette miljø der samisk språk og kultur anten er dominerande eller i det minste likeverdig med norsk språk og kultur. For å sikre at samiske barn skulle få ein slik sjanse har i nokre tilfelle elevar som har vore samisktalande eller hatt samisk bakgrunn vore prioriterte ved opptak, slik at dei som hadde størst behov for dette skoletilbodet skulle gå foran. Når det har vore plass har ingen vore utelukka på etniske kriterier, men i nokre tilfelle er det stilt minstekrav om ferdigheit i skolen sitt undervisningsspråk. Er det dette som er rasisme?
Underteikna har, så langt eg veit utan "samiske gener", fått vere både elev/student og lærar i Samisk vidaregåande skole og Samisk høgskole, utan å kjenne meg etnisk diskriminert der.
Ballo & Co leitar med lys og lykte, mikroskop og stjernekikkert etter alt som kan smake av diskriminering av ikkje-samar. Så langt har han bomma på det meste, men eg kan gjerne bidra til å trekke fram eit reelt tilfelle av diskriminering: Les opplæringslova §6. Der står det: "Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk." Dette er ei klar diskriminering. Eg kjenner til fleire tilfelle av ikkje-samiske elevar som har ønska samisk som fag, men som har blitt nekta det fordi dei ikkje var samar. Tilsvarande seier opplæringslova: "Når minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i finsk." I 12 år sat Ballo på Stortinget. Stilte han nokon gong forslag om lovendring for å oppheve denne etniske diskrimineringa?
Svein Lund
Redaktør Samisk skolehistorie