"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv." Dette kjente sitatet frå Arnulf Øverland sitt dikt mot fascismen i 1936 har sidan blitt sitert og brukt i mange samanhengar. Eg vil tru dei fleste redaktørar og partileiarar vil slutte seg til det. Likevel vil eg våge påstanden at ingen av riksavisene og ingen politiske parti har tatt dette inn over seg når det gjeld forholdet til det samiske folket i Noreg.
16.12.2015 kl. 1200 skjer det noko i Oslo. Utafor Stortinget vil samar og støttespelarar demonstrere "for å protestere mot Regjeringens overgrep mot samisk språk, kultur og næringer". Det er snart 35 år sidan sist, da samar sveltestreika foran Stortinget mot Altautbygginga. Resultatet var bl.a. oppretting av Sametinget og seinare Finnmarkseiendommen, men trass i dette har storsamfunnet si beslaglegging av samiske bruksområde halde fram, og samane har ikkje fått det vernet mot inngrep som dei kjempa for under Altakampen. I løpet av siste veka har statlige organ gitt klarsignal for ei gruve og to vasskraftverk innafor området til eitt reinbeitedistrikt i Finnmark. Staten krev at reintalet må skjærast ned for å tilpassast til beitegrunnlaget, samtidig som ein sjølv fjernar dette beitegrunnlaget steg for steg. Regjeringa sin fiskeripolitikk fjernar grunnlaget for busettinga i sjøsamiske område.
Staten har tidligare gått bort frå fornorskingspolitikken, men aldri vore villig å betale for å rette opp skadane av denne. Statsbudsjettet for 2016 er eit kompromiss mellom eit parti som vil ta livet av alt samisk så snart som råd, og eit parti som vil la det samiske leve vidare. Kompromisset er at samisk kultur ikkje skal avlivast ved skyting, men ved seigpining. Når vi hadde trengt eit krafttak for å sikre samisk språk og kultur for framtida, blir i staden så godt som alle samiske formål offer for nedskjæring.
Sørsamisk språk er særlig utsett og treng verkelig ein ekstra innsats. Regjeringa sitt svar er å legge ned Sameskolen i Hattfjelldal, som er eit kompetansesenter for sørsamisk fjernundervisning. Denne nedlegginga er ei av sakene som har utløyst denne demonstrasjonen.
Alle dei politiske partia har hovudkontor i Oslo. Der har også riksavisene redaksjon. Det er langt derifrå til Guovdageaidnu, Nesseby, Lavangen, Hattfjelldal og dei mange andre kommunane der samar til daglig kjempar for å kunne halde opp sitt levevis, kultur og språk. No har partia og redaksjonane ein sjanse til å få dette inn på livet, lære noko og bringe det vidare. Still opp ved demonstrasjonen, snakk med dei som deltar der, og la det bli ein start på å ta samiske spørsmål langt meir alvorlig enn avisene og partia har gjort til no.
Sjølv kjem eg dessverre ikkje til demonstrasjonen, da det er praktisk umogleg for meg å vere i Oslo den dagen. Eg vil likevel gjerne bidra til at denne blir vellukka og at dei samiske røystene blir hørt. Underteikna er norsk nordmann, oppvakse i heilnorsk område, men har budd mesteparten av livet i Finnmark og Troms, i område med meir eller mindre samisk busetting. Der har eg opplevd å sjå korleis det samiske har blitt trakka på, diskriminert, halde narr av og usynliggjort. Der har eg sett livskraftige samiske bygder bli ramma av utarming og fråflytting som resultat av statlig næringspolitikk, der har eg sett både dei som har fornekta sin eigen samiske arv for å assimilere seg i storsamfunnet og dei som trassig har stått i mot og tatt opp arven. Der har eg sett kva for ein verdi den samiske kulturen er ikkje bare for samane, men for heile det norske og nordiske samfunnet.
Eg har vore så heldig å få vere med å dokumentere mye av dette gjennom prosjektet Samisk skolehistorie. (http://skuvla.info) Det har vore ei stor glede å sjå interessa for dette i samiske miljø, men svært skuffande å sjå at riksmedia har interessert seg minimalt for saka og at ingen politiske parti har reist kampen for oppreising til samefolket for undertrykkinga under fornorskingspolitikken.
Eg utfordrar no samtlige riksaviser og samtlige parti til å ta opp denne utfordringa og svare på kva de vil gjøre med dette. Om de skulle mangle informasjon, er vi mange som gjerne vil bidra.
Med helsing
Svein Lund, Guovdageaidnu