Artikkel i Antirtasisten nr. 1 - 1997

Svein Lund:

Vi har eit India i nord - men ser vi det?

På 1960-tallet skal ein representant for apartheidstyret i Sør-Afrika ha sagt i FN at Norge bare kan holde kjeft om diskriminering i andre land, dei behandlar ikkje sine eigne samar særlig betre.
Den sørafrikanske rasisten hadde faktisk eit poeng. Norsk politikk overfor rasisme og undertrykking har lett vore å snu ryggen nordover og bare sjå feila hos andre. Sjølv har vi da aldri hatt koloniar!

På 60-talet var framleis nesten heile folket blind på heimebane. Først da sveltestreikande samar sette opp ein lavvo på Stortingsplassen vakna ein opp sørpå.
Men oppvakninga varte ikkje lenge og så somna ein av igjen. Eg er redd at og i den anti-rasistiske rørsla er det mange som trur at både rasismen og anti-rasismen kom til Noreg med innvandringa frå 3. verda på 70-talet. Og om dei ikkje trur det, så virkar det i alle fall slik.

Vi har blitt så blinde at vi må snu alt på hovudet og gå til det ytre for å forstå det indre. Det er ganske lett for nordmenn å fordømme koloniseringa av fjerne verdsdelar. Verre er det å sjå det som har skjedd og stadig skjer på heimebane.

Den norske rasismen er gamal og har klar samanhang med Noreg si rolle i indre og ytre kolonisering.
I store delar av dansketida var Danmark ei kolonimakt, med koloniar i Afrika (Gullkysten, noverande Ghana) og i Vest-India. Danske skipsreiarar, handelsfolk og adel tjente store pengar på slavehandelen. Sidan Noreg var under Danmark fritar vi oss sjølve lett for all historisk skuld i dette, og gløymer at ein stor del av slaveskipa var norske.
For å halde oppe denne inntektskjelda var det heilt naudsynt at dei "ville" svarte blei oppfatta som undermenneske.

Samtidig foregikk det ei kolonisering i nord. Der var det og undermenneske, dei var ville, hedningar og områda deira var rike på ressursar.

Koloniseringa tok etter kvart forskjellige former:

1. Plyndring
Denne starta alt i vikingetida. Samane jakta på pelsdyr og skinna kunne dei norske handelsmennene selge dyrt nedover i Europa.

2. Skattlegging
Skattlegginga var ei plyndring i meir organiserte og "siviliserte" former. Samane ga frå seg ein stor del av det dei kunne fange fordi dei visste at ellers ville staten sine menn ta alt. "Finneskatten" var hovudgrunnlaget for at nokre nordnorske stormenn (Håløygjarlane) allereie på den tida Noreg blei samla til eit rike var blant dei rikaste og mektigaste i landet.

3. Handel
Handel kan jo vere til fordel for begge partar, men trugsmålet frå skattlegging og plyndring gjorde at handelen gjerne blei på storsamfunnet sine vilkår og såleis ein del av plyndringa.

4. Tvangsarbeid
Denne metoden blei forholdsvis lite brukt, men bl.a. i sølvgruvene i Nasafjäll i Nord-Sverige er det kjent at samar blei tvungne til malmtransport med rein.

5. Kristning
Kristninga var ein metode for å få samane meir medgjørlige så dei lettare skulle underordne seg øvrigheita. Det var og eit ledd i utviding av landområdet. Dei som var kristne blei rekna som undersåttar og statsborgarar og i eit grenselaust område var det gjerne kyrkja si framrykking som synte kva for ein stat som hadde mest makt. Dette gjaldt særlig overfor det ortodokse Russland, der styresmaktene brukte kvar sin variant av kristendommen til å utvide området sitt. Som i Afrika og Amerika kom kolonistane samtidig med "Bibel, brennevin og bajonett."

6. Nydyrking
Som dei amerikanske settlarane på prærien og dei engelske og nederlandske i Sør-Afrika fikk vi norske settlarar i Troms og Finnmark og svenske og finske i Norrbotten og finsk Lappland. Denne nydyrkinga blei på 17-1800-tallet kalt med sitt rette namn; kolonisering. Dette var koloniveldet si glanstid i verda og ingen såg noko gale i å kolonisere. Det blei også samanlikna direkte fra kolonistane si side. "Vi har ett Indien i norr" er eit kjent sitat frå ein svensk adelsmann som på den tida propaganderte for at Sverige skulle ut nytte "Lappmarken" bedre.
For få år sidan feira ein i indre Troms 200 års jubileet for koloniseringa av Bardu og Målselv. Like etter feira ein i Spania og Latin-Amerika 500 års jubileet for Columbus.

7. Fornorsking
Skulle dei samiske områda i nord bli uomtvistelig norske, måtte befolkninga bli norsk. Derfor starta ein på 1700-talet ei målmedviten fornorsking. Ei tid vakla styresmaktene i kor hard og direkte fornorskinga skulle vere, men frå rundt 1880 var det full semje om at både hard og fullstendig fornorsking måtte til. Da blei det forbode å bruke samisk og kvensk i skolen, "mer enn uomgjengelig fornødent for at forklare det der var uforstaaeligt for børnene". Etterkvart forsvann dette forbeholdet og, og fleire generasjonar med samar møtte ein skole dei forsto lite eller ingenting av.
Fornorskinga hadde som mål å få den samiske kulturen og det samiske språket til å forsvinne heilt. Dette blei bl.a. uttalt heilt klart av Stortingsrepresentant, seinere statsminister Johannes Steen, Venstre, i ein stortingsdebatt i 1863:
"Det er en misforstaaet Humanitet at søge at kalle tillive og nære denne Nationalitet. Den som stræbe at opelske den lappiske Nationalitet, var deres værste Fjende, thi han indviede dem til Undergang... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nation."
Først på slutten av 60-talet blei det igjen opna for ei viss undervisning i og på samisk i barneskolen.

8. Ressursran
Det var vilt- og fiskeressursane som først trakk skandinavar nordover. Pelsdyrbestanden blei i stor grad utrydda på 15-1600-talet, noko sorn var med å tvinge det tidligare veidefolket over på reindrift og jordbruk.
Kampen om fiskeressursane pågår framleis for fullt. Mens vestlendingane har overtatt større og større del av både fiskeflåten og fiskeindustrien, må samiske fjordfiskarar gi opp fordi dei blir nekta å fiske, får kvotar dei ikkje kan leve av eller ikkje får levert fordi fiskebruka er konkurs. Mens Jan Henry T. Olsen sa det er for mange sjarkar slapp han Kjell Inge Røkke til for fullt.
Mineralutvinning i samiske område har røter tilbake til Nasafjäll på 1600-talet og Røros på omtrent samme tid. Sør-Varanger var ein samiskdominert kommune heilt til jerngruvene starta opp først på 1900-talet. I dag står kampen om dei multinasjonale konserna Rio Tinto Zink, Ashton Mining og DeBeers skal få spa opp Finnmarksvidda etter diamantar. Om Stortinget vedtar forslaget til ny minerallov vil det vere fritt fram for dei.

Rasistisk ideologi overfor samane

Den politikken vi har sett har tildels vore klart grunngitt med ein rasistisk ideologi, der samane blei sett på som mindreverdige:
"Lappfolket er et bamefolk i mer end en henseende. De står som folk på barnets umiddelbare, naive, uudviklede standpunkt, og det er fornorskningens formål at bringe dem frem til mands modenhed - om da dette er muligt. Dette er et stort og varigt mål å arbeide for."
Prost Gjølme, Sør-Varanger 1886

"Finnerne (samene) synes at være svagt udviklede baade i aandelig og legemlig henseende... Nordmændene er de to andre racer overlegne, ogsaa i aandelig henseende synes den norske befolkning at være høit begavet, ... finner og kvæner, hvoraf navnlig de første gjør et overmaade usympatisk indtryk ved sit uskjønne og fremmedartede utseende ...

Kvænene er gjennomgaaende slanke og velbyggede..., men man savner hos dem det kraftige, mandige træk som i så høi grad udmerker nordmændene og med en gang stempler dem som den herskende race."
Professor Amund Helland: Topografisk-Statisktisk Beskrivelse over Finnmarkens Amt, 1906

Ein slik ideologi kunne forsvare dei overgrepa som blei gjort. Disse var jo i "sivilisasjonen" sin tjeneste:

"Disse unyttige og skadelig omløbendelapper er det just som man ønsker å få ryddet av landet...
Denne forjagelsen kan ikke skje på annen eller bekvemmere måte enn at deres gammer eller torvhytter blir nedrevne og oppbrendte."

Amtmanden i Nordlandene, Knagenhjelm, 1776

"Civilisationen er ubarmhjertig. Med sin damp og elektricitet slaar den de svagere racer til jorden uden hensyn. Vi kan ikke altid forstå hvorledes dette gaar for sig og hvorfor det maa så være. Men det er nu engang saa... Mod civilisationen kan nomaden ikke kjæmpe. Hvis han ikke viger, da levnes han blott den ene udvei, at falle."
Professor Yngvar Nielsen, 1900

I skoleverket hadde ein og ideologien i orden:
"De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De .. hører til Finnmarks mest tilbakesatte og usleste befolkning."
Skoledirektør Chr. Brygfjeld, 1923

Et slikt mindreverdig folk hadde sjølvsagt også eit mindreverdig språk:
F.eks. sa biskop J. C. Schønheyder rundt år 1800 om samisk språk at det var:
"aldeles ubrugt og uvant til aandelige Ideer" og "indskrænket til de sandselige og faa Ting hvormed disse uoppdragne Mennesker i deres indskrænkende Brug av Naturen og Menneskelighedens Kræfter, behjelpe sig."

Slikt uttrykte ein seg i "de høyere kretser". Blant nordmenn flest i Nord-Noreg, uttrykte ein det i ordtak som:
"Det er forskjell på folk og finn." og "Først folk, sida finna."

Retten til å vere lik - eller retten til å vere forskjellig?

Eg starta med ei samanlikning mellom behandlinga av samane i Noreg og dei svarte under Apartheid. Det er klare likskapar, men og ein stor forskjell:
Samane i Noreg er norske statsborgarar. Dei har hatt røysterett så lenge det har vore allmenn røysterett i Noreg. Dei har hatt rett til skolegang i 7, seinare 9 år og no fått rett til 12-13 års utdanning. Dei har fått dei samme rettane som nordmenn - til å vere norske.
Det er ingen lovar som diskriminerer samar så lenge dei vil vere norske, på norske premissar. Samar har samme rett til å starte gruveselskap og bygge fabrikktrålarar som Rio Tinto Zink og Kjell Inge Røkke. Det er den gamle historia om at dei fattige og rike har same rett til å tigge og sove under bruene.

Skal ein ha ei likestilling, må det vere ei likestilling mellom norsk språk og samisk språk, mellom norsk kultur og samisk kultur.

Samiske næringar og samisk område må få eit vern mot utnytting frå andre, anten det er norsk og utanlandsk storkapital eller rypejegarar sørfrå. I dag er det bare reindrifta som har eit visst vern, og dette er og svært avgrensa.

Noreg har i Grunnloven slått fast at: "Det paaligger Statens Myndigheter at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv."
Noreg har skreve under ILO-konvensjonen om urfolk som bl.a. slår fast at regjeringane har ansvar for å
"fremme full virkeliggjøring av disse folks sosiale, økonomiske og kulturelle retigheter med respekt for deres sosiale og kulturelle identitet, skikker og tradisjoner og for deres institusjoner."
ILO-konvensjonen seier vidare at "Vedkommende folks rett til å eie og besitte de landområder der de tradisjonelt lever, skal anerkjennes." og at urfolka har rett til eiga skoleordning:
"Utdanningsprogrammer og utdanningstilbud for vedkommende folk skal utvikles og gjennomføres i samarbeid med dem for å kunne møte deres særlige behov. De skal omfatte deres historie, kunnskaper, teknologi, verdisystemer og deres sosiale, økonomiske og kulturelle ønskemål forøvrig."

Når staten nektar å anerkjenne retten til eigne samiske læreplanar i vidaregåande skole og legg ned det einaste samiske grunnkurset (duodji eller samisk husflid) er dette og ein form for rasisme.
Når Hernes og Sandal snakkar om at vi må bygge skolen på den felles nasjonale kulturen definerer dei den norske kulturen, herrefolket sin kultur, som det som er felles. Den samiske kulturen blir ikkje-eksisterande som ein eigen sjølvstendig, likeverdig kultur. Han er i beste fall ein sær variant som ein kan spe på med som tillegg. Men han er ikkje noko verd som ein sjølvstendig kultur. Samisk språk kan ein få lov å lære, men det gir ingen kompetanse når ein skal inn på høgare skolar. Samiske elevar i vidaregåande skole er dei einaste som må kunne fire språk for å få studiekompetanse. Alle andre, inkludert innvandrarar, klarer seg med tre.

Ein minoritet er bare anerkjent som likeverdig om kulturen og språket deira og er anerkjent som likeverdig. Derfor står ikkje lenger kampen i første rekke om retten til å vere like, men om retten til å vere forskjellige


Til hovudsida.

sveilund@online.no