Innlegg sendt aviser i Finnmark 30.12.2011. Prenta i Altaposten og Finnmarken 02.01.2012, Ságat 03.01.2012.

Hellesviks ansvarsfråskriving

Finnmarksavisene sin daglige avisdebattant Jarl Hellesvik skriv i FD 21.12.2011: "Det er ikke første gang jeg har uttalt offentlig at de som arbeider for å bevare samiske språk og kultur fortjener støtte."
Blant Hellesviks tusenvis av avisinnlegg gjennom mange år kan det ikkje utelukkast at han i generelle vendingar kan ha sagt noko slikt også tidligare. Men gjennom fleire tiår med jamnlige innlegg har eg enno tilgode å sjå eit konkret engasjement for noko som helst samisk. Etter som han har kapasitet til å skrive innlegg om samiske spørsmål så godt som kvar einaste dag, kor er han når FrP no vil avskaffe all støtte til samisk språk og kultur? Dei siste åra har det store fleirtalet av innlegga til Hellesvik gått ut på å seie noko negativt om samiske institusjonar og organisasjonar, samiske politikarar og staten sin samepolitikk, og å redusere betydninga av det samiske elementet i Finnmark og på Nordkalotten. Han har vore faneberar for ei rørsle som i ein kvar samanheng framstiller det samiske som negativt.

Eg stilte Hellesvik to konkrete spørsmål:
1. Korleis meiner du samisk språk og kultur skal få støtte?
2. Kva gjør du og din organisasjon EDL for å styrke samisk språk og kultur?

Personlig har han tydeligvis ikkje noko svar på dette, men derimot viser han til EDL: "Organisasjonen er altså verken for eller mot samisk språk og kultur". Det er ein "nøytralitet" som kan minne oss om eit gamalt bibeluttrykk: "å toe sine hender". Som Pontius Pilatus vaskar han og EDL av seg skulda for at dei har ytt eit kraftig bidrag til å piske opp ei anti-samisk stemning i store delar av befolkninga. Det er meg ei gåte korleis ein organisasjon kan vere for etnisk og demokratisk likeverd i eit fleirkulturelt og fleirspråklig samfunn, men ikkje har standpunkt til om den eine av språka og kulturane bør overleve eller ikkje.

Det har den siste tida vore mye oppslag i avisene om ei avhandling som viser stor mangel på kunnskap om samiske forhold både blant lærarar og elevar i den norske skolen. Det er utvilsomt rett at skolestyresmaktene har vist og viser liten interesse for å få fram slik informasjon. Men det er ei side av saka som ikkje har kome så godt fram: Ein stor del av dei vrangførestillingane som elevar og lærarar ga uttrykk for er feilinformasjon som er aktivt spreidd av politikarar og debattantar med Hellesviks EDL og FrP i spissen.

Mens vi er inne på bibelord, kan det vere fristande å trekke fram eit anna: "Du ser splinten i auget til bror din, men ikkje bjelken i ditt eige." Hellesvik presterer å gi Sametinget skulda både for at samisk språk og kultur går tilbake og til og med for skolenedleggingane i Porsanger (!). Derimot ser han ikkje det ansvaret han sjølv og vennene hans i EDL påtar seg når dei svartmalar alt samisk. Dei har skapt eller forsterka ei stemning som gjør at det er vanskelig å stå fram både som same og som forkjempar for det samiske. Undersøkingar viser at ein stor del av samane framleis opplever å bli trakassert og diskriminert. Dei fleste som blir mobba fordi dei snakkar samisk, har samisk som fag på skolen eller forsvarar samiske interesser står ikkje fram med dette. Det er for vondt til å gå i media med.

Eg forstår godt dei mange samane som ikkje klarer å kjempe offentlig. Sjølv har eg, som nordmann (dáža), tatt til motmæle ut frå prinsippet "du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv". Eg har kome relativt godt frå det, fordi eg er trygg i mi norske identitet, samtidig som eg bur i ein samisk miljø, der eg (stort sett) kjenner meg godtatt. Likevel må eg seie at den utstøytinga og utskjellinga eg har blitt møtt med frå mange tidligare vener på kysten, har vore skremmande. Den gir eit lite bilde av den stemninga som er piska opp, mens dei ansvarlige igjen "toer sine hender" og fråskriv seg all skuld.

Svein Lund


Til hovudsida.