Artikkel i Klassekampen 10.08.1989

- SAMISK MÅ BLI RETTSLIG ANERKJENT!

- Vi snakkar eit ulovleg språk. Samisk er ikkje rettsleg anerkjent i noko land. Statane utreiar og utreiar, men imens dør språket vårt ut. Dette seier nestleiar i Nordisk Sameråd, Lars Ande Bær. Språkspørsmål og utdanning var ei av hovudsakene på den 14. nordiske samekonferansen i Lakselv i helga.

Av SVEIN LUND, LEAVDNJA (LAKSELV)

Den norske regjeringa har igjen utsatt stortingsbehandlinga av samisk språklov, etter at ein har venta på han i fire år.
— Verken kommunar eller fylke vil gjøre noko før lova er vedtatt, dermed stoppar alt opp. Imens dør språket ut, seier Lars Ande Bær. — I både Norge, Sverige og Finland er det arbeid igang med samisk språklov. Men kva hjelp er det i utreiingar når ikkje lovene blir vedtatt og satt ut i livet?
— Men om dei samiske oganisasjonane har kravd at lova blir vedtatt, betyr det ikkje at vi er nøgde med lovforslaget, seier Leif Halonen, leiar for Norsk Sameråd. — Det er alt for få kommunar der samisk vil få offisiell status, og retten til å bruke samisk ved rettssaker er ikkje sikra. Språklova må og inneholde ei plikt til å lære samisk for alle som bur i samiske område.
— Den nordiske språkkonvensjonen gir ein finsk turist rett til å gå på politistasjonen her i Lakselv og snakke finsk, fortel Bær.
— Men eg har ikkje rett til å snakke eller skrive til dei på samisk, for konvensjonen omfattar ikkje samisk språk.
Aller minst status har det samiske språket i Sverige. I samband med Tsjernobylulukka ga den svenske staten ut informasjonsbrosjyre på mange innvandrarspråk, men ikkje på samisk. Alle klappar når Det øvste sovjet godtar at estisk skal vere offisielt språk i Estland. Men når eit folkeslag i Sverige stiller same kravet, er tonen ein annan. Det er eit tankekors at det er lettare å vinne fram for ein nasjonal minoritet innafor det sovjetiske systemet enn i det demokratiske Sverige.

Skoleprogram

Konferansen vedtok eit utdannings- og skolepolitisk program. Der krev ein at utdannlnga for samar må bli samordna mellom del nordiske landa og at det blir oppretta eit felles nordisk styringsorgan for samisk utdanning. Samiske lærebøker må kunne brukas på tvers av landegrensene, og samar må kunne ta utdanning ved samiske skolar over landegrensene.
— Kravet vårt om samiske skolar er ein viktig del av kampen for samisk sjølvråderett, sa Leif Halonen. Samisk sjølvstyre var ei hovudsak på konferansen, men kva vil eigentlig samisk sjølvstyre seie?
— I prinsippet har vi rett til eit sjølvstendig Sameland, seier Lars Ande Bær, men i praksis må vi vere pragmatiske. Vi arbeider for eit størst mogleg indre sjølvstyre Innafor kvart av landa, og at landegrensene ikkje skal hindre det samiske fellesskapet. Det viktigaste for oss er kontrollen over ressursane.
I år er første valet til det norske Sametinget og truleg vil Sverige få sitt sameting frå 1991. Med det vil alle dei tre nordiske landa ha sine folkevalde samiske organ som bygger på samisk manntall. Men kan eit sameting på etnisk grunnlag vere eit grunnlag for sjølvstyre, eller må det vere sjølvstyre for befolkninga innafor eit geografisk område? — Det vil måtte vere eit både - og, seier Leif Halonen, og viser til at ILO-konvensjonen om urfolk som nyleg blei vedtatt seier at regjeringane må definere kva for område som hører til urbefolkningane.
Nordisk Sameråd har definert samiske område som der det bur samar og der samisk kultur og språk fortsatt er levande. Men å definere dette nærare geografisk er det enno ingen som har klart.

Sovjet med?

I mange år var samane på sovjetisk side avstengt frå all kontakt med dei nordiske samane. Men i år har ei stor gruppe nordiske, samar vore på besøk hos Kolasamane, og no var ein same frå sovjetisk side tilstades på konferansen. Men betyr dette at samane i Sovjet kan delta i det samiske samarbeidet på linje med dei andre?
— Nei, dit er det enno langt fram, seier Lars Ande Bær. Dei kontaktane som har vore til no har vore meir av symbolsk karakter.
— Når Nordisk Sameråd har kontakt på Kola, kven diskuterer de med da, er det samiske representanar eller styresmaktene?
— Vi har kontakt både med offisielle representanter for Lovozero kommune og med samar der. Men vi er nøydd til å gå forsiktig til verks og arbeide på diplomatisk korrekt vis.
— Korleis skal ein sikre seg å få direkte samarbeid med samiske representantar og ikkje bare offisielle representantar for Sovjet?

— Det kan ikkje løysas frå oss. Først må samane på Kola få vald eigne representantar. I dag har dei ingen eigne organ. Men det blir no arbeidd frå høgaste hald for organisering av urbefolkningane i nord, og dei vil ha ein samla konferanse med det første. Vi håper det kan utvikle seg til ei meir sjølvstendig organisering.
— Vi har og antyda ønske om å få dei med i samerådet, men vi må innsjå at det tar tid. For Sovjet er dette utanrikspolitikk, og den er det Moskva som avgjør. Det viktigaste i første omgang er å få i gang ein kulturavtale.

Få kvinner

Den samiske kvinneorganisasjonen hadde ønska å få kvinnespørsmål opp som ei hovudsak på konferansen, men endte med å bli avspist med 20 minutt. Mens den norske sida stilte med omtrent like mange kvinner og menn til forskjellige verv, er mannsdominansen stor på både finsk og svensk side. Trass i at dette blei kritisert, auka kvinnerepresentasjonen i Nordisk Sameråd bare frå to til tre av ni representantar. Og til konferansen til Verdsrådet for urbefolkningar blei det vald to kvinner og sju menn. Til neste samekonferanse skal det bli utarbeidd eit eige kvinneprogram. Sjølv om ein i programmet understrekar at ein skal overvinne riksgrensene, ber ein nordisk samekonferanse sterkt preg av å bestå av tre partar. Dei reelle diskusjonane foregår oftast ikkje i plenum, mer innafor landsseksjonane og i underhandskontakt mellom desse. Ofte blir vedtak utsett fordi fleirtalet i ein av seksjonane ikkje blir samde med dei andre.

SLF inn?

Om Samenes Landsforbund og Landsforbundet Svenske Samer vil bli medlem av Nordisk Sameråd er enno ikkje avklart. I prinsippet er dei velkomne, men vilkåret er at dei står på dei programma som Samekonferansane har vedtatt, og det er det høgst tvilsamt om SLF er villig å godta.

Til startsida

sveilund@online.no