Artikkel i Klassekampen, 15.09.97

Alt som før - men ikkje i Finmark

Valkampen er over - og vi skal byrje å leve vidare. Med dei politikarane vi har vald, med den regjeringa vi måtte få. For dei fleste vil livet gå tilbake i si vante gjenge. Men i eit fylke blir ikkje alt som før etter dette valet.

Av SVEIN LUND, Guovdageaidnu

I FINNMARK har samiske spørsmål for første gong i historia spela ei hovudrolle i ein stortingsvalkamp. Partia har konkurrert skarpt om å love rettferd for samisk språk og kultur. Dei ønsker alle å rette opp den uretten som fornorskingspolitikken har gjort, å oppfylle forpliktingane etter ILO-konvensjonen om urfolk. Sametinget skal få meir å seie. No skal det bli skikkelig informert om samisk historie og kultur i skolen. Så ivrige er dei etter å gjennomføre dette at dei konkurrerer om kem som har æra for dei samiske læreplanane.

Dei fleste lesarar har vel no byrja å tvile på denne framstillinga. Ho er sann nok, men avsnittet over er dessverre ikkje ei skildring av ka partia har gjort i stortingsvalkampen i Finnmark, men av ka dei samme partia har gjort i valkampen for sametingsvalet i Guovdageaidnu. For stortingsvalkampen derimot, er skildringa over nesten så langt frå sanninga som ein kan komme.

RVs spådom

Så tidlig som 29.11.96 skreiv Finnmark RV i eit avisinnlegg at stortingsvalet 1997 ville dreie seg om kas parti som var mest mot samiske rettar:
«Stortingsvalgkampen 1997 har allerede begynt. Og hovedtemaet i Finnmark er klart: Retten til land og vann. Partiene tror de har funnet ut hva som vil trekke stemmer, og parolen er klar: Nei til samiske rettigheter! ... der Fremskrittspartiet går foran, der følger Høyre og Arbeiderpartiet hakk i hæl. For å presse partia til å erklære at samene ikke skal ha noen rettigheter til land og vann, truet noen anonyme personer i Finnmark Dagblad med å opprette egen, anti-samisk liste. Planen slo til for fullt og lista var overflødig før den hadde fått en eneste offentlig talsperson. Høyre i Finnmark var først ute, deretter lederen i Finnmark Arbeiderparti, Tore Gundersen, som fra sitt synssted på flyet mellom Oslo og Finnmark, eller var det omvendt, avskrev hele folkerettsutredninga for Samerettsutvalget og slo fast at Norges underskrift på ILO-konvensjonen om urbefolkninger er fullstendig betydningsløs. Siste nytt er at SV har hevet seg på karusellen, i Finnmark Dagblad 25.11.sier Olav Gunnar Ballo at det ikke må være fnugg av tvil om at SV er mot alle rettigheter til Sametinget. Sametinget må ikke få mer enn rådgivende myndighet, dvs. ingen myndighet i det hele tatt.», skreiv RV.

SVs Ballo

Når vi no ser tilbake på valkampen, må vi konstatere at denne spådommen slo så alt for godt til. SVs førstekandidat Olav Gunnar Ballo no trulig sikra seg plass på Stortinget og blir herostratisk berømt som den første som får stortingstaburett nesten utelukkande på anti-samisk grunnlag. Før nominasjonen til SV gikk han ut i avisene med det som er gjengitt ovafor, noko som var eit klart brot med SV sin politikk til da. Med ei røyst overvekt belønna Finnmark SV han med førsteplass. Dette har han seinare takka for ved å gå mot samisk flagg, samisk nasjonalsang, Samefolkets dag, gjennom å kalle folk som kravde samiske rettar for reaksjonære osv. Ei stund ville han trekke Noregs ratifikasjon av urfolkskonvensjonen, men gikk seinare over til å godta denne, forutsatt at det var Justisdepartementet si tolking som gjaldt, nemlig at konvensjonen allereie var oppfylt og derfor ikkje kunne brukas til å fremme nye krav.

Sett frå Guovdageaidnu har det ikkje vore stort å sjå til SV. Det har ikkje vore ein SV-løpeseddel eller ein listekandidat å sjå innafor kommunegrensa. I nabokommunen Karasjok er det likeeins. Der har SV-laget like godt lagt seg offisielt ned.

Men det tar SV igjen på andre område. Frå Høgre-folk har dei fått klamme omfamningar, og den gamle borgarvernsleiar frå Alta-kampen, Lars Bakken, gikk ut og rådde folk til å stemme SV fordi dei var meir markert mot samerett enn hans eige parti, DNA.

SV ikkje aleine

Dei fleste partia har lagt seg på linja med å føre ein politikk her og ein anna politikk der, slik at dei kan dei sanke stemmer både frå folk som er mot og for samiske rettar. Arbeiderpartiet sin sametingspresidentkandidat går inn for innstillinga frå Samerettsutvalet, mens fylkesleiaren og fleirtalet i fylkesstyret går i mot. Når dei så skal lage noko i lag, ender det som DNA sitt samepolitiske manifest, som er så rundt at knapt nokon kan seie seg usamd.

Høgre er dei som går lengst i å spele på to hestar. I Guovdageaidnu er det alt å vinne på å snakke varmt om samisk kultur. Førstekandidaten til sametingsvalet, Ellen Inga Hætta er direktør for Samisk Utdanningsråd, og dermed ansvarlig for dei nye samiske læreplanane. Andrekandidaten ga like godt Høgre sin førstekandidat heile æra for å ha laga læreplanane og brukte dei som argument for Høgre. I Deatnu/Tana, derimot, har Høgre-gruppa i kommunestyret truga med å trekke seg frå dei kommunale verva i protest mot at KUF har avgjort at dei samme læreplanane blir innført i kommunen deira.

Anders J. Eira, den omtalte andrekandidaten i Guovdageaidnu, sa på valmøte at Høgre går inn for å gi Sametinget vetorett mot gruvedrift. Det har Høgre sjølvsagt aldri vedtatt, dei står som kjent for det stikk motsette. I flygeblad frå Finnmark Høgre står det da også klart og utan forbehold: «Ja til mineralleiting».

Hagen på besøk

Frp fikk store oppslag på landsplan da ein skokk med gule dressjakker for rundt i Finnmark og rasa mot «samiske særrettar», mot Sametinget og samiskundervisninga. I motsetning til SV er Frp ikkje skuggredde, og dei våga seg heilt inn på vidda. Fridtjof Frank Gundersen våga seg til og med inn i ein lavvo, som han deretter omtalte som «en filial av helvete». Og om ikkje dei to - 2 medlemmane i Kautokeino Frp fikk særlig auka oppslutning, rasa gallupen oppover på kysten, og Frp-prosenten var oppe og lukta på 20-talet.

Sametingspresidenten omtalte nylig det som har skjedd i Finnmark som ei «anti-samisk bølge». Motsetningane omkring samiske spørsmål ville nok uansett blitt skjerpa i år, fordi både Samerettsutvalet si innstilling og dei nye samiske læreplanane konm. Men med ein valkamp midt oppe i dette, blei partia pressa til å vedta eit ferdiglåst syn på Samerettsutvalet si innstilling nesten før ho var trykt. Dermed har diskusjonen låst seg tør han har kome skikkelig igang. 17 års arbeid med 2500 sider utgreiingar blir redusert til billige slagord som «Lik rett til land og vatn» og «Finnmark for alle». Partia låser seg til det dei har vedtatt før valet, og resultatet vil langt på veg vere gitt av valresultatet.

Ein valkamp går ut på å skaffe stemmer for å komme på tinget med dei midla som trengs. Fremskrittspartiet har lenge hatt som varemerke å hetse mot svake grupper. Men dei har ikkje lenger monopol.

Ikkje politisk korrekt

Alta-kampen førte til ei samisk bevisstgjøring og til større forståing for samiske spørsmål hos styresmaktene på alle plan. Fornorskingspolitikk og anti-samiske haldningar var ikkje lenger gangbar vare. Den anti-samiske bølga har no satt utviklinga i revers og gjort at gamle anti-samiske haldningar igjen kan stå opent fram. Det er ikkje lenger like «politisk korrekt» i Finnmark å vere samevennlig. Dette har slått gjennom ikkje bare i partia, men og i andre organisasjonar, i folk sine haldningar til kvarandre og i samar si sjølvkjensle.

SVs Ballo blir no trulig herostratisk berømt som den første som får stortingstaburett nesten utelukkande på antisamisk grunnlag.


Til startsida

sveilund@online.no