Artikkel i Klassekampen 09.07.1986
Alta-saka lærte samane å kjempe
I 1981 måtte samiske interesser og naturverninteresser
endelig gi tapt for overmakta i kampen om
Alta-Kautokeinovassdraget. For første gang engasjerte eit
spørsmål om samiske interesser folk over heile Norden og langt
ut over det. Men nå står kraftverket i Čávžu snart ferdig, og
mange som var med dengang vil spørre seg: Oppnådde vi noko med
Alta-kampen, eller synte han bare at det ikkje nyttar å slåss
mot overmakta?
Av SVEIN LUND, Gáivuotna (Kåfjord)
Fem år seinare finn vi igjen to av leiarane for Folkeaksjonen
sittande ved sida av kvarandre på eit stort møte. På bordet
foran dei står det Álaheaju Sámiid Searvi (Alta sameforening).
Dei to første Folkeaksjonsleiarane, Kato Johansen og Ruth Rye
Josefsen, er delegatar på landsmøtet til Norgga Sámiid
Riikkasearvi. Norske Samers Riksforbund.
- Korleis ser dei i dag på Alta-kampen, oppnådde vi noko?
- Vi fekk Samerettsutvalget, seier Ruth. - Det hadde vi ikkje
fått ellers. Men det viktigaste er nok at vi har fått ei kjensle
av eige verd. Særleg vi etter kysten som var sterkt fornorska
har fått mot til å erkjenne at vi er det vi er. Det var
Alta-saka som lærte samane at det gikk an å stille krav. Før
satt vi mest på kvart våres nes og visste ikkje at det gikk an å
gå ilag. Men nå byrjar det å kome fram at samar har kjempa før
og. Slik som her i Kåfjord, der folket i Manndalen gjekk til
skattestreik i 1920-åra. Denne historia har vore holdt heilt
skjult, nå byrjar vi å finne tilbake.
Kato:- Gjennom Alta-kampen kom den samiske rørsla opp på eit
heilt anna nivå. Særleg at samane i fjordområda blir bevisste og
krev å få tilbake de i historiske rettane sine. Idag definerer
sjøsamane seg sjølv som samar, det var utenkeleg før
Alta-kampen.
Skam å være same
- Ja, dokker to blei vel heller ikkje oppfatta som samar av
mange som jobba ilag med dokker i Folkeaksjonen?
Ruth: - Der eg kjem frå, i Rafsbotn i Alta, har det lenge vore
sett på som skam å vere same. Typisk er vel den kommentaren folk
i Rafsbotn kom med da eg blei vald til leiar i Folkeaksjonen:
«Ho Ruth har nå blitt heilt gal, det er vel ikkje lenge før ho
kjem i kofte og.» I fjor var det masse avisskriving her etter at
nokon hadde uttalt seg om Rafsbotn som ei samebygd. Det blei
kravd at redaktøren i Finnmark Dagblad skulle dementere
«skuldingane» om at mange i Rafsbotn var samar, sjølv om dei
aller fleste der har samisk bakgrunn. Da eg vaks opp fekk vi
bare lov å snakke norsk i familien, sjølv om dei gamle mest
snakka samisk. Sidan eg visste kor inngrodd motstanden mot det
samiske var på kysten, så åtvara eg mot at Folkeaksjonen skulle
fokusere for sterkt på samesak, men heller køyre på konkrete
skadeverknadar, særleg for fjordfisket. Likevel var det midt
under Altakampen at eg sjølv for første gong melde meg inn i ei
sameforening.
Kato: - Eg blei med i Sámiid Searvi først på slutten av
Altakampen. Eg er vokst opp i Honningsvåg, og det blir jo rekna
for ein svært så norsk plass, men ein stor del av folket har
samisk bakgrunn. Foreldra mine kom frå Laksefjord, men blei
tvangssentralisert ved gjenreisinga, og som så mange andre måtte
dei legge av seg det samiske. Derfor lærte eg heller ikkje
samisk som barn, det var bare eit språk som dei voksne kunne
bruke når vi ungane ikkje skulle forstå. Vi har røynslene til
fleire generasjonar å bygge på at det ikkje er bra å vere same.
Under staten sin «Ny Jord»-politikk for å få norske bureisarar
til Finnmark, blei oldeforeldra og besteforeldra mine jaga frå
buplassen sin i Laksefjorden. Samane blei forvist til dei mest
avsidesliggande plassane med den dårligste jorda.
Politisk bløff
- Midt under Altakampen blei det lova frå regjeringa at ingen
nye store inngrep skulle bli gjort i samiske område før retten
til land og vatn var avklara. Har dei holdt det løftet?
Ruth: - Nei, det var det vel ikkje så mange som trudde på. Ikkje
eg i alle fall. Om vi bare tar Alta kommune, så er det fire
vassdrag til som nå er foreslått utbygd. Så kjem Saltfjellet til
neste år.
Kato: - Nei, det løftet var ein stor politisk bløff. Sjå nå bare
på malmleitinga som foregår over snart helle Vidda. Dei bruker
ein masse maskinelt leiteutstyr, og set stygge spor i terrenget.
Alle opplysningar blir holdt hemmeleg for lokalbefolkninga og
lokale styresmakter. Men vi veit jo at dei mellom anna er ute
etter uran og andre radioaktive stoff. Gruve- og oljeselskapa
legg ned store pengar i leitinga, og finn dei noko stort skal
det mye til å stoppe dei. Og da kan vi få ei ødelegging av natur
og livsgrunnlag som blir mange ganger større enn Altautbygginga.
Ny Alta-kamp?
- Ja, tilbake til Altautbygginga. Det var jo først lansert
atskillig større planar. Kan vi stole på at det stoppar med
dette?
Ruth: - Nei, det kan vi slett ikkje. Joatkajávrrit blei i 1978
verna for 10 år, så det vernet går snart ut. I kraftverket var
det berekna to turbinar, som er det som trengs for å nytte
vatnet fra Virdnejávri. Men nå bygger dei tre turbinar for og å
kunne utnytte Joatkajávrrit. Da er det bare eit Stortingsvedtak
og ein kort tunnel som manglar. Eg var på omvisning oppe på
kraftverket for ei tid sidan, og da spurte eg byggeleiaren:
Skal dette brukas til vatn frå Joatkajavri? - Det er jo et
politisk spørsmål, svara han da. Så dette viser at vi hadde rett
da vi sa at den «reduserte» utbygginga var ein bløff. Og tar dei
Joatkajávrrit, da vil med ein gang skadeverknadane av utbygginga
bli adskillig større.
Til Til startsida
sveilund@online.no