Artikkel i avisa Sámiid Hilat, nr. 2 - 1978.
Sámiid Hilat var ei avis som blei gitt ut av AKP(m-l) / Klassekampen på samisk og norsk. Avisa kom bare med tre nummer. Artiklane var skreve på norsk og blei oversatt til samisk av forlaget Jår'galæd'dji.

Svein Lund:

Reindriftssamer på Áisaroaivve: - Det burde vere oss som bestemte over vidda!

- Det ber vere samane som bestemmer over Vidda. Det er det ikkje delte meiningar om blant oss som driv med rein. - Så bestemt svara Mikkel Per Persen Sara og sønnen Mikkel Isak Sara på Áisaroaivve på spørsmålet om kven som har retten til Finnmarksvidda - det samiske folket eller den norske staten.

- Eg meiner det er ikkje rett at berre staten skal bestemme slikt, held Mikkel Per Persen Sara fram.
- Vi har lite å seie, men det er vi som burde hatt mest å seie. Vi har levd her lenge. Vi flyttar og bur på Vidda. Vi er født og har vakse opp her. Da blir det slik at Vidda høyrer oss til. No føler vi på at det blir mindre og mindre att til oss samar. Kan hende blir det slutt med all reindrift, til slutt. Det blir kraftutbygging og vegar overalt, og med det mindre beiteland for oss. - Men vi kan ikkje gi opp, så lenge vi klarar å halde fram med reindrifta, føyer sønnen til. - I innstillinga står det at det berre er "enkelte samegrupper" som hevdar at Vidda er samane sitt land? - Det stemmer ikkje. Alle vi kjenner meiner det same: Det er vi som skal bestemme over Vidda, slår sønnen fast.

Mikkel Logje, ein eldre kar som har vore aktiv i NRL mellom anna med reindriftslova, seier som Sara: - Det går ikkje an at den norske staten skal bestemme over Vidda. Dei folka veit ikkje kva som går føre seg her, dei veit ikkje korleis Vidda skal brukast. Komitear må det vere, men det burde vere samiske komitear som greier ut om samiske område.


Til startsida

sveilund@online.no