Bokmelding i Klassekampen 29.10.2002

Svein Lund:

Er samane likevel ikkje urfolk?

Ei bok har denne sommaren og hausten sett sinna i kok i Finnmark. Kva er det med ei bok som kan få avisene til å trykke milelange kritikkar og like lange svar frå forfattaren, som kan få lokalaviser til å forsvare boka på leiarplass?

Den omstridte boka heiter "Er samene Finnmarks urbefolkning?", med undertittelen "Arkeologiens muligheter til å belyse forne folkegruppers etnisitet." Forfattaren heiter Karsten Adriansen og på forsida av boka presenterer han seg som arkeolog. Av innleiinga går det fram at forfattaren, som no har blitt 82 år, først som pensjonist fikk tid å "pleie mine interesser innenfor arkeologi og historie". Det førte den tidligare fiskebrukdisponenten frå Båtsfjord til Universitetet i Tromsø, der han studerte opp til arkeologi hovudfag. Men han ga seg ikkje med det, og den boka som no er i salg bygger på manuset som han sendte inn til Universitetet i Trondheim som doktorgradsavhandling. Siste kapitel i boka er historia om kordan avhandlinga blei avvist, ifølge forfattaren fordi det var "oppnevnt en inhabil bedømmelseskomite".

Det er ikkje utan grunn at boka har blitt lagt merke til. For dersom Adriansen har rett, er norsk politikk overfor samane bygd på eit sviktande grunnlag. Har han rett må ikkje bare historia skrivast om, men også dagens samepolitikk. Samelova og grunnlova sin sameparagraf kan stå for fall, det samme kan Sametinget, samisk læreplan i grunnskolen og ei rekke statsstøtta samiske institusjonar. Forfattaren trekker da nettopp desse konklusjonane og ikkje nok med det, han vil stille stortingspresident og statsminister for riksrett for å ha gitt samane uberettiga fordelar.

Som bestilt

Boka kjem som bestilt i forhold til behandlinga av Samerettsutvalet si innstilling. Regjeringa har varsla at ny lov om forvaltninga av statens grunn i Finnmark kjem opp til stortingsbehandling til våren. I spørsmålet om kven som har retten til jorda i Finnmark er både politikarar og folk flest delt i mange leirar. Både Samerettsutvalet og regjeringa går inn for ei ny forvaltningsordning der Fylkestinget og Sametinget deler på makta. Blant finnmarkingane varierer meiningane frå dei som meiner at Sametinget aleine skal styre fylket, til dei som vil at Fylkestinget eller Statsskog aleine skal styre alt. Dei siste har med dette fått ei gåvepakke, som dei vel vil vite å utnytte. Samerettsutvalet si innstilling bygger på at samane blir anerkjent som urfolk i Finnmark. Fell dette premisset, ligg det nært at ein må vurdere det meste om igjen.

Finnmark Dagblad skriv på leiarplass 28.september at "Adriansen har gitt et viktig bidrag og at hans bok er med på å påvirke beslutninger som skal tas på høyt hold i både embetsmannsverk og politisk besluttende organer." No er det knapt om Adriansen får oppslutning for dei mest ytterliggåande påstandane sine, men han kan i alle fall så ein tvil om den vedtatte sanninga at samane er urfolket i nord. Og tvilen kan vere eit sterkt argument for ikkje å innrømme samane fleire rettar. Derfor må denne boka takast alvorlig, både i faglige og politiske miljø.

Veit vi noko sikkert?

Fortida endrar seg stadig, eller rettare sagt vår oppfatning av ho. For 100 år sidan var det ei "vedtatt sanning" i Noreg at det bare hadde budd folk i Finnmark i eit par tusen år, i alle fall var busettinga her langt yngre enn sør i landet. Oppdaginga av Komsa-kulturen på 1920-talet snudde om på dette, og etter utgravingane på Sørøya og Magerøya på 1980 og 90-talet har Finnmark dei eldste funna av busetting i Noreg. Adriansen viser til noko av den nyare forskinga som har snudd opp-ned på ein del tidligare oppfatningar. Mellom anna syner han at det har vore jordbruk i Finnmark frå om lag 3000 f. Kr. år, det har til og med vore dyrka korn om lag 1400 f.Kr. Spørsmålet er om dette kan seie noko om kva for folkeslag som dyrka jorda her. Det meiner Adriansen, og han tolkar jordbruket som eit prov på norrøn busetting. "Kildematerialet vitner om sosial lagdeling og germansk etnisitet", skriv han, men grunngir ikkje nærare korleis ein kan sjå etnisitet ut frå desse jordbrukslevningane.

Adriansen stiller spørreteikn ved dei undersøkingane som er brukt som bevis på at samar har vore i Finnmark før nordmennene. Det er nok eksempel på at arkeologar har trukke skråsikre konklusjonar på noko sviktande grunnlag, som å seie at runde gammetufter er samiske, firkanta tufter er norske. Men dei strenge krava han stiller for å bevise samisk busetting, gjeld visst ikkje når ein skal vise ikkje-samisk busetting. Her er eitt eksempel, om "bogasteller" for jakt: "I Nordkyn-området finner en 50-talls slike stiller. Med nokså stor sikkerhet kan en fastslå at ingen av disse har vært oppført eller nyttet av samer." Dokumentasjon? Trengst visst ikkje.

Er dette vitskap?

Finnmark Dagblad skreiv at "Adriansen er vitenskapsmann og setter dermed problemstillingen i et vitenskapelig lys." Det avisa ikkje skreiv, var at boka er vraka som doktorgradsavhandling nettopp fordi kommisjonen meinte ho ikkje heldt mål i bruk av vitskapelige metodar. I følge NRK-Finnmark 28.8.2002 omtalte professor i arkeologi ved Universitetet i Tromsø, Bjørnar Olsen, boka slik: "Når man skal drive forskning så er det visse minstekrav til teori og metode og redelighet. Og ikke minst er det krav til kildekritikk. Ingen av disse punktene oppfyller Adriansen. Som vitenskapelig verk har den ingen verdi."

No er det sjølvsagt ikkje så lett for oss amatørar å vurdere alle vitskapelige og uvitskapelige metodar innafor arkeologien. Men dei fleste med minimalt kjennskap til Finnmark burde kunne vurdere sakligheita i nokre utvalde sitat frå boka:

"Lapper eller sjøfinner eller bufinner er en etnisk meget sammensatt gruppe som i dag betegner seg som sjøsamer. Deres daglige språk er norsk. Blant disse foregår det i dag en storstilet opplæring i norsamisk innen alle aldersgrupper for å skaffe seg tilhørighet til det samiske. Denne omskoleringen skjer under offentlig forvaltning og for offentlige midler." (s.113) Å avvise sjøsamane som samar er eit heilt sentralt spørsmål i Adriansen sin argumentasjon. Det utrulige er at i ei historisk avhandling spør han ikkje kva for daglig språk "sjøfinnene" hadde for bare 2-3 generasjonar sidan.

"Endrede stedsnavn fra norsk til samisk har en i de utgitte telefonkataloger, og hvorfra en henter et lite knippe. Tana er blitt til Deatnu. Kåfjord er blitt til Gaivuotna, Kautokeino er blitt Gouvdageaidnu. Magerøya er blitt Mahkaravju. Denne trenden tilsier at det vel bare er et tidsspørsmål før alle norske stedsnavn er blitt endret til samisk på alle nye kart over Finnmark." (s. 117) For ein arkeolog burde det vere rimelig å gå litt lenger tilbake i tida og spørre kva tid og korleis formene Kautokeino og Tana oppsto. Men fornorskingsperioden er fullstendig forbigått i Adriansens framstilling.

Etter å ha slått fast at det i 1997 var 8520 personer som hadde skrive seg inn i samemanntalet, og at barn og ungdom under 18 år utgjør 24,6% av befolkninga, reknar han ut talet på samar i Norge slik: "Det skulle da etter foranstående beregninger være bosatt 8520+24,6%=10615 samer i Norge." Ein som ikkje har skreve seg inn i samemanntalet er altså ikkje same. På liknande vis "beviser" Adriansen at samane er "9,09% av Finnmarks befolkning". Desse tala blir så brukt vidare i boka som argument for kor få samane er. Men sjølv dette er for mye for Adriansen, for mange av desse har eigentlig ingen rett til å kalle seg samar: "Ifølge finsk og svensk historie og tradisjonelle overleveringer nyttet fjellfinnene, reinfinnene, flyttlappene på 1700-tallet egenbetegnelsen same (eller sabme). Det burde være bare etterkommere etter disse som hadde rett til å nytte betegnelsen "same" i dag." Legg ein saman desse krava, må vel konklusjonen at dei einaste godtatte samane er dei som både stammar frå reindriftssamar og står i samemanntalet.

"For å teste ut min egen antagelse om at samene er integrert i det norske samfunn i Finnmark, ville jeg prøve å finne ut omtrent i hvor stor utstrekning samisk språk i alminnelighet ble nyttet i den daglige omgang med hverandre i Karasjok,…Jeg kontaktet 10 tilfeldig valgte personer under mitt opphold i Karasjok med forespørsel om de kjente noen familier i Karasjok som brukte samisk som daglig hjemmespråk, og nærmere adresse til disse, og som jeg hadde tenkt å kontakte. De kjente ikke en eneste familie i Karasjok som brukte samisk som hjemmespråk." Desse sitata er ganske typiske for nivået i boka, både når det gjeld beviskrav, logikk og språk.

Kva beviser språket?

Slektskap mellom språk kan seie noko om folkeforflyttingar i gamal tid, låneord fortel at språkgrupper har vore i kontakt med kvarandre. Adriansen forsøker og å bruke språket til å bevise at det var nordmennene og ikkje samane sine forfedre som dreiv jordbruk og keramikkproduksjon i Finnmark for eit par tusen år sidan: "Det er også påfallende at det i samisk ikke eksisterer ord for å lage keramikk, når en tar i betraktning den betydningen den såkalte asbestkeramikken har vært tillagt for påvisning og dateringen av samisk kultur. Produksjonen av asbestkeramikken opphørte innenfor det tredje århundret e. Kr. At det mangler ord for keramikkframstilling kan kanskje tolkes som at protosamisk først ble dannet etter at fremstillingen av keramikk opphørte, d.v.s. ca. år 300 e.Kr."

Frå keramikkproduksjonen opphørte har det gått omlag 1700 år. I over 1500 av desse har all overføring av samisk språk skjedd munnlig frå generasjon til generasjon. Da skal det godt gjørast å trekke noko konklusjonar av at ein i dagens språk ikkje kan finne ord for noko som gikk ut av bruk for om lag 50 generasjonar sidan. Både på norsk og samisk ser vi at orda er i ferd med å forsvinne i det munnlige språket for det som gikk av bruk for bare 2-3 generasjonar sidan.

Beviser boka noko som helst?

I avisannonse for boka blir ho presentert som "Boka som viser at samene ikke er Finnmarks eller Nordkalottens urfolk". Held så denne reklamen? Bokas undertittel er "Arkeologiens muligheter til å belyse forne folkegruppers etnisitet." Dette er ei høgst aktuell og reell problemstilling. Hadde forfattaren nøgd seg med dette, med å så tvil om dei arkeologiske bevisa for samisk busetting, kunne boka vore eit verdfullt bidrag til utviklinga av kunnskapen vår om fortida. Det er mange uløyste spørsmål i fortida til Finnmark og Nordkalotten, og her må ein tole at det stillast kjettarske spørreteikn. Adriansen meiner å bevise at ikkje-samiske folkegrupper kan ha vore tilstades i Finnmark i større grad enn historikarar og arkeologar har hevda til no. La oss no seie at han har rett i det. Beviser det i såfall hovudpoenget hans, at samane ikkje er urfolk? For å avgjøre dette må ein først definere samar og så definere urfolk. Her gjør Adriansen ei dobbel heilgardering for å definere samane ut av urfolksomgrepet. Det eine er å redusere samane til flyttsamar og etterkommarane deira. Det andre er å påstå at internasjonale urfolksrettar bare gjeld for "stammefolk", noko alle i dag er samde om at ikkje høver som karakteristikk av samane. Dersom slike kunstgrep er naudsynt for å motbevise samane sin urfolksstatus, skulle det aleine vere nok til å slå fast at denne står temmelig sterkt.

I eit innlegg i Finnmark Dagblad skriv Karsten Adriansen sjølv: "De som vil uttale seg om min bok…bør ha lest boken, og også punkt for punkt motbevise mine dokumentasjoner." Når eg ikkje her får motbevist fleire "dokumentasjonar", skuldast det eine og aleine avisa sin avgrensa spalteplass. Men får eg plass til meir, tar eg gjerne ein omgang til. Her er nok å ta av. I denne omgang sluttar eg av med karakteristikken til sametingsmedlem Svein-Peter Pedersen: "Adriansen blander sine politiske oppfatninger med sine fordommer, og forsøker å ikle dette en tynn ferniss av vitenskapelig dokumentasjon og akademia."

_______________________

Karsten Adriansen: Er samene Finnmarks urbefolkning?
Nor produkter, Båtsfjord
2002
296 sider

______________________________________________________________

Fleire artiklar om samiske spørsmål
Til startsida

sveilund@online.no