Bokmelding i Finnmark Dagblad,31.03.2006 og Klassekampen 24.04.2006

God faktabok om samepolitikk

Bjørn Aarseth: Norsk samepolitikk 1945-90. Vett og viten, 2006.

Mangel på kunnskap om både fjern og nær historie har og i stor grad prega debatten rundt samiske spørsmål i seinare år.

Mye har vore skrive om historia til dei tre folkeslaga i nord, men det har ofte vore spreidd og lite tilgjengelig. Dei siste åra har det kome fleire bidrag til å rette opp dette, og det største så langt er Bjørn Aarseth si bok «Norsk samepolitikk 1945-90. Målsettinger, virkemidler og resultater». Boka, so kom ut i februar, er på heile 622 sider. Ho behandlar i første rekke utviklinga i politikken til norske sentrale styresmakter. Aarseth har systematisk gått gjennom alle offentlige utval som har behandla samiske spørsmål, frå rett etter krigen og framover mot vår tid. Så har han følgt behandlinga av dei forskjellige innstillingane gjennom departement, stortingskomitear og stortingsdebattar, fram til lovendringar og praktiske resultat.

Forlaget skriv i presentasjonen av boka: «I 1945 var samene en spredt og lite påaktet minoritet, uten egne samfunnsorgan. Femti år senere var samene blitt anerkjent som et eget folk og som et urfolk, med egne rettigheter nedfelt i rikets grunnlov og øvrige lover og i internasjonale konvensjoner; med Sameting og en rekke andre samiske forvaltningsorganer, med offisiell status for samisk språk, og med en selvbevisst synlighet i media og samfunnsliv.»

Denne utviklinga skildrar Aarseth med ei grundigheit som ingen har gjort før. For den som vil vite kva som har skjedd i norsk samepolitikk, når det skjedde og kven som meinte kva, er denne boka vanskelig å komme utanom. Alternativet er sjølv å leite seg gjennom alle dei offentlige utgreiingane og stortingsmeldingane, og eg er i alle fall glad Bjørn Aarseth har gjort denne jobben for oss.

Bjørn Aarseth er utvilsamt ein av dei som har best grunnlag for å skrive ei slik bok. Han har hatt eit nært forhold til samisk kultur og historie frå oppveksten i Guovdageaidnu, og har arbeida med samiske spørsmål gjennom eit langt yrkesliv, som lærar og rektor i Karasjok, museumslektor ved Tromsø Museum og konservator ved Norsk Folkemuseum. Ved sida av arbeidet har han vore ein usedvanlig aktiv skribent, som har publisert eit utal av artiklar, dei aller fleste om samiske spørsmål, både historiske og dagsaktuelle. Som pensjonist har han bygd på alt dette og grundige studier i offentlige dokument for å lage ei bok knapt nokon andre kunne ha skrive.

Det første som slår ein når ein les om forholda like før og etter andre verdskrigen, er kor fråverande samane var i offentlige dokument og i den offentlige debatten. Dei var ikkje tilstades verken i planane for gjenreisinga etter krigen, i partia sine valprogram eller i skolen sine læreplanar.

Etter at fornorskingspolitikken slo gjennom hundre år tidligare, kom det første teiknet til eit nytt og meir positivt syn på samisk språk og kultur gjennom Samordningsnemnda for skoleverket i 1948, som slo fast: «Ein har ikkje nådd fram til ein skipnad som stettar dei krav ein mp setja til ei fullgod og omsynsfull opplæring for sameborna.» Denne innstillinga førte til nokre tiltak, som lønnstillegg for lærarar som lærer samisk og utgiving av tospråklig ABC, men i praksis held den gamle politikken likevel fram i all hovudsak som før. Samordningsnemnda si innstilling blei aldri behandla som eiga sak i Stortinget, som bare diskuterte samiske spørsmål i samband med nokre postar på statsbudsjettet. Ikkje før 1963 skulle det komme ein prinsippdebatt i Stortinget der nye retningslinjer for samepolitikken blei vedtatt.

Boka går gjennom alle dei viktigaste innstillingar, debattar og lovendringar som er gjort i etterkrigstida når det gjeld samiske spørmål, og det er ikkje få. Vi kan bare kort nemne: Samekomiteen av 1956, Landsdelsplanen for Nord-Norge, Aksjonsplan for de sentrale samiske bosettingsområder, Molteutvalget, Ressursutvalget for Finnmarksvidda, Reindriftslova, kulturmeldingar, Samekulturutvalet, Samerettsutvalet og arbeidet for ein nordisk samekonvensjon. Mens første 3/4 av boka er ei kronologisk framstilling, kjem deretter eit oppsummerande kapittel; «Endringer i samfunn og væremåte 1945-1990», som trekker opp dei viktigaste endringane innafor så forskjellige område som media, kyrkjeliv, jus og medisin. Til slutt peikar forfattaren på visjonar mot det 21 århundre og diskuterer samane si framtid bl.a. i lys av internasjonale konvensjonar om utfolk og minoritetar.

Har så utviklinga av samepolitikken vore ei solskinnshistorie? Nei, det har vore ei historie med mange kampar og mange tilbakeslag, noko ikkje minst kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget vitnar om. Denne har da og ein sentral plass i framstillinga. Aarseth åtvarar da også mot å tru at sigrane samane har vunne er sikra for godt: «En må fortsatt regne med ideologisk baserte utfall mot samene som folkeminoritet. Historiske rettigheter basert på alders tids bruk, «retten til land og vann», vekker irritasjon i den urbane befolkning, og samiske krav anses av mange som udemokratiske og i strid med allemannsretten. Samenes sak har hatt medvind de siste 25 årene. Det er ikke sikkert at denne velvilje for den samiske minoritet vil vare i all fremtid. Det kan komme tider der andre holdninger dominerer. En nordisk samisk konvensjon vil virke stabiliserende på de rettigheter som er oppnådd, bl.a. retten til å velge Sametinget og retten til land og vann.»

Perspektivet i boka er, som tittelen seier, norsk samepolitikk, dvs. sentrale styresmakter sin skiftande politikk overfor samane. Hovudfokus er derfor på det som skjer i departement og storting, og samiske, fylkeskommunale og lokale organ sitt syn kjem mest inn som innspel til sentrale styresmakter og reaksjonar på innstillingar og vedtak sentralt. Det blir sjølvsagt lett eit topptungt perspektiv. men for den som saknar korleis samar flest har opplevd denne politikken er det bare å seie at det er ikkje det som er tema her.

For forfattaren, som har vore engasjert i samepolitikken i heile denne perioden, er det sjølvsagt umogleg å gi ein heilt gjennom nøytral og objektiv framstilling. Likevel syns eg han i all hovudsak har klart det bra å gjengi kva som har skjedd og også kva dei meinte som han sjølv ikkje var samde med. Nokre få stadar blir det likevel noko samanblanding av referat og kommentar og tendensar til å fortelle kva ein heller burde ha gjort. Det gjeld særlig når han tar opp innstillinga frå Samekomiteen av 1956, ein debatt Aarseth sjølv var aktivt med i.

I følge tittelen dekker boka perioden 1945-90. Det er likevel ikkje konsekvent gjennomført. Her er fleire nyttige tilbakeblikk til tida før krigen, f.eks. innafor reindriftspolitikken, som er naudsynte for å forstå dei endringane som blei gjennomført i etterkrigstida. Samerettsutvalet, som no i skiftande variantar har eksistert i 25 år, er ein vesentlig del av norsk samepolitikk i denne tida. Dette har fått ein ganske liten plass i boka. Den første innstillinga, som kom i 1984, er behandla på 10 sider, mens arbeidet etter det ikkje har kome med. For å få oversikt over denne viktige sida ved norsk samepolitikk må ein altså ty til andre kjelder. Derimot har Aarseth fått plass til eit kapittel om arbeidet for ein nordisk samekonvensjon, sjølv om dette arbeidet først kom igang for alvor først på 2000-talet. Dette virkar noko uryddig, og også uforståelig på bakgrunn av at Samerettsutvalet sitt arbeid etter 1984 ikkje er tatt opp. Samerettsutvalet si andre delinnstilling var jo ferdig fleire år før arbeidet med samekonvensjonen starta.

I ei faktabok på 622 sider, med eit utal av detaljar, er det knapt mogleg å hindre at det kjem med nokre feil. Eg har så langt bare funne ein: Aarseth skriv: «Den eneste skole hvor det i 1950-årene ble gitt regelmessig undervisning i samisk språk og kulturhistorie var Den Samiske Ungdomsskole (Folkehøgskole) i Karasjok». Det er ei vanlig oppfatning, fordi det er svært lite kjent at Statens heimeyrkeskole for samer i Kautokeino hadde samiskundervisning for sine elevar 1952-56, dei siste åra også med eksamen og ekstern sensor.

Det er tydelig at forlaget har lagt stor vekt på korrekturlesing for å sikre seg mot trykkfeil i teksten. Dette er da godt gjennomført med eit unnatak; samiske ord og stadnamn. Her har tydeligvis verken forfattar eller forlag vore oppdatert på gjeldande rettskriving, noko som har ført til at ei rekke samiske ord er feil og tildels inkonsekvent skrive. I ei bok som skildrar kampen for det samiske språket burde ein kanskje kunne vente at dette blei tatt meir alvorlig.

Boka har ei svært oversiktlig innhaldsliste, grundige noter og litteraturliste. Derimot saknar ein register, som kunne vore svært nyttig når ein skal finne fram i eit slikt omfattande verk.

Med desse innvendingane kan eg likevel trygt tilrå boka. Om ho kanskje ikkje blir folkelesing i alle heimar, bør ho i alle fall finnast i alle bibliotek og skolar, og studerast av alle som deltar i offentlig debatt om samiske spørsmål.

Svein Lund


Til hovudsida.