Som eit resultat av Alta-kampen og sultestreikane utafor Stortinget vedtok regjeringa 7.1.1980 at det skulle settas ned eit utval for å utreie samane sin rett til land og vatn og andre samiske rettsforhold. Det tok fire år for Samerettsutvalet å lage den første delinnstillinga, som la grunnlaget for opprettinga av Sametinget, for Sameloven og sameparagrafen i Grunnloven. Andre delinnstillinga om retten til land og vatn i Finnmark skulle ta mye lengre tid. Meir enn 17 år har gått, det er produsert enorme mengder med dokument, herunder 2.500 sider med offentlige utreiingar. Og arbeidet med tredje innstillinga, om rettsforhold i samiske område utanom Finnmark har enno ikkje kome igang.
I mandatet som utvalet fikk av regjeringa i oktober 1980 heiter det bl.a:
Utvalget bør gi en historisk redegjørelse for hvilke rettsoppfatninger og rettsregler som har gjort seg gjeldende når det gjelder retten til og bruken av land og vann i områder med samisk befolkning i den utstrekning det er nødvendig for å klarlegge gjeldende rett og legge fram forslag til nye løsninger.
Men om ein går gjennom dei 2.500 sidene finn ein lite om samane sine eigne rettsoppfatningar. Da nordmenn, danskar og andre flytta inn på område der samane tidligare var einerådande var det eit møte mellom ein skriftlig og ein munnlig kultur. Og det er i all hovudsak den skriftlige tradisjonen som er dokumentert som grunnlag for å avgjøre kem som har retten til land og vatn.
Dette har blitt skarpt kritisert både av einskilde juristar og av samepolitikarar, bl.a. sametingspresident Ole Henrik Magga. Så seint som dagen før innstillinga blei lagt fram sa han i den samiske avisa Min Áigi:
"Dette er halvgjort arbeid.... For to år sidan blei det utnemnt eit utval, som skulle sjå på dei delene som Samerettsutvalet ikkje ville sjå på. Nemlig samisk bruk av land gjennom tidene og verknadane av dei for rettar til land og vatn. Men først no, to år seinare, har dette utvalet byrja å fungere. Eg blir å foreslå at det no blir høringsfrist på to år på Samerettsutvalet sitt arbeid. Men det er heilt klart, at dette arbeidet, som det nye utvalet skal gjøre, blir svært svakt i forhold til det det kunne blitt om det hadde vore under Samerettsutvalet sitt arbeid. Denne arbeidsmåten svekker heile Samerettsutvalet sitt arbeid."
Tidligare har det frå regjeringa vore sendt ut signal om at ein ville legge opp til ei høringsfrist på 3 til 6 månader. Men da Kosmo tok i mot rapporten i Kárásjohka gjorde han kuvending. Forskningsprosjektet om samisk sedvanerett og rettsoppfatningar skal vere ferdig på slutten av neste år, sa han, og politikarane må få denne på bordet før dei tar endelig beslutning. For første gong kom det dermed ei innrømming frå sentrale styresmakter om at mandatet ikkje var i mål, noko som i røynda betyr ein ganske skarp kritikk av at utvalet ikkje har gjort den jobben dei var sett til.
I 1991 blei Statens skoger omdanna til det statskapitalistiske foretaket Statskog SF, som seinare eineveldig har styrt utmarka i Finnmark og bl.a. delt ut løyve til mineralleiting utan at Sametinget blei så mye som informert før vedtaket var gjort. Dei 17 medlemmane av Samerettsutvalet er usamde om så mangt, men står samla om at Statskog sine dagar no snart er talte. Det nye organet som skal overta kallar dei Finnmark grunnforvaltning og dette skal styras av Finnmark fylkesting og Sametinget i fellesskap. Eit stort fleirtal i utvalet meiner Fylkestinget og Sametinget skal oppnemne fire medlemmar kvar til eit forvaltningsstyre, mens eit mindretal på to ønsker at Fylkestinget skal ha fleirtal her. Eit mindretal ønsker i tillegg til denne hovudmodellen at det blir høve til å opprette såkalla Samisk grunnforvaltning, bygd på dei samme prinsippa, men der Sametinget oppnemner eit fleirtal og Fylkestinget eit mindretall. Dette organet skal og ha Sametinget som ankeorgan. Dei kommunane og bygdelaga som ønsker det kan så slutte seg til Samisk grunnforvaltning.
I dag har Statskog styringa både med grunnforvaltninga (eks. mineralleiting, salg av jord, ekspropriasjon til vegar, kraftutbygging og militæranlegg osv.) og med forvaltninga av utmarksgode som ferskvassfisk, vilt, bær og trevirke.
Samerettsutvalet si innstilling innebærer eit skille her. Grunnforvaltninga vil bli på fylkesplan, evt. delt i to område, mens forvaltninga av dei fornybare ressursane i hovudsak blir lagt til kommunane. Kommunane kan på si side delegere noko av denne forvaltninga vidare til bygdelag. Delar av utvalet meiner og at bygdelag skal kunne kreve å få opprette eit bygdebruksområde som styrer bruken av utmarksressursane.
I diskusjonen om samerett er det ofte framstilt som at samerett betyr at bare samar skal få plukke bær og fiske. Dagen etter innstillinga var lagt fram sa ein Alta-væring på radioen at ein no ville måtte ha samisk pass for å plukke moltebær i Kautokeino. Men i utvalget sine forslag er det bare snakk om rettar for folk som bur i eit bestemt område, uavhengig av om dei er samar, kvenar eller norske. Det er bare to unnatak frå dette. Det eine er retten til reindrift som skal vere reservert for samar som han alltid har vore. Det andre gjeld austsamane i Neiden, som skal få sikra retten til reindrift og laksefiske.
Lenge før innstillinga blei lagt fram har diskusjonen gått høgt i Finnmark på grunnlag av meir eller mindre pålitelige lekkasjar og spekulasjonar om ka innstillinga ville gå på. Dei aller fleste partia i fylket er kløyvde mellom tilhengarar og motstandarar av samiske rettar og av forslaga frå utvalet.
DNA-avisa Finnmarken har alltid markert seg som ein konsekvent motstandar av samiske rettar, så også no. "Kysten taper" sto det med store bokstavar på førstesida ei veke før innstillinga kom. Da kan det ikkje ha vore livsgrunnlaget på kysten dei har tenkt på. Her har utvalet kome med fleire forslag som vil sikre kyst- og fjordfiskarane sine rettar, bl.a. rett til fritt fiske med passive reiskapar frå båtar under 7 meter. Det mange derimot er redde for er at ein kommunal forvaltning av f.eks. småviltjakt og moltemyrer skal føre til at kystbefolkninga skal bli nekta å høste disse ressurssane i innlandet.
Får så samane eigedomsrett til dei samiske bruksområda om Samerettsutvalet si innstilling blir vedtatt av Stortinget? Dette spørsmålet står framleis opent. To av utreiingane med undertittel "Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget" gir her motsett konklusjon. Mens Rettsgruppa si utreiing av 1993 mot ei røyst konkluderte med at Staten har eigedomsretten til utmarka i Finnmark, seier Folkerettsgruppa som kom med si utreiing samtidig med sjølve hovudutreiinga at samane "kan påberope eiendoms- og besittelsesrettigheter" til indre Finnmark og kanskje og andre område.
I sjølve utreiinga gjør ein det kunststykke å snakke om forvaltning istaden for eigedomsrett. Finnmark Grunnforvaltning skal vere eit "sjølvstendig rettssubjekt", men er det da eit statsorgan, og har det eigedomsretten? Derom vil sikkert både juristar og politikarar kunne stridas lenge. I alle fall vil mindretalsforslaget om Samisk grunnforvaltning ligge svært nær opp til å anerkjenne samisk eigedomsrett i dei områda som måtte komme under denne.
Sjølv om det er nok av dei som gjerne vil glømme det, er det ingen tvil om at det var kampen om Alta-utbygginga som utløyste opprettinga av Samerettsutvalet. Om vi tenker oss 18 år tilbake og forestiller oss at vi da hadde hatt det forvaltningssystemet som fleirtalet i SRU legg opp til, ville Altaelva da blitt utbygd? Dengang gikk kommunestyra i Alta og Guovdageaidnu mot utbygging. Men kommunane skal bare forvalte fornybare ressursar, og dei ville framleis ikkje kunne stoppa kraftutbyggginga. Fylkestinget i Finnmark gikk derimot med stort fleirtal inn for utbygging. Fylkestinget vil ha halve Finnmark Grunnforvaltning, i halve tida med leiaren si dobbeltrøyst. Og Finnmark fylkesting er framleis dominert av politikarar som set vekst framfor vern. Finnmark grunnforvaltning er derfor heller ingen garanti for å stoppe inngrep i samiske område. Eit svært knapt fleirtal i utvalet vil gi Sametinget 6 års utsettande veto i utbyggingssaker. Ut i frå dette kan det sjå ut som Samerettsutvalet sin forvaltningsmodell bare ville kunne ha utsatt Altautbygginga med 6 år.
Konklusjonen må bli at med det aukande presset på å utnytte samiske område til bl.a. mineralleiting er det eit skrøpelig vern fleirtalet i Samerettsutvalet legg opp til.
Etter overrekkinga i Kárásjohka var det presseseminar med høve til å stille spørsmål. Ein av dei som var møtt opp var tidligare fylkesmann og stortingsrepresentant Anders Aune, i si tid ein av dei ivrigaste forkjemparane for Altautbygginga.
"Samene i dagens Norge er ikke en undertrykt og forfulgt minoritetsgruppe. Det er i ferd med å skapes et slikt inntrykk, og det må jeg så skarpt jeg kan ta avstand fra." Dette sa Aune i 1979. Det bør vel ikkje forundre nokon at EU-forkjemparen Andres Aune i 1997 kallar Samerettsutvalet si innstilling "Ei katastrofe for Finnmark".
Kampen om retten til land og vatn er langt i frå over med denne innstillinga. For få månader sidan blei forslaget til ny minerallov lagt fram, ein lov som fullstendig avviser ein kvar rett for Sametinget, kommunar eller fylkesting til å kunne stoppe dei som vil endevende Finnmarksvidda etter gull og diamantar. Fleire internasjonale gigantkonsern er godt i gang med leiting, godt hjulpe av EØS-avtalen.
Det er no det brakar laus for alvor.
Innstillingar og utgreiingar frå Samerettsutvalet så langt:
Til startsida