Reportasje i Klassekampen, 27.01.1990

FØREBELS SIGER MOT POLSK 'TSJERNOBYL

Sveltestreik i ein drøy månad og demonstrasjonar som hindra transport av reaktordeler ga resultat. Bygginga av Polens første atomkraftverk i Zarnowiec er utsett og skal avgjerast gjennom folkeavstemning.

Av SVEIN LUND, GDANSK / ZARNOWIEC, POLEN

Ein skal ikkje vere lenge i Gdansk/Gdynia distriktet no før ein legg merke til plakatar og murmaling med «Zarnowiec — nie» og «Zarnowiec — Stop». Slik har kampen mot utbygginga av Polens første atomkraftverk i Zarnowiec skyve offisielle slagord og Solidaritet-parolar i bakgrunnen.

Kraftverket som det no er 10 år sidan det vert vedtatt å bygge ut, blir bygd med samme type reaktor som i Tsjernobyl — eller Zarnobyl som det vert kalla på polsk. Denne reaktortypen er alt så gamaldags at ingen andre bygger slike.

Utan betongdekke

Zarnowiec-reaktoren vil bli den siste i verda i sitt slag. Den har dårlegare kjølesystem og sikringssystem, og ikkje noko betongdekke slik det blir krevd ved alle reaktorar i vesten. Eit forhold som har ført til sterke miljøprotestar frå lokalbefolkninga.

På jernbanestasjonen i Gdynia ser vi ein stand med løpesedlar, underskriftslister og innsamlingsbøsse.
— Her står vi kvar dag frå seks om morgonen til ti på kvelden, fortel Joanna Radecka, som sjølv deltok i den første sveltestreiken mot atomkraftverket i november.
Ho tar oss med heim til Marek og Magda Czachor, og saman fortel dei om aksjonen som no har pågått i to månader.
— Det starta for alvor da deler til reaktoren kom med båt til Gdynia 15. november. Regionsleiinga i Solidaritet ba hamnearbeidarane om ikkje å losse reaktoren og oppfordra til blokade av transporten vidare. Men etter bare to dagar avblåste dei aksjonen.

Blokade

Derimot var det andre grupper som fortsatte blokaden. 14. desember kom 40-50 mann i kraftverket sine bilar under leiing av ein av toppsjefane. Dei gikk brutalt til angrep på blokadevaktene. Reaktordelane blei så flytta til den militære flyplassen der ein ny blokade blei satt i gang. Da blokadevaktene forsøkte å melde angrepet til politiet, fekk dei til svar at det berre var rett at dei var blitt slått ned.
19. november starta den første sveltestreiken som varte ut november. 8. desember starta nye sveltestreikar. Ein i Sør-Polen varte til julekvelden, ein i Gdansk held fram heilt til siste helg etter delsigeren.
— Fleire gonger har vi aksjonert utafor parlamentet i Warszawa. Vi blei kasta ut av hotellet til representantane og måtte snike inn løpesedlar til dei. Det vi lærte av kontakten med representantane i parlamentet var at mange av dei ikkje hadde peiling på saka, og at dei som er mot er for svake og kunnskapslause, fortel Joanna, Marek og Magda.

Solidaritet snudd

Både ved rundebordsforhandlingane i fjor vår og seinare i valkampen gikk Solidaritet mot bygginga av Zarnowiec. Men med regjeringsmakt fekk pipa ein annan lyd. Mye tyder på at utenlandsk press har spela inn her. Siemens har gitt 300 millionar dollar i kreditt. Vilkåret er at Polen skal levere strøm til Vest-Tyskland.

Den tidligare franske statsministeren Valerie Giscard d'Estaigne som er aksjonær i eit selskap som produserer kjernekraftverk, lova i haust store kredittar til Polen. Kjernekraftindustrien er no desperat på leiting etter nye marknader etter at utbygginga er så godt som stoppa opp i vesten.

Vedtar regjeringa å stoppe Zarnowiec, kan derfor ein stor del av den lova kapitaltilførselen frå Vest-Europa stå i fare. Av Solidairtet sine representantar i parlamentet frå Gdansk-området, er det bare ein som har holdt fast på motstanden mot Zarnowiec.

Sveltestreik

Dei fire som sveltestreika i halvanna månad fram til forrige helg da vedtaket om lokal folkeavstemning kom, heldt til i ei bygning som hører til universitetet i Gdansk. Der traff vi to av dei, Tomasz Wodecki og Klaudiusz Wesolek. Dei var tydeleg prega av lang tid utan mat, men framleis oppegåande og ivrige etter å fortelle om aksjonen.
Dei viser fram ei stor bunke med støttebrev dei har mottatt frå bedriftsklubbar av Solidaritet, studentorganisasjonar og miljøorganisasjonar. 300000 har til no skrive under på underskriftslister, og to meiningsmålingar i Gdansk fylke syner begge overvel dande fleirtal mot kjernekraftverket.

Frå utlandet har det hittil vore lite støtte. Dei har forsøkt å kontakte Greenpeace, men er skuffa over responsen frå dei. Dei blir glade når vi kan fortelje at i Norge har Natur og Ungdom sendt ut pressemelding om saka.
— Kva reaksjon har de fått frå regjeringa ?
— 23. desember vedtok regjeringa å stanse bygginga i Zarnowiec for eit år. Dei seier det er økonomiske årsakar, men det trur vi ikkje på. Regjeringa vil ikkje innrømme at aksjonen vår har pressa dei, men ein senator har takka oss for å ha bidratt til anleggsstoppen.
— Men når anleggsarbeidet er stoppa, kvifor fortsett de da streiken?
— Ingen ting er endeleg avgjort. Nokon vil stanse bygginga, nokon vil vinne tid. Ingen kontraktar er sagt opp. Vi vil fortsette sveltestreiken til eit endeleg vedtak om at Zarnowiec ikkje skal byggast, er fatta, sa Tomasz og Klaudiusz da vi møtte dei for to veker sidan.

Men sidan vi var i Gdansk blei kravet om lokal folkeavstemning om bygging av atomkraftverket innfridd. Sveltestreiken er derfor avblåst. No gjenstår å se om «Polens første demokratiske regjering etter krigen» som dei kallar seg, bryr seg meir om folkemeininga enn tidligare regjeringar, og følger den rådgjevande folkeavstemninga. For alle meiningsmålingar tyder på eit klart fleirtal mot atomkraftverket.


Til startsida

sveilund@online.no