Artikkel i Klassekampen 28.09.1987

Framgang for ny polsk opposisjon

Ein av dei mest interessante av dei polske undergrunnsrørslene er Wolnosc i Pokoj. WIP blei danna høsten 1985.

Av SVEIN LUND, Wroclaw

Først i år er rørsla blitt vidare kjent utafor Polen, særlig gjennom det internasjonale fredsseminaret dei arrangerte i Warszawa i mai, med deltakarar frå mange land. Som fredsrørsle samarbeider dei med fredsrørsler i vestlige land, men skiller dei seg på fleire måtar ut frå disse. Det er nok ikkje tilfeldig at dei har vald namnet «Wolnosc i Pokoj - Fridom og fred», og at fridomen kjem først. Mens polske styresmakter gjerne skryt stort av fredsrørsla i vest, blir WIP hardt undertrykt. Så er då WIP og noko langt meir enn ei fredsrørsle. I prinsipperklæringa frå skipingsmøtet strekar dei opp 7 hovudområde å arbeide på:
l. Menneskerettar
2. Nasjonal frigjering
3. Krigsfaren og den internasjonale fredsrørsla
4. Miljøvern
5. Sulten i verda. Humanitært hjelpearbeid.
6. Menneskelig utvikling.
7. Toleranse

Stopp giftig industri

Ei av dei sterkaste WIP-gruppene finn vi i Wroclaw, og her traff vi Tomasz Wacko, Radoslaw Gawlik og Leszek Budrewicz, som gjerne ville fortelle om den største suksessen dei har hatt i der; kampen mot forureininga frå Huta Siechnice.
- 10 Km frå sentrum av Wroclaw blei det for 20 ar sidan bygd eit smelteverk. Dette slipp krom og andre tungmetall ut i luft og vatn, noko som gir kreft og andre helseskader. I 70-åra blei vatnreservoaret for Wroclaw lagt like ved fabrikken, og denne skulle leggas ned i 1980. Men produksjonen fortsatte, og vatnet blei forgifta. Få visste om dette. Vi ville vise folk ka som foregikk og samtidig presse på for å få stengt fabrikken. 3 ganger forsøkte vi å gå i demonstrasjon gjennom byen. Kvar gang blei vi tatt av politiet, og folk fikk opptil 50000 zl i bot. Men etter 3. aksjonen vedtok styresmaktene at bedriften skal stansas frå 1991. No er vi ein liten organisasjon og skal ikkje ta æra aleine. Vi fikk støtte frå Polens Økologiske Klubb og det var og motseiingar innafor statsbyråkratiet. Men vi må i alle fall seie oss nøgde med resultatet så langt, sjølv om avgjerda enno ikkje er endelig. Bedriftsleiinga arbeider fortsatt for å omgjere vedtaket om nedlegging.
- Men ka med arbeidsplassane når de krev fabrikken nedlagt?
- Vi krev sjølvsagt at arbeidarane må fa nytt arbeid med minst samme lønn. Men arbeidsplassar er ikkje noko stort problem her. Det er heller mangel på arbeidskraft.

Tsjernobyl-demonstrasjon

Etter Tsjernobyl-katastrofa var det svært dårlig informasjon i Polen. Vi visste ikkje ka skadeverknadane var her, om det var farlig å ete grønnsaker, osv. Då gjennomferte WIP to demonstrasjonar i Wroclaw. Først var vi 20 som satt midt i Wroclaw med transparenter med informasjon om Tsjernobyl. Vi satt 20-30 minutter, og gikk så frå kvarandre utan at politiet hadde grepe inn. Seinare gikk 40 unge mødre med barnevogner i gata med Tsjernobylplakatar. Heller ikkje då greip politiet inn. No er kjernekrafta på full fart inn i Polen og. Idag fins bare eit kjernekraftverk, og det brukas til forsking, men no er to under bygging. I Gdansk samla WIP-aktivistar inn 2000 underskriftar mot kjernekraft på 2 timar på gata. Vi meiner innføringa av kjernekraft i Polen er bare politisk og militært motivert. Økonomisk sett er det vanvittig. Men Comecon har vedtatt at alle Comecon-landa skal satse på kjernekraft, og då må Polen følge opp.

Økologisk katastrofe

Forureiningsproblema i Polen er na blitt så store at og regjeringa har slått alarm. Dei har erklært 4 område som økologiske katastrofeområde: Katowice, Krakow, sjøen ved Gdansk og Legnica-Glogow-området. Mye av ferskvatnet i Polen er så ureint at det kan ikke drikkas utan koking. Dei store elvene Wisla, Warta og Odra er reine kloakken, der ingen lenger tenker på å bade. Større og større del av Østersjøkysten blir og avstengt for bading pga. forureininga som elvene tar med seg hit. WIP har gjort mye arbeid med å samle og spreie informasjon om dette, og Radoslaw veit mye om følgene av forureininga: - Midt i dei verst forureina områda dyrkas det grønnsaker, som etas av arbeidarane i fabrikkane med mest forureining både innvendig og utvendig. Ikkje rart vi i industriområda i Sør-Polen finn langt lågare levealder enn i heile landet, og enno ligg Polen på.botn i Europa. Polen har.største kreftdødeligheit i Europa, dette gjeld særlig lunge- og magekreft, som er nært knytta til forureininga.

25 prosent av dei som der i Polen er i alderen 14-34 år, det er nest høgast i Europa, og barnedødeligheten er på 4.plass. Det er mange eksempel på at barn er født med skader pga. petrokjemisk industri. Skogsdøden er blant dei verste i Europa. Dei fleste av fabrikkane i Polen har svært dårlig rensing av avgassar og avløpsvatn. Svært mange har ikke renseanlegg i det heile. Svoveldioksyd og tungmetall slippas ut i store mengder. I tillegg kjem kolfyring som står for omlag 20 prosent av luftforureininga. Alle hus i Polen har kolfyring. Dei brukar kol og ikkje koks som forureinar langt mindre. No produserer Polen koks, men den blir eksportert. Etter at polakkane har fått røyken frå koksverka. Under Gierek (1970-80) var det total sensur om dette, ingen ting var lov å skrive offentlig. No går ikkje dette lenger, og styresmaktene innrømmer at det er alvorlige problem.

Mot Sovjet

WIP har engasjert seg sterkt i støtte til ungdommar som har nekta militærtjeneste og soldatar som har nekta å avgi den militære eden. Polske soldatar må ikkje bare sverge truskap mot fedrelandet, men og mot alliansen med Sovjetunionen. Og det er det ein del som forståelig nok har nekta. Og så blir dei satt i fengsel. Men eit resultat av kampen om dette er at i dei halvmilitære styrkene har teksten på eden blitt endra.
- I Aust-Europa snakkas det mye om fred. Men dette brukas som eit alibi for urettferd. Eg ser ikkje Sovjet som nokon forsvarar av verdsfreden. Tvert om er Sovjet ein større fare for verdsfreden enn USA.
Kem av WIP-aktivistane som kom med denne uttalelsen er det kanskje best å ikkje trykke.

Ungdomsrørsle

Wolnosc i Pokoj er i all hovudsak ei ungdomsrørsle. -Eg er 30 ar, og den eldste av aktivistane her i Wroclaw, fortel Leszek. - Vi samarbeider med Solidarnosc, men vi tar opp ei rekke problem dei ikkje tar opp, sidan Solidarnosc i første rekke skal vere ei fagrørsle. Vi kjempar mot undertrykking overalt i verda, derfor støttar vi Amnesty International.

I Polen er det mange som hatar kommunismen så sterkt at når dei hører at kommunistar er arrestert eller forfulgt f.eks. i Filipinene, seier dei: «Det er bra. Kommunistar bør i fengsel.» Vi i WIP er ikkje med på denne tankegangen. Vi vil forsvare menneskerettane overalt. Vi har og engasjert oss i hjelpearbeid for folka i Afghanistan og Kambodsja. Ei anna sak der vi gjerne vil engasjere oss sterkare er problema for dei nasjonale minoritetane i Aust-Europa, slik som ukrainarar og litauarar i Polen, polakkar i Sovjet, ungararar i Tsjekkoslovakia og tyrkarar i Bulgaria.

Vi forsøker å arbeide innafor kyrkjelige ungdomsklubbar, rockemiljø og studentklubbar. Til no har vi ingen formell leiing. Vi møtas representantar for dei ulike gruppene for å diskutere aksjonar, og så har vi ein pressetalsmann i Warszawa. Og så har vi nokre gode aksjonar på gang utover hausten, men dei er det ikkje verd du skriv om enno..


Til startsida

sveilund@online.no