Dette brevet på polsk / Ten list po polsku

Ope brev sendt UDI-direktøren og Klassekampen, 05.12.2006
07.12.2006 fikk vi melding om at Klassekampen ikkje vil prente innlegget "av plasshensyn". Det er derfor så langt bare offentliggjort her.

Eit bidrag til UDI sitt omdømme

Utlendingsdirektoratet (UDI) har vore skulda for rasisme og diskriminering av folk med låg utdanning, muslimar og folk frå land utafor EU/EØS. Er det eit tiltak mot dette når ein kvit sivilingeniør frå eit kristent EU-land no er utvist etter 7 års ekteskap med ein nordmann?

Ope brev til den nye UDI-direktøren

Korleis kan ein starte eit brev til UDI-direktøren? "Kjære UDI-direktør" passar ikkje. For ikkje kjenner vi deg og institusjonen du leiar er alt anna enn kjær for oss. "Ærede" passar heller ikkje, da vi har vondt for å sjå kva for ære ein kan få av å utvise flest mogleg utlendingar. Så får vi heller spare høfligheitsfrasene og gå rett på sak.

På grunn av ufrivillig eksil i eit land med poststreik mottok vi først 29.11. Klassekampen av 16.11.2006. Der kunne vi lese at du uttaler: "Den største utfordringa no er å byggja opp Utlendingedirektoratet sitt omdømme." Det kan vi godt forstå, etter all kritikken UDI har vore utsatt for. Det er likevel vanskelig ut frå intervjuet å forstå korleis omdømmet skal betrast - og overfor kven.

Med å kople intervjuet saman med eigne ferske røynsler har vi likevel kunna danne oss ein teori om kva som ligg bak: UDI og norsk utlendingspolitikk har vore skulda for å diskriminere fire grupper: svarte, muslimar, folk frå land utafor EU/EØS og folk med låg utdanning. For å betre UDI sitt omdømme blant folk som er opptatt av menneskerettar og rettferd, vil det vere viktig å kunne slå tilbake alle desse skuldingane. Det kan ein gjøre på to måtar. Å slippe inn fleire svarte muslimar med låg utdanning frå land utafor EØS synast ikkje å vere mogleg i eit land der framandfiendtlige krefter har fått legge premissa for innvandringspolitikken. Da gjenstår den andre metoden, vise at Noreg ikkje diskriminerer, gjennom også å avvise høgt utdanna kvite innvandrarar frå kristne land i EU.

Det uforståelige blir no forståelig: Vi er offer for kampanja for å betre UDI sitt omdømme. No ventar vi vel ikkje at du som sjef for eit slikt stort direktorat skal bry deg om noko så smått som einskilde menneskeskjebner, men i von om at vi tar feil vil vi fortelle historia vår her.

Det byrja på slutten av 80-talet, da Svein gjennom utveksling for studentar fikk jobbe ein sommar i Polen. Der fall han så ettertrykkelig for ein kvinnelig skipsverftsarbeidar at dette forholdet blei grunnlag for samanstøyt med UDI nesten tjue år seinare.

Frå starten visste vi det ikkje ville bli lett, blant anna på grunn av forpliktingar overfor eldre familiemedlemmar. Vi forsto etter kvart at for å få leve i lag gikk det ingen veg utanom den heilage ektestand. Det skulle likevel vise seg at hindra ikkje var over med det.

Av forskjellige årsakar blei mesteparten av samlivet dei første 2 1/2 åra etter bryllaupet lagt til Polen. I 2002 var tida mogen for å forsøke å flytte til Noreg. Langt om lenge fikk Basia innvilga midlertidig opphalds- og arbeidsløyve for eitt år av gangen. Tre år på rad måtte ho sende ny søknad med bekrefting frå våre venner på at vi stadig levde saman, på den oppgitte adressa i Noreg. Og det gjorde vi jo - i alle fall delar av året. Andre delar av året befant vi oss heilt andre stadar: i Polen eller i andre enden av Noreg, til dels i lag og til dels kvar for oss, sidan forpliktingane overfor familien ikkje var blitt borte av at vi var blitt gift. Snarare tvert om, dei gamle blei eldre og med det trong dei meir hjelp.

Livet var ikkje bare enkelt, men vi var framleis lukkelig gift og innstilt på å fortsette med det. Etter tre år med midlertidig arbeids- og opphaldsløyve var tida kome for å søke om permanent busettingsløyve. No var det plutselig blitt meir å fylle ut på skjemaet; alle opphald utafor Noreg i dei tre åra som var gått. Så langt hadde ingen opplyst om at vi kunne bli utsatt for noko slikt, så det var bare å fylle ut etter beste hukommelse. Hos politiet fann dei no ut at dette var eit tvilstilfelle, sidan Basia hadde vore meir enn 7 månadar ute av Noreg i dei 3 åra. Derfor kunne dei bare gi oss eitt år til midlertidig. Neste år var vi tidlig ute for å søke UDI om busettingsløyve. Vi sender med eit følgebrev, der vi forklarer at hovudårsaka til mye opphald i Polen er ansvar for gamle og sjuke familiemedlemmar. Vi forklarer og at store delar av den tida Basia har vore i Polen, har Svein og vore der.

Så i haust, eit par dagar etter at Basia var reist til Tyskland på forretningsreise, kjem lensmannen på døra til Svein: - Eg skulle levere dette til ei dame som bur hos deg. Ho er nekta vidare opphald i landet, og eg skal sjå til at ho reiser ut.

Men no var fuglen floge og kva da? Svein kunne ikkje få papira, for dei var ikkje til han. Han måtte vende seg til utlendingsavdelinga ved Vestfinnmark politidistrikt. Det er lettare sagt enn gjort, da dei er tilgjengelig maksimum 6 timar for veka. Til sist godtok dei at om Basia sendte ein faks frå Polen, kunne dei sende henne kopi av avslagsbrevet frå UDI.

Først hadde dei avslått søknaden om busettingsløyve. Forklaringa vår var avvist med argumentasjonen: "Det bemerkes forøvrig at utlendingsforskriften §43 ikke åpner for skjønnsmessige vurderinger. Det er derfor ikke anledning til å se hen til årsaken til søkers utenlandsopphold." Det ville kanskje vere for mye forlangt at ein enkel saksbehandlar i UDI skal klare å forholde seg til meir enn ein paragraf om gangen, særlig når regelen om skjønn står heile to paragrafar lenger ute i forskriften.

Ikkje nok med det. UDI hadde med det samme avvist at Basia kunne få forlenga det midlertidige arbeids- og opphaldsløyvet. "Det er et vilkår for fornyelse av tillatelse ... at ekteskapet består og at partene fortsatt bor sammen ... Dette vilkåret er ikke oppfylt. ... Med begrepet "bo sammen" menes det at man fysisk skal bo sammen i Norge." På grunnlag av denne definisjonen kjem ein derfor til at den tida vi bur i lag i Polen så bur vi ikkje i lag, men er "atskilt", og har derfor ikkje eit fungerande ekteskap!

Enno verre var det vidare: "Søkeren har ingen særlig tilknytning til riket, og det foreligger heller ikke sterke menneskelige hensyn som taler for å gjøre unntak fra de alminnelige vilkår for å gi tillatelse." Om ein ikkje får tilknytning til riket av å vere i lag med ein nordmann i 17 år, vere i Noreg kortare eller lengre tid kvart år, vere gift med same nordmann i 7 år og bu her omlag halve året i 4 år og i tillegg snakke godt norsk og ha mange norske venner, korleis får ein da tilknytning til riket? Er det noko ein må vere fødd med? Er ikkje ektefolk sin rett til å vere gift og samtidig ta ansvar for pleietrengande familiemedlemmar eit sterkt menneskelig omsyn?

På dette grunnlaget er søkaren så pålagt å forlate riket og politiet å foreta utreisekontroll, samt "iverksette vedtaket uten unødig opphold" dersom ikkje søkaren reiser frivillig. Ettersom den forviste allereie var ute av landet da vi fikk meldinga, har vi ikkje fått prøvd ut korleis politiet ville gjennomføre dette. Derimot har vi forgjeves gjennom snart 2 månadar forsøkt å få eit svar på kva vedtaket betyr i praksis, for tida mens klagen vår er til behandling. Er Basia no nekta adgang til Noreg for livet? Eller kan ho komme tilbake som "turist"? Dette spørsmåla har vi forsøkt å få svar på frå Vestfinnmark politidistrikt, Det norske konsulatet i Gdynia, Den norske ambassaden i Warszawa og Den polske ambassaden i Oslo. Ingen av dei har svart.

Vi har stor forståing for behovet for å betre UDI sitt omdømme i forhold til dei nemnde skuldingane om diskriminering. Vi forstår og at tilfellet vårt er spesielt godt eigna til dette, fordi ein med eitt einaste tilfelle kan motbevise alle fire påstandane: Her kastar ein ut ein kvit sivilingeniør frå eit svært så kristent EU-land. Fire fluger i ein smekk!! Dessverre har ingen spurt om vi var villige til dette offeret for å betre UDI sitt omdømme, men det er vel underordna.

I mellomtida sit vi i Polen og ventar på svar. Svein har lov å vere her til 18. januar. Deretter kjem vi, med eller utan svar, til å forsøke å ta oss inn i Noreg. Så får vi sjå kva for straffetiltak vi da blir utsette for.

Kritikarane kan no trekke tilbake alle skuldingar om diskriminering: UDI er ganske enkelt bare generelt utlendingefientlig og umenneskelig. Men er det noko betre?

Med helsing
Basia Głowacka og Svein Lund
p.t. Gdańsk

PS. 07.12.06.

Vi skreiv at ingen hadde svart på kva rettar Basia har mens vi ventar på klagebehandlinga. Men dagen etter at brevet var sendt til UDI-direktøren, kom det svar frå Ambassaden i Warszawa, som hadde fått dette frå UDI: " ... Hun kan da være i Norge på samme vilkår som tidligere inntil saken er klagebehandlet forutsatt at hun har søkt fornyelse i tide og påklaget det negative vedtaket i tide. ... Dersom hun reiser ut og inn vil hun miste sine rettigheter, dvs. hun er ikke lenger i Norge på samme vilkår og har vel f. eks. da ikke rett til å arbeide."

På eine sida er ho er pålagt å forlate landet. På andre sida vil ho ved å reise ut mistar rettane som ho elles ville hatt! Er det slik ein bygge opp UDI sitt omdømme?


Etterskrift 11 år etterpå
Korleis gikk det så etter dette? Jo, vi fikk avslag etter tur frå UDI, UNE og Sivilombodsmannen. Dei kosta på nokre variantar av formuleringane, men stort sett var det blåkopi. Ja, vi veit vi skulle gått til rettssak, i Noreg og ved internasjonale domsstolar. Men vi orka ikkje meir, og syntest vi hadde betalt nok for å få avslag. I ettertid har visstnok reglane blitt noko endra, det er dei som hevdar ho ville fått løyve om ho søkte i dag, men prisen for å søke har no blitt så høg, og ho måtte ha starta på nytt med 3 år midlertidig og søknad og betaling kvart år. I staden søkte eg om midlertidig opphaldsløyve i Polen. Eg fikk innvilga det for 5 år med det same, og no skal det snart fornyast. Reknar med det går greitt, ingen spør om eg kanskje har vore for mye i Noreg.
Basia har halde fram å reise til Noreg eit par gongar for året, og har ikkje hatt problem på grensa så langt. Men jobbe må ho gjøre i Polen, om ho skal ha noko å leve av, så da avgrensar Noregsopphalda seg sjølv. Og om nokon lurar på det – vi er framleis gift. Og ingen av oss er særlig glade i styresmaktene i nokon av landa, men vi er hjertelig samde om at dei verste – dei finn vi i Noreg.

Til hovudsida.