Svein Lund: Reportasje i Klassekampen, Fredag 22. januar 1988

Ta dei raude!

Å vere sosialist i det sosialistiske Polen er ingen spøk. Ut i frå røynslene gjennom 40 år ser dei fleste polakkar ikkje særlig positivt på ord som sosialisme og kommunisme. Men 15. november 1987 blei Polska Partia Socjalistyczna (PPS) danna, og som første norske avis har Klassekampen truffe nokre av leiarane for det nye partiet.

I samband med 70-årsjublleet for Oktoberrevolusjonen laga nokre ungdommar i Wrocław eit gateteater der dei kledde seg ut i raude drakter og med modellar av Potemkin og Aurora, båtane som ga signalet til revolusjonen i Leningrad. Polske styresmakter feirar og Oktober-revolusjonen. Men feiringa til ungdommane i Wrocław var ikkje del av det offisielle programmet. Så da politiet kom til, ropa dei ut: "Ta dei raude! Ta dei raude!" Og meir enn 100 blei arrestert, mens publikum ropa: "- Revolusjon! Revolusjon!" Denne historia fortel Zuzanna Dąbrowska, som er leiar for PPS i Wrocław og medlem av sentralkomiteen. Vi har truffe ho saman med Piotr Ikonowlcz frå Warszawa som er medlem av partipresidiet.

6 års arbeid

Skipinga av partiet er eit resultat av seks års arbeid, fortel dei. Frå 1983 har arbeidet vore dreve rundt undergrunnsavisa Robotnik (Arbeideren), og Robotnik har nå blitt organ for PPS. Skipingskongressen var inga enkel sak å få avvikla. Heile tre ganger blei kongress eller pressekonferanse avbrote av politi, og mange blei arrestert. Under ein pressekonferanse blei til og med utanlandske pressefolk arrestert og forhørt på linje med delegatane. Dokumenta frå kongressen er nå trykt opp på ein skrøpelig stensilmaskin og sendt ut i Polen. Ved sida av skipingserklæringa og vedtektene finn vi her namn og adresse på samtlige medlemmer i presidiet og sentralkomiteen.
- Korleis i alle dagar kan de finne på dette ?
- Vi er eit legalt parti, seler Piotr. Legalt, men fredlaust.
- Dette må du forklare nærare...
- Mange av medlemmane våre har blitt innkalt til kommunale styresmakter og fortalt at foreninga kalt PPS er illegal. Dei har da svara: Nei, vi er eit legalt parti som ønsker å bli registrert som det og delta i vala. Bare syn oss korleis vi skal gjere det, og vi vil følge reglane. Men det kan dei ikkje, for det fins ingen slike reglar i Polen. På andre sida er det heller ingen lovar som seler at partiet vårt er ulovlig. Det som derimot er ulovlig i Polen er å lage hemmelige organisasjonar. Derfor står leiinga og alle medlemmar i PPS ope fram.

Ideologi

Kva er nå dette for slags parti? Kva står del for i praktisk innan- og utanrikspolitikk og kva slags sosialisme vil del ha? Dette er ikkje lett å svare på idag. Skipingserklæringa gir ein pekepinn: VI vil ikkje bygge programmet på ein stiv doktrine. Vi vil ikkje knytte det til ein bestemt filosofi. Likevel skjuler vi ikkje at i dag er dei sosiale ideala til den katolske kyrkja, i første rekke læra til Johannes Paulus 2, nærare for oss enn marxismen. Men dette var og eit kompromiss som ikkje alle var enige om, og vi kan vente harde diskusjonar fram til programmet blir vedtatt på første ordinære kongress i løpet av 1988.
- Vi er eit sosialistisk parti, seier Piotr og Zuzanna. Ikkje sosialdemokratisk, ikkje kommunistisk. Vi vil ha kontakt med alle sosialistiske parti som ikkje er Moskva-parti. Og vi vil trulig søke om medlemskap i den Sosialistiske Internasjonale. Vi har alt god kontakt med fleire parti der.

Røter

Dette er ikkje første gang det oppstår eit parti ved namnet Polska Partia Socjalistyczna. Det første blei danna i 1892, men kløyvd alt i 1906. Seinare har det vore fleire kløyvingar, og det store stridsspørsmålet har vore kor stor vekt ein skulle legge på polsk sjølvstyre. I 1918 gikk delar av PPS inn i kommunistpartiet. I 1948 blei PPS tvangssamansslutta med kommunistpartiet under namnet PZPR - Polens Forente Arbeiderparti. Dette skjedde mens mange PPS-lelarar satt fengsla. Men mens partiet forsvann i Polen, har det heile tida eksistert i eksil. I november hadde to fraksjonar av PPS i eksil møte l Paris der dei gikk saman igjen, og PPS-kongressen i Warszawa sendte helsing til dei. Men det partiet som er danna no er ikkje danna av eksilpartiet. Det er grodd ut av den polske arbeidarklassen og opposisjonen. Ein stor del av medlemmane er unge arbeidarar, aktivistar frå Solidarność. Avisa Robotnik var tidligare organ for MRKS (ein samordningskomite for Solidaritetsklubbar i fabrikkar) Og PPS ser fagforeningsarbeid som ein av sine viktigaste oppgåver. Dei stør Solidarność, men vil ikkje blankt avvise å arbeide innafor dei offisielle fagforeningane.

Avis-aksjon

Den første aksjonen til PPS gikk føre seg i november, og her dro dei nytte av gode kontaktar på mange arbeidsplassar.
- I samarbeid med lokale Solidarność-klubbar laga vi bedrittsaviser som tok opp lokale forhold på bedriftane, fortel Zuzanna. Dette skjedde på omlag 20 fabrikkar i Warszawa og Wrocław. På nokre av disse var det undergrunnsaviser frå før, men dei blei bare spreidd i få eksemplar. Kanskje ikkje meir enn 10-15 prosent av arbeidarane fikk lese del. Men vi stilte oss opp foran bedriftporten i skiftbyttet og delte ut til alle. Nokre stader fikk vi og delt ut inne på fabrikken. Nokre stader blei vi tatt av politiet, andre stader nådde ikkje politiet å rykke ut før aksjonen var over.
- Kva slags saker tok de opp i disse avisene?
- På ein av fabrikkane der det blei laga avis for første gong er det mange kvinnelige arbeidarar som har svært dårlige arbeldsforhold. Vi skreiv om dette, og i dag hørte eg frå denne fabrikken at leiinga hadde fått panikk da disse avisene kom. Arbeidarane hadde alt fått nye stolar og det var satt opp forheng for å verne mot trekk. Så det er ikkje tvil om at dette var vellukka. Og særlig syns vi det er flott at mange underjordiske Solidarność-grupper ønsker å fortsette med dette.

Glasnost på polsk?

Nå blir det snakka om Glasnost og Perestroika både i Sovjet og heile Aust-Europa. Er vi i ferd med å få ei grunnleggande demokratisk endring ? - Eg trur ikkje på grunnleggande endringar med dette, seier Piotr. El virkelig endring ville vere å oppheve kommunistpartiet sitt maktmonopol, men ingenting tyder på det. Derimot er hovudmålet med reformene å beholde makta i hendene på partiet. Eg trur ikkje på omdanning som startar frå toppen. Om vi ser på Sovjet er ikkje samfunnet førebudd på reformene. I generasjonar var dei vant til å bare lyde ordre. Folk har ikkje ambisjonar, dei føretrekk fattigdom framfor å ta ansvar. Den store massen tar ikkje del i perestroika. Derimot kan eit tynt lag av Intellektuelle finne ei opning for å realisere interessene sine. Vi har mange eksempel på at Glasnost bare er spel for galleriet, dvs. den vestlige pressa.
Det skulle vere polske kulturdagar i Moskva. Det var satt opp store plakatar om førestillinga, men ingen ting om stad og tid. Politikarane måtte spele for tom sal. Da klaga del sjølvsagt og neste dag var salen full av politi og soldatar.
- ̣I Polen snakkar dei om reformar. Før folkerøystinga i haust blei det blei lova endringar i vallova ̣- at 30 personar skulle kunne nominere ein kandidat til lokalvala. Men nå har dei gått vekk frå det, og lagt fram eit lovforslag der det fortsatt bare skal vere dei offisielle organisasjonane som kan nominere. Og det skal fortsatt bare vere ei liste. Når ein skal gi inntrykk av reformar er det ikkje lurt å ha mange politiske fangar. Derfor blir demonstrantar og opposisjonelle sjeldan dømt til fengsel nå. I staden får del skyhøge bøter. Det vanlige er 50000 złoty. Eg veit om folk som har opptil ein million i ubetalte bøter. Om dei ikkje blir betait, svarer dei til ti års fengsel.
- Kva slags karakteristikk vil de sette på det polske samfunnet i dag?
- Ein ting er sikkert; sosialisme er det ikkje. Men ein kan heller ikkje kalle det kapitalisme, for dei marknadsøkonomlske lovane fungerer ikkje. Det er eit i utbyttarsamfunn utan klare utbyttarar. Vi reknar med at bare 15-20 prosent av dei verdiane polske arbeidarar skapar kjem tilbake i Iønningsposen deira. Mesteparten av profitten forsvinn i dårlig organisering og i å halde systemet oppe. Men det fins elt lag eller klasse som har interesse av å halde dette irrasjonelle systemet oppe. Polen i dag er eit stramt hierarki, eit samfunn overgrodd av eliten.
- Mange leiarar i Solidaritet snakkar om ein nasjonal overenskomst med styresmaktene. Er dette eit mål for PPS?
VI trur ikkje på det. Ein slik overenskomst krev minst to partar. Det krev eit legalt sivilt samfunn organisert på eigne premiss. Om har ein det, treng ein ikkje motparten; ei regjering totalt utan folkelig støtte.


Til startsida

sveilund@online.no