Artikkel i LO-AKTUELT, hausten 1987
Solidaritet gir ikkje opp
Tekst og bilete: SVEIN LUND
Svein Lund har i sommar jobba i sju veker på en elektromotorfabrikk i Poznan, som er senter for Wielkopolska-regionen i Polen.
I 10 år var Lund tilsett som mekanikar ved Nestle-Findus i Hammerfest. I fem år var han sekretær i NNN avd. 147, Hammerfest. Dei to siste åra har han hatt
permisjon for å ta eksamen ved teknisk fagskole.
I denne reportasjen fortel Lund om sine inntrykk, frå Polen - og om Solidaritet, som framleis held stand mot styresmaktene.
Snart seks år har gått sidan den frie fagrørsla Solidaritet blei forbode og hardt forfølgd av dei polske styresmaktene. Tusener av tillitsvalde og aktivistar
har vore fengsla og bøtelagde, og fleire har mista livet.
Likevel er Solidaritet, eller NSZZ Solidarność, stadig i live og i aktivitet på mange polske arbeidsplassar.
På 7-årsdagen for Solidaritet 30. august opplevde vi å sjå ein demonstrasjon gjennom gatene i gruvebyen Lubin. Same dag var det demonstrasjonar for
Solidaritet i mange polske byar, og dei fleste blei slått hardt ned av politiet.
Dei fleste Solidaritetsleiarane må i dag arbeide under jorda, men nokre står fram. I Poznań møtte vi tre av leiarane i regionen Wielkopolska: Janusz
Palubicki, Wieslaw Chossa og Bodan Narozny. Janusz Pałubicki er og medlem av TRS - den sju mann
store provisoriske landsleiinga for Solidaritet.
Chossa og Narozny er industriarbeidarar, eller rettare: Det var industriarbeidarar. For begge har mista jobben på grunn av fagforeningsarbeid, ei skjebne dei
deler med svært mange fagforeningsaktivistar i Polen. Da vi spurde aktivistar frå Solidaritet eller andre opposisjonsorganisasjonar om kva for yrke dei
hadde, svarte dei: Eg var ..., men ... .
Etter at Solidaritet blei forbode, oppretta styresmaktene nye fagforeningar. Korleis ser Solidaritet på desse i dag?
Fri fagrørsle
- La oss først sjå litt tilbake, til tida før 1980. I dei gamle fagforeningane sto nesten alle arbeidarar som medlemmer, til saman om lag 13 millionar. Desse synte
seg ubrukelege til å arbeide for arbeidarane sine rettar, fordi dei var styrt ovafra - frå
partiet/staten - og fordi dei hadde ei byråkratisk organisering, med bare bransjeforbund utan samarbeidsorgan lokalt (samorg). Da Solidaritet blei danna,
gjekk dei aller fleste over dit eller til andre uavhengige fagforeningar. I 1981 hadde Solidaritet 10 millionar medlemer, dei gamle fagforeningane hadde bare l
million igjen. Sjølv mange partimedlemer gjekk inn i Solidaritet. Uavhengige fagforeningar utanom Solidaritet hadde i 1981 500 000-700 000 medlemer, og
hadde så vidt byrja arbeidet med å danne ein føderasjon da alt fagforeningsarbeid blei forbode i 1981. I desember 1982 vedtok parlamentet ei lov som
oppløyste alle tidlegare fagforeninger, dvs. lova sa dei var ikkje lenger registrerte. Innhaldet i dette var retta mot Solidaritet, få lot seg narre av at dei gamle
fagforeningane og blei oppløyste.
Deretter blei det oppretta nye foreningar i samsvar med ny fagforeningslov, først bare i den enkelte bedrift. Frå 1984 blei det bygd ut ein fellesorganisasjon.
For dei fleste er det klart at dei bare er ein kopi av dei gamle. I følgje offisiell statistikk har samanslutninga av offisielle fagforeningar no fem mill. medlemer,
mens fagforeningar med 700 000 medlemer har vald å stå utanfor, dvs. dei eksisterer bare på klubbplanet i den enkelte bedrift. Desse foreningane får
regjeringa til å snakke om fagforeningspluralisme i Polen, men dei har ved lov forbod mot å slå seg saman utafor den eksisterande landsorganisasjonen, og
det er ved lov forbode å ha fleire fagforeningar i same bedrift.
Dei fleste arbeidarar er svært skeptiske til dei nye fagforeningane ut i frå måten dei blei danna på. Når dei likevel har fått så pass mange medlemmer, kjem
av at administrasjonen i bedriftene og partimedlemmene blir pålagde å vere organiserte her. Frå formenn og oppover må dei vere medlemmer, og
mellom-leiarar i bedriftene kan og vere fagforeningsleiarar. For det andre har medlemer av dei offisielle fagforeningane mange fordelar. Fagforeningane
organiserer helgeturar og sommarferiar for medlemmer med familie til sterkt reduserte prisar. For mange er dette einaste sjansen til å ha råd til ferietur. Dei
distribuerer husvære og kan gi lån, da ein ikkje kan få banklån som i Vesten. Unge par kan gjennom fagforeninga få kreditt frå arbeidsplassen, og lettare
kjøpe mangelvarer som vaskemaskin o.l. For militære, politi o.l. er distribusjon av slike varer organisert av staten. For arbeidarar går alt i gjennom
fagforeningane. Ved lov er fagforeningane pålagde å distribuere velferdsfond. Derfor er det svært å vanskeleg å stå utanfor. Solidaritet appellerer til
arbeidarar å ikkje slutte seg til dei offisielle fagforeningane, men dette er ikkje alltid like effektivt. [
Eit eksempel: Eit bygningsfirma i Lublin hadde fått kontrakt på eit arbeid i Libya. Slikt arbeid i utlandet er svært godt betalt i forhold
til arbeid i Polen. Men det var bare medlemer av den offisielle fagforeninga som fekk vere med til Libya. Da gjekk alle Solidaritetsmedlemmene på
arbeidsplassen samla inn i dei nye fagforeningane.
Melder seg ut
Når tidlegare Solidaritetsleiarar går inn i dei offisielle fagforeningane, blir dette ofte publisert av styresmaktene. Det blir brukt til å bakke opp dei nye
fagforeningane. Da kan dei bruke ordet SolidarnośĆ, som ellers er heilt tabu.
Mindre blei ikkje skepsisen til dei offisielle fagforeningane da leiaren, Alfred Miodowicz, i fjor blei vald inn i politbyrået i kommunistpartiet. ..
Bilettekst:
Denne vimpelen fann vi på toppen av det nest høgaste fjellet i Polen, Świnica, 2300 m.o.h. Så alt arbeidet deira er ikkje underjordisk! Teksten tyder:
SOLIDARITET LEVER. REGION WIELKOPOLSKA. VELSIGN DEI HØGE FJELLA, DA DEI ER KJELDA TIL STYRKE.
Bilettekst:
Demonstrasjon i Lubin 30. august i år.
-Korleis arbeider Solidaritet i dag i fabrikkane?
Spørsmålet går til dei tre Wielkopolska-leiarane, og vi far dette svaret:
- Alt arbeid i bedriftene er illegalt og må foregå i det skjulte. Det set store begrensingar på kva vi får gjort. Aktiviteten kan bare omfatte nokre få folk. All
aktivitet som blir mistenkt for å ha samband med Solidaritet, blir behandla strengare enn annan aktivitet, f.eks. aksjonar på ein arbeidsplass utan leiing frå
nokon organisasjon.
Det har vore ei rekkje streikar dei siste åra, dei fleste for betre løns- og arbeidsforhold. Men det er ofte ikkje kjent at det har vore streik på ein arbeidsplass.
Begge sider er interesserte i å halde ein streik skjult. For om streiken blir kjend, kan både bedriftsleiinga og aktive arbeidarar få sparken. Om ein streik er
opplagt knytta til Solidaritet, er bedriftsleiinga forplikta å kontakte politiet. Å halde streiken skjult er ein føresetnad for å vinne. Derfor veit ofte heller ikkje den
underjordiske pressa om streiken - dei får ikkje lov av dei streikande å skrive om dei.
Eit av våre viktigaste arbeidsfelt har vore distribusjon av i støtte til arbeidarar og andre som har økonomiske problem pga. politisk forfølging. Denne
funksjonen er no ganske veik. Arbeidarane har bare sine lønningar å lite på, og vi har lite å distribuere. På grunn av
den vanskelege økonomiske situasjonen, er det problematisk å få inn pengar.
Kampen held fram
-Vi forsøker på alle måtar å kjempe mot byråkratiet og styresmaktene sin politikk, som gjer folket fattigare og fattigare. Vi har fått nok av dette ineffektive
systemet. Vi vil ha samfunnet til å fungere. Vi kjempar for betre økonomiske kår og for menneskerettar.
- Har Solidaritet nokon sjanse til å bruke legale arbeidsmåtar?
- Sjølvstyrekomiteane i bedriftene er viktige organ. Mange stader er Solidaritets-aktivistar vald inn i desse. Sjølvsagt ikkje som Solidaritets-representantar,
men arbeidarane veit kven dei vel.
Og her får vi høyre kva som hende Bogdan Narozny da han blei vald som leiar for sjølvstyrekomiteen i bedrifta si:
- Under unntakstilstanden blei eg fengsla. Kort tid etter at eg blei sett fri blei eg vald til leiar for sjølv-styrerådet på fabrikken. Da fekk eg sparken, sjølv om
medlemer av desse råda etter lova har særskilt vern. Saka gjekk til Høgsterett, men eg tapte. Så gjekk eg arbeidslaus i l 1/2 år. Da var det fleire
sjølvstyrekomi-
tear i andre bedrifter som løyvde pengar til meg. Til slutt blei denne saka så pinleg at ordføraren i kommunen min fekk ordre om å skaffe meg ein jobb, og det
blei oppretta ein spesiell jobb for meg.
- Vi kan og samarbeide med kyrkja. Mange stader har kyrkja menighetssenter for arbeidarar, bønder, osv. Ofte er desse i røynda organiserte av
Solidaritet.
- Etter amnestiet i fjor har det vore ein diskusjon om kor mye av aktiviteten vi skal stå fram med. Vi har i dag offentlege representantar for leiinga på nasjonalt
plan og i fleire regionar, og i nokre bedrifer. Det er viktig å ha nokre kjende leiarar, men det er framleis altfor farleg å offentliggjere alle. Samtidig arbeider vi
heile tida for igjen å bli legalisert og kunne drive normalt fagforeningsarbeid. Derfor forsøker fleire bedriftsklubbar av Solidaritet å få registrering, og dette må
da behandlast av rettsvesenet. Høgsterett finn det meir og meir vanskeleg å grunngi kvifor desse klubbane ikkje kan godkjennast. Men dei kan ikkje tillate dei
utan ei politisk avgjerd.
Bilettekst:
Gdynia. Det er fotoforbod på alle fabrikkar, hamner, skipsverft osv. i Polen. Dette var det næraste vi kunne komme til å få tatt bilete frå skipsverfta i
Gdansk/Gdynia, som har betydd så mye i nyare polsk historie. Dette viser reparasjonsverftet i Gdynia.
Ny lov om arbeid
- Ei ny lov om arbeid vil etter planen bli vedtatt av Sejmen (nasjonalforsamlinga) i haust. Om forslaget blir vedtatt, vil det føre oss tilbake til det 19. århundret.
Høyr bare:
* Direktøren skal kunne sparke arbeidarar utan årsak.
* Om ein arbeidar sluter i jobben utan å gå ut oppseiingstida, må han betale ei bot på 3-6 månadsløner.
* Ein arbeidar kan bli flytta til annan jobb i bedrifta i 6 månader utan noka grunngiing.
* Ansiennitet frå andre bedrifer skal ikkje lenger gi lønstillegg. Meininga er å begrense mobiliteten og låse arbeidarane fast til bedriftene.
* Kollektivt ansvar for kvalitet. Ein kan bli straffa for ikkje å leggje merke til eller ikkje seie frå om feil som andre har gjort.
* No kan ein som får tildelt husvære gjennom bedrifta overta denne sjølv etter fem år. Etter lovforslaget må ein levere husværet tilbake til bedrifta. (Dette er
særleg viktig fordi Polen har svært lite open marknad.)
No har ikkje styresmaktene publisert lovutkastet i detalj, bare nokre prinsipp. Tidlegare forsøk på å innføre ei slik lov er stoppa av stor opposisjon, bl.a. frå
sjølvstyrekomiteane i bedriftene.
Det er ein svært stor opposisjon mot dette lovforslaget, også dei offisielle fagforeningane protesterer. Noko av kritikken har og kome offentleg fram, gjennom
den katolske pressa.
Å forsøke å hindre denne lova er no ei av dei viktigaste oppgåvene for Solidaritet. Første oppgåve er opplysning, å fortelje folk kva som er i ferd med å skje,
for å skape ein opinion. For styresmaktene samlar heile tida informasjon om folkemeininga; ikkje gjennom gallup eller folkerøysting, men gjennom det
hemmelege politiet. Så vil vi organisere protestar, bl.a. underskrifts-listser. Vi har håp om å få med einskilde medlemer av nasjonalforsamlinga. Men at
regjeringa skulle bli nedrøysta i Sejmen, er utenkjeleg under systemet vårt. Målet må vere å lage så mye motstand at dei trekker tilbake nokre av dei verste
punkta, eller helst utsetjer heile lova.
Høge bokprisar
- Undergrunnspressa er svært viktig for å få ut informasjon. Men utgiftene til trykking og spreiing er enorme, for stadig blir aviser, bøker og trykkerimaskinar
tatt av politiet. Det gjer at prisane på undergrunns-bøkene må bli høge. Det er ikkje store bøkene før prisen er opp i 3-4 dagsløner. Derfor er det ei viktig
oppgåve for alle bedriftsklubbar av Solidaritet å byggje opp bibliotek av undergrunnslitteratur.
- Om de no ser tilbake på den store folkerørsla Solidaritet i 1980-81, er det da mye igjen i dag?
- Noko av det som blei sådd da, har gått tapt, men det meste er i behold. Ein del av det vi krevde av økonomiske reformar, blir i dag gjentatt av
styresmaktene. I dag er det ikkje lenger bare Solidaritet i opposisjon. Det er skipa mange nye organisasjonar, som jobbar på ymse område og som vi
samarbeider med.
Kontakt med Norge
Fleire av dei vi møtte frå Solidaritet fortalde om kontakt med fagforen-ingar og andre organisasjonar i Norge. Her var det fagforeningar i Bodø-distriktet dei
hadde fått hjelp frå, og dei hadde brevkontakt med folk der. Andre fortalde om kontaktar på Nesodden og Askvoll. Vi måtte love å helse så mye til Norge og
takke for hjelpa, og samtidig fortelje at den frie polske fagrørsla framleis treng både politisk og økonomisk støtte.
Etter at vi kom tilbake til Norge, fekk vi høyre om ein avtale som nettopp var inngått mellom Solidaritet i hamna i Gdańsk og Oslo
Transportarbeiderforening.
Bilettekst:
Polakkane er eit ekstremt kristeleg folk. Her ein vanlig søndagsgudsteneste i Zakopane. Alle får ikkje plass i kyrkja. Fordi den frie fagrørsla er forbode, mens
kyrkja får operere ganske fritt, er ein i stor grad avhengig av eit samarbeid med kyrkja for å arrangere møte, kurs og demonstrasjonar.
Til startsida
sveilund@online.no