Artikkel i Klassekampen, 19.10.1987 Svein Lund:

REGGAE I POLEN

Vi har vore på reggaefestival. Ikkje i Jamaica, Afrika eller England, men i Polen. I Gorzow Wielkopolski, ein by med omlag 100000 innbyggarar vest i Polen, blei festivalen «Reggae nad Warta» — Reggae ved elva Warta — arrangert i juli med tusenvis av ungdommar frå heile Polen tilstades.

Alt mens vi skifta tog i Krzyz (5—6 mil unna) kunne vi sjå at noko var i gjære. Det kom fleire og fleire ungdommar i alle fasongar: Med svarte skinnjakker, diverse punkfrisyrer, 5—6 ringar i eine øret, og ein og anna gammalhippie. Jo, vi var på rett veg.

I ein stor park ligg det eit svært amfiteater, der scenen er dekka av eit veldig flagg i dei afrikanske fargane, grønt, gult og rødt. Og når publikum strøymer til får vi sjå disse fargane igjen i alle slags fantasifulle klesplagg: skjorter, skjørt, gensarar, luer, hattar, ja til og med ein hjelm. Og alt er heimelaga eller heimefarga. Nokre stiller og med skikkelig rastaman-sveis.

På minuttet startår den første gruppa å spele. Og maken til knallopning har vi aldri sett. Etter få sekund er dei første framme ved scenen og dansar og snart er plassen overfylt. Da startar rekkedansen opp mellom benkeradene, eit stort «Afrika-flagg» blir vifta opp og ned mens dei dansar, og etter kvart reiser store deler av publikum seg og dansar på benkane. Det er ikkje lenger mogleg å sitte, det er bare eitt å gjøre, opp på benken og danse med. Den første gruppa var og klart den beste av dei vi fikk høre, den 9 mann sterke Kryterium frå Szczecin. Kryterium må vere noko av det beste som har hendt reggae-musikken sidan Bob Marley! Som alle dei andre sang dei på polsk, og så langt vi kunne høre måtte melodiane og vere heimeavla.

Etter kvart kom andre grupper til, nokre av dei besto bare av unge guttar under 20 år. Om ikkje alt hadde samme høge kvaliteten, og til tider blei noko monotont, greide alle å rive publikum med. Dei timane vi var der gikk musikken og dansen i eitt.

Reggae-interessen i Polen ser ut å være noko heilt spesielt i Europa. Jamt over er nok publikum her yngre enn på tilsvarande festivalar i vest. Her var ikkje store prosenten som var over 30. Reggae-bølgen starta under unntakstilstanden etter 1981. Mens dei eldre ga opp eller jobba illegalt i opposisjon, fann ungdommen sin eigen veg, og musikken blei ein av få lovlige måtar å samlas på. Og i Polen utvikla det seg ein nasjonal reggae-kultur, inspirert av Jamaica og Afrika, men med eigne melodiar og polske tekstar. Så stor er interessen at organ i staten nå deltar i organiseringa av festivalen, både det kommunale og regionale kulturkontoret var blant arrangørane, og avisa til studentane i Poznan ga ut eige reggaenummer for anledninga.

Mange tekstar var retta mot krig og opprusting, og pasifismen synas å stå sterkt blant ungdommen her. Når protestar mot styresmaktene ikkje kan uttrykkas opent, fikk dei andre, og ofte uforståelige vegar. Hos fleire av gruppene og publikum var det ved sida av tilknytninga til Afrika ei tydelig tilknytning til Israel. Der var grupper med namn som Izrael-Kultura, Gedeon Jerubbaal og Sy Jon (Sion). Kor kjem så dette frå? Ei kjelde kan vere rastafarianismen si tilknytning til gamal jødisk historie, men kanskje vel så mye eit uttrykk for tankegangen at det regjeringa er mot, det må vere bra.

Mens vi sit på ryggsekkane i nattoget som er akkurat så overfylt som polske tog brukar å vere, hører vi enno musikkken suse i øra, og det er så vi må klype oss sjølv i armen og spørre: Er dette virkelig Polen?

SVEIN LUND, GORZOW WIELKOPOLSKI


Til startsida

sveilund@online.no