Artikkel i Klassekampen, 18.august 1989

- Privatiser industrien!

- Polsk industri må privatiseras. Det er naudsynt for å få fart på økonomien. Det er umogleg for Polen å komme ut av krisa utan hjelp f rå vest, og vi kan umogleg vere mot at utanlandsk kapital kjem hit.
Dette seier Jan Litynski, ein av Solidaritet sine nyvalde representantar til Sejmen, underhuset i den polske nasjonalforsamlinga.

Av Svein Lund, Warszawa

Noko forferda over å høre ei fagforening lovprise privatisering som ein anna Margaret Thatcher, må vi be om meir forklaring på korleis Solidaritet meiner Polen skal komrne ut av det økonomiske uføret.
- Først må vi endre det økonomiske systemet, så betre levestandarden. Industrien må privatiseras, statseigedom må omdannas til privateigedom. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt med kollektiv eller kooperative eigedomsformer.
- Men kan ikkje privatisering føre til auka arbeidsløyse ?
- Det kan bli lokal arbeidsløyse nokre stader, men ikkje i landet som heilskap. Til det er det eit alt for stort udekka behov for arbeidskraft i service-sektoren. Men vi treng ein lov om arbeidsløyse. I dag er ikkje dei arbeidslause offisielt anerkjent, og dei får inga trygd. Ellers er dei viktigaste problema gjelda og inflasjonen. Det er veldig vanskelig å stoppe inflasjonen. For å få investeringar til jordbruket må vi få frie prisar på mat. Da vil vi kunne få eit prishopp på 50-80 prosent, og så ei stabilisering.
- Kva har dokker tenkt å gjøre med det veldige forureiningsproblemet i Polen, kva slags program har Solidaritet for det?
- Det er eit spørsmål om pengar, ikkje om program.

Inn i regjeringa?

Rett etter valet sa Solidaritet at dei ikkje ville delta i regjeringa. Men seinare har mange spekulasjonar kome fram i avisene. Kva skal vi tru?
- Det er sant som du seier at vi først avslo eit tilbod frå regjeringspartiet, men dette er no under diskusjon igjen. Adam Michnik, redaktør av dagsavisa til Solidaritet, GazetaWyborcza, foreslo at vi skulle kreve statsministeren mot at regjeringspartiet fikk presidenten. Men dette blei avvist av leiar for gruppa vår i Sejmen. Eg trur det vil vere for tidlig no.
- Newsweek skriv at vi kan få ein koalisjon av reformvennlige i partiet og moderate i Solidaritet som skyv både dei ortodokse partileiarane og dei harde fagforeningsleiarane til sides. Meiner du dette er ei aktuell problemstilling ?
- Det er ikkje særlig sannsynlig no, men det kan nok kanskje skje i framtida.

System i oppløysing

- Korleis reagerer partirepresentantane i Sejmen på at opposisjonen har kome inn med ei stor gruppe? Opptrer dei som ei samla blokk, og er dei villige til å høre på dokker?
- Gruppa til Solidaritet er ikkje særlig samla, men likevel meir disiplinerte enn parti-sida. Dei er ikkje noko blokk. Det som er valgt inn på partikvoten er og valde, ikkje peika ut frå toppen. Elt kvart partimedlem som samla 3000 underskrifter kunne bli vald, og ein del blei det utan å ha partiapparatet i ryggen. Mange av dei er det ingen som veit korleis vil oppføre seg, og eg trur at i mange saker vil det vere mogleg å få gjennom forslaga våre.
- Vil Polen nå utvikle seg til eit meir demokratisk land, eller er det fare for tilbakeslag?
-1 1981 var det eit spørsmål om å forsvare kommunismen. Det systemet eksisterer ikkje meir her. Det var basert på ideologi, på kommunistpartiet sin historiske misjon. Den er i ferd med å forsvinne sjølv i Sovjet. Kven skulle forsvare systemet? Hæren? Men til og med dei stemte mange stader på Solidaritet. Byråkratane er i dag ikkje mest opptatt av å forsvare systemet, men av å komme seg unna det. Dei forsøker å endre statseigedom til privat eigedom eller leige den ut til folk i nomenklaturaen.

Kyrkja

- Ka slags folk er det. som representerer Solidaritet i Sejmen og Senatet? Er det fagforeningsleiarar eller er det intellektuelle ?
- Omlag ein tredel er noverande eller tidllgare fagforeningsleiarar. Men dei fleste er intellektuelle som er knytta til Solidaritet. Omlag 15 prosent av representantane våre er kvinner.
-Solidaritet har hatt eit nært forhold til den katolske kyrkja. Har kyrkja hatt stor innverknad på valet, og på Solidaritet sin politikk i parlamentet?
-I hovudsak støtta kyrkja opp om kandidatane våre ved valet. Nokre stader har kyrkja virka inn på kem som blei nominert frå Solidaritet. Andre stader har kyrkja støtta andre kandidatar opp mot våre. Nokre stader har særlig klubbar av katolske intellektuelle stor innverknad. Men dei fleste i Solidaritet er mot kampanja frå kyrkja for å kriminalisert abort. Eit forslag om dette kjem frå bisperådet, og de blei foreslått av 70-80 medlemmar av Sejmen før vaiet. Blant dei var og fleire partimedlemmar. Om dette lovforslaget blir vedtatt, vi ei kvinne som tar abort kunne bli dømt til tre års fengsel. Frå Poznan fikk vi fortalt at alle som ville stille som kandidatar for Solidaritet måtte svare for seg overfor ein komite. Dei blei blant anna spurt om del trudde på Gud og om korleis dei stilte seg til abort. Og ein av dei mest opplagte kandidatane blei vraka etter at han sa han ikkje trudde på Gud og at han var for sjølvvald abort.
- Solidaritet har nå nærast fråskreve seg streikeretten. Kvifor?
- Vi sa oss samde i den nye strelkeloven. Streikar er ikkje noko særlig effektivt middel i dag. Dei kan sjølvsagt gi noko meir pengar, men ikkje noko løysing. Re- gjeringa trugar og med å legge ned fabrikkar der det er streik, og banken kan stoppe kontoane til dei streikande.


Til startsida

sveilund@online.no