KK: «1939 Sovjetunionen okkuperer Polen»
Fakta: Tyskland og Sovjet hadde i Molotov-Ribbentrop-pakta avtalt deling av Polen og etter at Tyskland 1. 9. 1939 gikk til åtak på Polen, rykka Sovjet 17.9.1939 inn og okkuperte dei austlege delane av landet. I 1941 erobra Tyskland resten av Polen.
KK: «1939-1990 Navnet er Folkerepublikken Polen og landet er underlagt Sovjets kontroll».
Fakta: Polen fikk regjering dominert av kommunistpartiet rett etter krigen. Namnet Folkerepublikken Polen kom først i 1952. Sovjet satte rammer for kva Polen kunne gjøre, men Polen hadde bl.a. ein heilt anna politikk enn nabolanda i forhold til privat jordbruk og religion.
KK: «Etter kommunismens sammenbrudd oppnådde landet virkelig selvstendighet»
Fakta: Denne sjølvstendigheita varte bare ei kort tid. Etter at landet blei medlem av NATO og EU er Polen ikkje meir sjølvstendig i dag enn landet var i 1945-90.
Dette er som å høre eit ekko av ein tidligare statsminister om at nu går alt så meget bedre. Sjølv om no fleire polakkar jobbar i Noreg året rundt, er det ikkje slutt på korttidsarbeidet. Det er og for enkelt å seie at dei får betre lønn. Fagrørsla sin kamp mot sosial dumping har ført til at ein del polske bygningsarbeidarar har fått lønn opp mot norsk nivå, men fleirtalet får langt mindre.
KK: «Polakkene som jobber i Norge kan deles i tre: De som arbeider i norske bedrifter, de som er utleid eller jobber for en bedrift som har oppdrag i Norge, og de som jobber svart.»
Kommentar: Her manglar det ein viktig kategori: Dei som har blitt pressa til å registrere seg som sjølvstendig næringsdrivande, for at dei ikkje skal ha dei rettane som dei ville hatt som arbeidarar.
KK: «Også de som jobber for polske firmaer har blitt lønnsvinnere denne våren.»
Kommentar: Tariffavtalane virkar bare der allmenngjøringa gjeld: i bygningsbransjen i 6 av 19 fylke og på nokre anlegg i oljeindustrien. Det blir og stadig avslørt brot på dette regelverket.
Eg vonar Klassekampen gjør grundigare undersøkingar før ein skriv meir om Polen. Ta gjerne ein tur hit!
Svein Lund, Gdańsk
sveilund@online.no