Kort reportasje frå diverse togreiser i Polen sommaren 1987. Skrive for Klassekampen, men ikkje prenta.

Svein Lund:

Som sild i tønne med PKP

På perrongen står det folk nok til å fylle eit tomt tog. 20 minutt over tida kjem toget, frå før mye meir enn fullt, og så startar kampen. Dei få som skal av her har eit svare strev med å kjempe seg ut mellom dei som trykker på i håp om å komme inn. Nei, her er det ikkje håp. Vi røskar med oss bagasjen og spring til siste vogn. Her får vi pressa oss inn, eller rettare, vi blir pressa inn og nokon greier å presse døra igjen på eit eller anna vis, og toget startar opp.

Silda i tønna må i samanlikning ha det ganske bra. Vi får pressa ein fot ned i golvet, men vi kunne ha løfta han og hengt bare på presset frå medpassasjerane. Om vi hadde hatt plass å bøye kneet.

Så står vi sjølvsagt utafor toalettet. Dit skal den eine ungen etter den andre, og pappa må vere med for å prøve å presse fram ein veg. Det er utrulig kor tynn og flat det går an å bli. Etter 2-3 timar byrjar det å løsne litt, og det blir plass til at konduktøren kan komme rundt og kontrollere billettar. Noko vi sjølvsagt ikkje har. Til det var køen på stasjonen alt for lang. Det blir 50 zloty i straffebetaling for at konduktøren må skrive ut ein billett med rubrikkar som ei middels sjølvmelding.

Dette var vårt første møte med PKP - Polskie Koleje Panstwowe - Polens svar på NSB.


To dager etter kjem det neste. No er det godt om ståplass, men sitteplass er det verre med. Men vi står utafor ein låst kupe med eit skilt vi til slutt får tolka til reservert gravide kvinner og foreldre med barn under 4 år. 2 menn som verken var gravide eller hadde barn med seg syntes dette var for ille, og gjorde alle slags forsøk på å få opp døra. Når det ikkje gikk å skru eller lirke, fikk ein bruke makt. Det blir gjort iherdige forsøk på å få underteikna og ein australier til å halde vakt i kvar retning. Nå skal døra brytas opp. Men av og til er polsk kvalitet ganske bra, og døra held stand.


Lykka er eit klappsete på gangen. I allefall når det blir ledig etter 2 timar på natt-toget. Eit natt-tog kan faktisk bli ganske trivelig når ein reiser to ilag og deler eit klappsete (30x30cm) og ei flaske solbærvodka.


Så står vi der som vanlig. Men kupeen ved sida oss er ikkje full som han pleier. Han er ganske tom. For vi har hamna i korridoren i ei l.klasses vogn. Der dei færraste har råd å kjøpe seg plass i det klasselause samfunnet Polen. Om dei da ikkje er offiserar, politifolk, partibyråkratar eller sjølvstendig næringsdrivande. Men da har dei kanskje bil og slipp å ta toget. l.klasse er i alle fall tom, og styggelig fristande. Vi greier ikkje stå imot, og breier oss riktig godt til konduktøren kjem. Men ho er ikkje nådig. Det blir 1200 zloty i bot. Nå er gode råd dyre. Men kjem vi ikkje til ein stasjon ?

- Beklager, vi skal av her. Vi har ikkje tid å betale nå.

Og full fart av toget. Vidare ? Det går vel fleire tog.


Om ikkje denne provinsavisa for nedre Austlandet snart sluttar å skrive om Østfoldbanen, skal eg spandere ein togbillett på kvar av journalistane. Gdansk-Warszawa. Fredag ettermiddag i fellesferien. 2. klasse. God tur!


Til startsida

sveilund@online.no