Artikkel i Klassekampen 18.11.1994

Polen - på veg mot EU

Polen har søkt medlemskap i EU. Men ved eit besøk i hovudstaden Warszawa finn vi ikkje stort som minner om EU-kamp.

Av SVEIN LUND, Warszawa

Om ein forsøker å orientere seg i dagens polske politikk går ein seg snart vill mellom liberalistiske ekskommunistar, høgrenasjonalistar på venstresida, antikommunistiske bolsjevikar og sosialistar for EU. Alt under leiing av ein president som har paven som ideal, har vore ein av verdas mest kjente fagforeningsleiarar men som no omtrent ikkje har verken fagforening eller parti igjen.

Frå solidaritet til McDonald's

To ting har dagens Warszawa felles med det Warszawa eg møtte første gong i 1987: Det er framleis ein av dei styggaste storbyar ein kan tenke seg. Og på undergangane under hovudgatene i sentrum sit tiggarane som før. Men det har blitt fleire av dei. Dei politiske slagorda frå det gamle regimet er forlengst sporlaust borte. Det samme er dei ulovlige slagorda frå Solidaritet som politiet måla over, men som skein like godt igjennom. Dei feiande fanane med Solidarność frå 1989-91 er og borte. Det er Marlboro, Coca-Cola og McDonald's som har overtatt sentrum av millionbyen. I kultur- og vitskapspalasset, Stalin si gåve til polakkane, har det blitt kasino. Rundt om dette verdas styggaste palass har store delar av marknadsplassen blitt overtatt av eit supermarked i store presenningshallar som mest liknar sirkustelt. Like ved kulturpalasset reiser Warszawas svar på Oslo Plaza, Hotel Mariott, sine utallige etasjar h;ge glassfasadar mot himmelen. I luksusen på Mariott vrimlar det med dresskledde konsulentar frå Vesten som skal hjelpe til å få marknads;konomiens velsig- nelsar inn i Polen. Mariott-brigadane kallas dei på folkemunne.

Kem kjøper opp Polen?

Politikarane ser og vestover og vil inn i EU. Eit tilsynelatande samstemmig Polen drøymer seg inn i det nye Europa. Da Polen søkte om medlemskap i EU sendte regjeringa søknaden utan formell behandling i parlamentet, men ingen protesterte. Men ingen ting er riktig som det ser ut. På overflata kan ein få inntrykk av at vestlig kapital har overtatt heile Polen. Men den venta straumen av store oppkjøp og investeringar har likevel uteblitt. Den tyske storkapitalen har i stor grad hatt nok med å svelge tidligare DDR, og Tyskland ligg på fjerde plass når det gjeld investeringar i Polen, etter USA, Italia og Austerrike. Fiat har kjøpt opp den største bilfabrikken og italiensk kapital har kjøpt opp eit stålverk, men ellers er storindustrien stort sett framleis på polske statlige hender. På statsplan har handelen med dei tidligare Comecon-landa nå mest klappa saman, nye marknadar har vore vanskelig å finne, og store delar av industrien er konkurs eller går for halv maskin.

Børs

Eit nytt ord har dukka opp i aviser, vekeblad og på TV. Overalt, så ein ikkje kan unngå å legge merke til det. Giełda. Men ordet fins ikkje i vår Słownik minimum polsko-norweski. Tilslutt må eg spørre. "Stock exchange", svarar tolken. Børs. Aksjekursane flagrar stadig over TV-skjermen. Men sjølv om nokre spekulantar har slått seg opp og Mercedes har bygd nytt utsalg i Warszawa, er det ikkje nok pengar å hente i den polske marknaden til å gjennomføre heile regjeringa sitt privatiseringsprogram.

Vil EU ha Polen?

Polen har kome i mye av samme situasjon som Finland. Med ein produksjon langt lågare enn for fem år sidan og ei arbeidsløyse opp mot 20 prosent ser dei begge i panikk vestover etter ein ny storebror for å fylle tomrommet. Spørsmålet er i dag ikkje om Polen vil ha EU, men om EU vil ha Polen. Svaret er både ja og nei. Assosiasjonsavtalen som trådte i kraft i februar seier at den skal vere eit steg på vegen til å oppfylle Polens ønske om medlemskap, men EU har så langt ikkje vore villig å gå inn på nokon tidsplan. Avtalen er atskillig mindre omfattande enn EØS-avtalen, og gir gradvis innføring av frihandel for industrivarer i løpet, av 10 år, samtidig som handelen med landbruksvarer forsiktig skal liberaliserast. Mange av dei varene Polen no har overskot på etterat dei mista eksporten austover er varer som EU sjølv har overskot på Dei er derfor redde for å slippe polske jordbruksvarer inn. Med eine handa kan dei redusere tolla, men med andre handa set dei minsteprisar som er høgare enn marknadsprisen. Denne metoden brukte dei i fjor for å halde polske solbær ute frå EU-marknaden. Samtidig har den polske marknaden dei siste par åra vore oversvømt av tyske mjølkeprodukt og nederlandske grønnsaker, dumpa med støtte frå EUs gigantiske jordbruksfond.

Polen er ikkje Norge

I vår heimlige EU-debatt har ja-sida gjort eit stort poeng av at Polen og andre aust-europeiske land ønsker seg inn i EU. Til og med Erik Solheim kunne lukte på EU-medlemskap om dei aust-europeiske landa går inn. Men Polen er ikkje Norge. Det oppdagar vi snart når vi prøvar oss med heimlige EU-argument her. Det polske jordbruket sysselsetter ein tredel av befolkninga og har eit stort potensiale for eksport. Polen har fiskebåtar til å fiske på alle hav, men etter utvidinga til 200 mil er dei forvist til Antarktis, Stillehavet og tilbake er små Uda ,ifc; Austersjøen. Og den frie flyten virkar ikkje like trugande i eit land med skrikande mangel på kapital. For polakkar har- EU-medlemskap så langt vore eit spørsmål om økonomi og tryggingspolitikk. Om EU sin noverande jordbruks- og regionpolitikk skal ligge til grunn, vil polsk medlemskap gi Polen og andre land i Aust-Europa store nettooverføringar og EU-kassa utgifter på mange milliardar ECU. Dette vil måtte betalas ved auka kontingent for noverande medlemsland og søkarland, og nokre land som i dag er netto mottakarar vil kunne ende som netto bidragsytarar. Alternativet er å redusere på overføringsordningane, noko som i sin tur reduserer vitsen med å søke medlemskap. I begge tilfelle vil land som Spania og Portugal tape.
Tryggingspolitisk er argumentet enkelt: EU er eit forsikringsselskap mot Russland og Sjirinovskij.

Til startsida

sveilund@online.no