Av SVEIN LUND, WROCŁAW
Som alt anna i Polen er WIP mannsdominert, om ikkje i like stor grad som Solidarność. Først traff vi bare menn frå WIP. No var disse rett nok gift eller hadde kjærestar, og dei skulle og vere aktive. Men uttale seg i avisa, det fikk mannfolka ta seg av. Først da vi spurte om ikkje det fantes nokre feministar her i Polen, blei vi vist vegen til Urszula.
- Jo, eg er vel. kanskje ein slags feminist. Men noko feministisk rørsle finst ikkje i Polen. Men det kunne nok trengs. For her er det l mennene som dominerer på alle område og i alle organisasjonar. Dei står i første rekke, vi har plass i bakre rekke, får koke kaffe og skrive på maskin.
I nokre undergrunnsaviser er det tatt opp spesielt om arbeidsforholda for kvinnelige industriarbeidarar, og den dårlige lønna deira. Men ellers blir det skreve lite om kvinner spesielt. Det har vore nokre diskusjonar om å starte eiga undergrunnsavis for kvinner, men utan at det har blitt noko av til no.
I WIP forsøker vi å gjøre noko for å reise diskusjonen. Vi har hatt nokre møte for å diskutere kvinnespørsmål, blant anna abort. Da snakka alle jentene, som ellers brukar å teie stille.
- Det blir sett på som ein rett for kvinnene at vi kan ta abort. Det er omtrent einaste retten vi har. Men når det er 600000 abortar i året i
Polen, er dette eit stort sosialt problem; årsaka er mangelen på prevensjonsmiddel. For det første er produksjonen for liten, så det kan vere vanskelig å få
tak i. For det andre fordømmer kyrkja all bruk av prevensjon, og kyrkja har eit sterkt grep om folk.
Mange satsar derfor på den såkalla naturlige metoden, noko som er totalt upålitelig, særlig for kvinner som har hardt arbeid.
- Eit anna problem for mange kvinner her er militærtjenesten. Den er bare for menn, men varar i to år. Sidan mange giftar seg og får ungar tidlig, blir det
mange kvinner som blir aleine med smungar i 2 år, mens fedrene er i militæret.
- Vi skulle gjerne visst meir om kvinnerørsla i vest, seier Urszula. - På fredsseminaret til. WIP i Warszawa i vår traff eg ein engelsk feminist. Det var veldig
interessant å høre korleis dei jobbar. Her blir ein ganske isolert.
-Kvifor er det inga kvinnerørsle i Polen?
- Hovudproblemet er det politiske systemet. Kvinnerørsler kan eksistere i eit demokrati. Det første kravet vårt er demokratiske rettar. I kampen for demokrati
må vi vere litt varsame og Ikkje lage for mye kløyving mellom menn og kvinner. Om vi for eksempel idag laga ein demonstrasjon av kvinner mot
familiestrukturen, ville det ikkje bli nokon suksess. Derimot har vi eksempel på vellukka kvinneaksjonar som demonstrasjon mot Tsjernobyl her i Wroclaw
og hungermarsj i Lodz. Eg meiner det er bra med demonstrasjonar av bare kvinner, sjølv om desse ikkje reiser reine kvinnekrav.
Det viser at kvinnene kan organisere sjølv. I alle fabrikkar er det kvinner som tar seg av sosiale forhold. Dei har ei slags samanslutning, og den ønsker vi å få
gjort offisiell, så dei kan samarbeide ope. Slike ting er det mange kvinner som er interessert i å arbeide med.
I fabrikkar med mest kvinnelige arbeidarar er det ofte veldig dårlige arbeldsforhold. I vinter streika arbeidarane 12 tekstilfabrikkar i Lodz. Det var bare åtte
grader, og loven seier det skal vere minst ti. Maskinane som er i bruk i desse fabrikkane er veldig farlige. 2 arbeidarar fikk øydelagt armane fordi dei måtte gå
med langarma plagg på grunn av kulda, og ermene kom inn i maskinane. Ofte er slike aksjonar heilt spontane på arbeidsplassane, og Solidarność veit ikkje
eingong om det. Vi ønsker å samle slike eksempel og lage ein rapport som viser kvinnene sine arbeidsforhold og kampen deira i fabrikkane. Eg er redd
situasjonen for kvinnene vil bli enno verre framover. Den økonomiske situasjonen blir bare verre og verre, og med den
dårlige avlinga i år vil det bli enno verre med mat. Mennene kan arbeide overtid, kvinnene kan ikkje. Dei får bare større og større belastning med husarbeid
og å skaffe mat og andre varer. Eg undrar bare når vi kjem dit at kvinnene seier stopp.
Det byrja som elt intervju om kvinnepolitikk, men Zuzanna vil ikkje avgrense seg til det. Ho har meir ho vil ha sagt nå det for em gongs skuld kjem ein
utanlandsk skribent. Ei av dei gruppene ho brenn for er dei arbeidarane som mot si vilje er blitt med i dei offisielle fagforeningane.
- Dei aller fleste polske arbeidarar ville vore med i Solidarność om dei kunne velge fritt. Men idag er svært mange av økonomiske årsakar tvunge inn i del
offisielle fagforeningane. Da seier mange Solldarność-leiarar: Dette er svikarar og dårlige folk. Eg syns ikkje ein kan seie dette. Eg ønsker å skape eit
moralsk amnesti for disse folka. Dei er ikkje skurkar. Eit eksempel er ein fabrikk l Ostrzeszow. Der blei Solidarność-leiaren satt i fengsel. Da han kom ut igjen
gikk han inn i den offisielle fagforeninga saman med alle dei andre arbeldarane. Han blei vald til leiar og denne foreninga er no heilt dominert av
Solldarność-tilhengarar. Da prisane steig i vår gikk dei til streik og fikk ei lønnsauke i 8000 zł i månaden. (25-30 % tillegg l forhold til gjennomsnittslønn)
Til startsida