Artikkel i Klassekampen, 27.04.1998

- Polen forhandlar på kne

Når Polen forhandlar om EU-medlemskap så forhandlar representantane våre på kne. Det er EU som stiller krav og regjeringa seier bare ja. Denne karakteristikken kjem frå Piotr Ikonowicz, parlamentsrepresenant for det polske sosialistiske partiet, PPS.

Av Svein Lund, Warszawa

Utvidinga av EU skal skje utan at EU-budsjettet skal ta større del av BNP enn før. Det betyr at heile rekninga for EU-tilpasninga skal betalas av det polske samfunnet. EU vil ikkje dele med seg, dei vil ha marknaden vår, men ikkje arbeidskrafta. Polakkane vil inn for å bli rike. Men EU krev at først skal vi bli rike, så kan vi slippe inn. EU stiller fleire og fleire krav til oss, og det er ikkje godt å vite kor det vil ende.

Ikonowicz har vore i Brussel med ein parlamentarikardelegasjon og bl.a. truffe EU-sjefen Santer.

- Eg sa til Santer at Polen har allereie ofra blod, svette og tårer for å tilpasse seg EU. Vi har ein høg vekstrate, kontroll med inflasjonen og har gjort det bedre enn mange andre land. Ka meir er det dokker krev? Vis oss konkret dei standardane vi må oppfylle for å bli godkjent? Han kunne ikkje svare.

- Problemet for EU er at Polen er for effektivt. Vi produserer ting billigare enn EU. Og dei produkta Polen kan eksportere er varer som det allereie er overproduksjon av i EU, som jordbruksprodukt, stål, kol og skip. No krevas det at vi skal restrukturere stålsektoren. For nokre år sidan var kravet at vi skulle restrukturere sementindustrien. Resultatet var at heile sementindustrien blei kjøpt opp billig av utanlandsk kapital.

Fattig og rik

Sjølv om Piotr Ikonowicz er svært kritisk til EU sin politikk og til den polske regjeringa sin EU-politikk, meiner han Polen på ein del område vil ha noko å vinne på medlemskap: - Dei sosiale og økonomiske standardane i Polen er så dårlige at EU-medlemskap kan gi vanlige folk bedre forhold på mange område. Forskjellen på fattig og rik er enorm. Dei 10% av befolkninga som har høgast inntekt tjener like mye som dei 50% som har lågast inntekt. Og skattesystemet bidrar ikkje til å jamne ut dette. Over 90% betaler lågaste skattesats, 19%. Ein som bare tjener 4-500 zloty (vel 1.000 kr) i månaden betaler 19%. Som parlamentsmedlem tjener eg 6.000 zloty (14.000 kr) i månaden, men eg betaler og bare19% skatt.

Tysk revansjisme

Sjølv om Tyskland for fleire år sidan formelt har anerkjent dei polske grensene, kan ein enno merke den tyske interessen for dei områda av Polen som var tyske fram til 1945.

- Mesteparten av dei tyske investeringane kjem i disse områda, fortel Ikonowicz. Mellom anna er nesten heile pressa der no eigd av tyskarar. Størstedelen av befolkninga i disse områdene er folk som blei flytta hit etter krigen frå dei tidligare polske områda i aust som da blei overtatt av Sovjet. Mange av dei har ikkje eigedomsrett til jorda si, men bare langsiktige leigekontraktar. No er dei opptatt av å få formalisert eigedomsrett, fordi dei er redde for at etterkommarar av tidligare tyske eigarar vil komme og kreve eigedommen sin tilbake.

Enno er prisen på land mange gonger billigare i Polen enn i EU. Om Polen blir medlem, ventar ein at denne prisen vil stige kraftig, noko som kan bli veldig god forretning for dei som har råd å kjøpe opp for å spekulere.

Privatisering

- Dei skryt av at det er stor vekst i privat sektor. Men denne veksten skuldast ikkje skaping av nye arbeidsplassar, men privatisering av statsbedrifter.

Den første Solidaritet-regjeringa (1989-93) ga "grønt lys for privat sektor" som dei kalte det. Arkitekten bak dette var noverande finansminister Leszek Balcerowicz. Denne politikken førte til ei rask auke i forskjellen mellom rike og fattige, mange arbeiodslause og store sosiale problem. Venstrealliansen kritiserte denne politikken og vann valet i 1993. Men etter at dei danna regjering førte dei i stor grad samme politikken.

Venstrealliansen var ei samling dominert av det sosialdemokratiske partiet (ex-kommunistane), i allianse med PPS og nokre andre parti. Slik var PPS ein del av regjeringskoalisjonen av 1993, men det varte ikkje lenge. Seinhaustes 1994 nekta dei å røyste for regjeringa sitt budsjettforslag i parlamentet, og som takk blei dei kasta ut av parlamentsgruppa. Seinare blei dei tatt til nåde igjen og er no tilbake i alliansen. Sidan i haust har Venstrealliansen igjen vore i opposisjon, og da går samarbeidet lettare enn når dei sit med regjeringsmakta.

- Samtidig fører PPS ein sjølvstendig politikk, understrekar Piotr Ikonowicz. Det gjeld ikkje minst i det utanomparlamantariske arbeidet der dei ofte står i spissen for demonstrasjonar og aksjonar. Det går knapt ei veke utan at det er ein demonstrasjon eller fleire i Warszawa, for sosiale reformer, mot skolepengar, mot NATO osv, og PPS eller ungdomsorganisasjonen deira synas å ha ein finger med i svært mange av dei.

Gi først, få etterpå

På ei av hovudgatene i i Warszawa finn vi hovudkontoret til PPS og ungdomsorganisasjonen deira Mlodzi Socjalisci (MS) eller Sosialistisk Ungdom. På kontoret til MS finn vi ved sida av raude flagg bl.a. bilete av både Trotski og Lenin. Ettersom vi ser ei viss motseiing i dette, spør vi ka slags ideologi dei bygger på.

- MS er ein open sosialistisk organisasjon med forskjellige ideologiske retningar, forklarer leiaren, Czeslaw Kulesza. - Sjølv reknar eg meg som marxist, men alle medlemmane gjør ikkje det. Sjølv er han og ungdomsorganisasjonen mot både NATO og EU, mens i moderpartiet er denne kampen langt frå avgjort, her er både tilhengarar, motstandarar og folk som framleis sit på gjerdet. Han kjenner godt til norske forhold, og har vore mye i Noreg.

- Vi kan ikkje samanlikne Noreg og Polen når det gjeld EU, seier han. Han har ikkje tru på at det er mogleg å få fleirtal mot medlemskap, og heller ikkje på å samle motstanden i noko som liknar Nei til EU.

- Da Spania og Portugal blei med i EU, fikk dei økonomisk støtte for å komme seg opp mot EU-nivå. No er det ein anna situasjon. Det er landa som søker som må komme seg opp på ein viss standard for eiga rekning, så kan vi få bli med. Det er vi sjølv som skal betale for integrasjonen. Vi har fått ein liberalisme i Polen som er så ekstrem at til og med EU blir venstrevridd i samanlikning. Det er eit problem for venstresida at mye av dei standardane og regelverket som er i EU vil bety sosiale framskritt i Polen. Vi må forbetre disse standardane, men det betyr ikkje at vi treng å gå inn i EU.

Liberalismen og privatiseringa rammar og skoleungdommen. Ei rekke skolar er privatisert og skolepengar innført. Også i høgare offentlig utdanning er det no planar om å innføre skolepengar. MS har no tatt initiativ til aksjonar mot skolepengar og det har vore store studentdemonstrasjonar i vår.


6 millionar arbeidslause bønder?

(Gdansk / Warszawa) "Om Polen går inn i EU vil det vere ein sosial katastrofe for landsbygda." "EU-medlemskap vil føre til høgare miljøstandardar i Polen." Så motstridande kommentarar kan ein høre innafor den polske miljørørsla, der miljøargument blir brukt både for og mot EU-medlemskap.

- Om Polen går inn i EU vil omlag 2,5 millionar gardar måtte leggas ned. 6 millionar som er sysselsette i landbruket vil bli utan arbeid. Det vil vere ei sosial katastrofe. Dette er det viktigaste argumentet mitt mot polsk EU-medlemskap.

Det seier Kasia Veisland, aktiv i den polske miljørørsla og norsklærar ved Universitetet i Gdansk. - Eg ser ikkje noko mål i å få Polen med i rikmannsklubben EU som bygger murar mot andre land. EU vil gjøre dei rike rikare og bryr seg ikkje om dei fattige.

Når Kasia seier ho allereie har klart bestemt seg for å stemme nei til polsk EU-medlemskap, hører ho til eit forholdsvis lite mindretal. Sjølv om motstanden er aukande er det omlag 4 gonger så mange tilhengarar som motstandarar, og sjølv dei mest hardnakka motstandarane ser lita von om å vinne kampen. Derfor vil mange av dei som er skeptiske til medlemskap heller satsar på å påvirke forhandlingane for å få så godt resultat som råd.

Ikkje ei einaste dagsavis og ikkje eit einaste parti som er representert i parlamentet har tatt standpunkt mot EU-medlemskap. Motstanden mot EU-medlemskap er heller ikkje samla. Motstandarane på høgre og venstre fløy brukar stikk motsette argument og det einaste dei synas å vere samde om utanom å seie nei til EU-medlemskap er at dei ikkje vil ha noko med kvarandre å gjøre. Det synas derfor å vere dårlig grunnlag for å danne noko tilsvarande som Nei til EU i Noreg.

Den sterkaste motstanden så langt har vore på den ekstreme høgresida, i kretsen rundt Radio Maryja, ein nasjonalistisk og fundamentalistisk katolsk radiostasjon som og har byrja å kjøpe seg inn i dagspressa. Denne gruppa er høglytt, står sterkt i media og har langt på veg fått dominere EU-motstanden, noko som gjør at det er vanskelig å stå fram som EU-motstandar utan å bli slått i hartkorn med dei.

Det er lite konkrete økonomiske argument å høre for polsk EU-medlemskap. Korfor er da oppslutninga så overveldande?

- Vi har sett opp til det rike, frie Vest-Europa i 40-50 år, seier Kasia. - No når vi har blitt uavhengige av Sovjet har vi herma ukritisk etter Vesten. Polen er i ferd med å bli standardisert. Vi får dei same butikk-kjedane, dei same varene som Vest-Europa. Om eg er i Noreg eller Polen kan eg handle på McDonalds, Kentucky Fried Chicken, Rema 1000 eller Statoil. Etter mi meining er det ein styrke i at vi er forskjellig, vi skulle ta meir vare på det spesielle polske. Eg trur det har med polsk mindreverdskjensle å gjøre. Vi tør ikkje stole på at vi kan gjøre noko sjølvstendig.

- EU betyr høgare standardar

Mens miljørørsla i Noreg nokså samla sa nei til EU, er det i Polen sterkt delte meiningar. Zuzanna Iskierka, som studerer økonomi i Warszawa, er aktiv i miljørørsla Grønn Føderasjon. Ho er ein av dei miljøaktivistane som har tru på at EU-medlemskap vil bety eit bedre miljø for Polen.

- Miljøkrava er mye strengare i EU enn i Polen, seier ho. - Det gjeld regelverk for forureining, bygging, vasskvalitet osv. Dessutan treng Polen stabilitet, ei retning for endringane i staden for bare å vingle fram og tilbake.

Samtidig ser ho ikke svart /kvitt på saka og er bekymra for ka EU kan bety for det polske landbruket.

- Polsk jordbruk er klart meir økologisk enn jordbruket i EU. Med EU-medlemskap fryktar eg at ein vil bli tvungen å bruke meir kunstgjødsel og kjemikalier.


Til startsida

sveilund@online.no