Artikkel i Klassekampen, 29.september 1987

Kraków – forbildet som forfaller

Polens største arbeidsplass heiter Huta im Lenina, og er eit kjempeanlegg for produksjon av jern og stål, sement, koks og mye meir. Huta im Lenina er grunnlaget for bydelen Nowa Huta, som med 250 000 innbyggarar utgjør l /3 av Kraków, den 3. største byen i Polen.

Av Svein Lund, Kraków

Kvifor har så eit slikt gigantanlegg blitt lagt her? Her er ikkje jern, ikkje kol, i det heile lite ressursgrunnlag for produksjonen. Grunnlaget for bygginga av Nowa Huta var eit reint politisk vedtak. Etter maktovertakinga ville kommunistane endre det konservative Kraków ved å gi byen ein stor arbeidarklasse. Nowa Huta skulle bli ein sosialistisk mønsterby. Bygginga starta i 1949, og russiske planar og teknikk dominerte.

Sosialistisk mønsterby

Men drømmen blei snart til eit mareritt. For styresmaktene i Polen har Nowa Huta blitt eit problem, på alle måtar. Ein sosialistisk mønsterby skulle sjølvsagt ikkje ha kyrkjer. Men kva skjedde? 11960 reiste arbeidarane i Nowa Huta eit 8 meter høgt kors, og rundt dette blei det store kampar, der politiet brukte vasskanonar og tåregass og mange blei arrestert. Gjennom 10 års dugnadsarbeid reiste stålverksarbeidarane her kyrkja «Arken» med plass til 5000, og i 1977 blei ho innvia av den noverande paven. Og Arken har blitt eit samlingspunkt for opposisjonen. Da Solidarność blei oppretta, slutta arbeidarklassen i den «sosialistiske modellbyen» samla opp om den frie fagrørsla. 87 prosent blei medlemmar, mens del gamle fagforeningane nesten ikkje hadde medlemmar igjen. Sjølv fleirtalet av partimedlemmane gikk inn i Solidarność, og da krigstilstanden kom, gikk halvparten her ut av partiet. I dag er Nowa Huta ei av dei sterkaste bastionane for Solidarność.
Huta im Lenina er ein av dei få arbeidsplassane med fleire opne Solidarność-leiarar. Ein av dei opne representantane for Solidarność ved Huta im Lenina er Stanisław Handzlik, som vi traff i Nowa Huta, med Jerzy Surdykowski som tolk. Begge er i dag ramma av yrkesforbod.
- Eg jobba i 16 år i Huta Lenina, seier Handzlik. Så satt eg i fengsel 1982-84, og da eg kom ut igjen blei eg nekta å få jobben tilbake. Istaden fikk eg ei uføretrygd etter ei yrkesskade. Men den er bare på 9000 złoty - 1/3 av lønna.

- Regjeringa har satt ned ein kommisjon som avgjør kva for journalistar som får lov å arbeide i den regjeringskontrollerte pressa, fortel Surdykowski, som tidligare var nestleiar for det polske journalistforbundet.
- Eg er ein av dei som er svartelista. Av og til får eg inn ting i den katolske pressa, ellers blir det undergrunnspressa og utlandet.

Korleis jobbar Solidarność?

- Korleis jobbar ei illegal fagforening, undrar vi. Kva kan de eigentllg få gjort på arbeidsplassen ?
- Dei siste åra har det vore streikar for høgare lønn i fleire av fabrikkane i Huta Lenina-verket. Ofte har leiinga raskt gitt lønnsauke for å få arbeidarane tilbake til arbeidet, men ikkje alltid. Styresmaktene er redde for arbeidarar i dei store fabrikkane, derfor får dei ofte lønnstillegg før prisstiging blir satt iverk. Men dette er ikkje bra for arbeidarar i mindre industri og statsfunksjonærar, som blir hengande etter. Polen har idag ein merkelig lønnsstruktur. Dei høgaste lønnene finn vi i den industrien som ikkje gir profitt. Likevel kan vi ikkje kalle arbeidarane her høgtlønna, 25-30000 zl i månaden er vanlig. (750-900 kr. etter offisiell kurs.) - Men så lenge Solidarność er forbode, er det sjølvsagt sterke begrensingar på korleis vi kan arbeide som fagforening. Derfor må vi heile tida forsøke å komme tilbake til ein situasjon der vi kan operere legalt. Etter amnestiet i fjor sto vi i Nowa Huta fram med 4 opne leiarar, vi er alle valde leiarar frå 1980-81 da vi kunne jobbe ope. Enno er det for farlig til at alle kan gjøre som oss, men det er viktig at nokon gjør det. Vi viser at vi finnes, og om styresmaktene ønsker ein dialog, kan dei snakke til oss. På nasjonalt plan har vi 7 offentlige leiarar. Her i Krakówdistriktet er regionsleiinga hemmelig, mens andre regionar har delvis offentlig leiing. Siste året har fleire bedriftsklubbar søkt om å få operere legalt. 25. august var fleire av desse sakene i Høgsterett, men dei tapte. I dag jobbar Solidarność i hovudsak på 4 område:
- Sosialt hjelpearbeid
- undergrunnspressa
- demonstrasjonar
- utdanning.

Sosialt hjelpearbeid

Som så mange andre stader blei det i Nowa Huta i den legale tida satt igang sosiale fond. Disse eksisterer enno her, og vi har omlag 3000 med i sjølvhjelpsgrupper. Bl.a. organiserer vi feriar for ungar i samarbeid med kyrkja. Styresmaktene likar det ikkje, men kan vanskelig stoppe det. Men under krigstilstanden hendte det folk blei fengsla for å samle inn pengar til dette arbeidet.

Undergrunnspressa

Andre grupper arbeider med å skrive og trykke aviser og bringe disse ut til folk. I Nowa Huta har vi hatt 2 undergrunnsaviser; Solidarność Hutnikow og Hutnik. Men i juli blei utgivarane av Hutnik tatt av politiet, og alle maskinane blei tatt. Når alt skal foregå illegalt, blir utgiftene til trykking av aviser og bøker ganske store. Bøker blir gjerne alt for dyre til at arbeidarar har råd å kjøpe dei. Derfor er ei av dei viktigaste oppgåvene til Solidarność på bedriftene å bygge opp små bibliotek av undergrunnslitteratur.

Demonstrasjonar

Nokre dagar i året blir gjerne markert:
1. mai.
3. mai - Polens demokratiske konstitusjon av 1791 - 2. i verda.
31.august - Gdansk-avtalen 1980.
11.november - Polen sjølvstendig 1918.
13.desember -Innføringa av krigstilstanden 1981
16.desember - Massakren på arbeidarar i Gdansk 1970.
Som regel startar demonstrasjonane ut i frå ei messe i ei kyrkje, da dette er einaste legale måten å komme saman på. Men demonstrasjonane er ikkje lengre så ofte og så store som for nokre år sidan, da det f.eks. i Gdansk demonstrerte 50000 l.mai 82. Politiet kjem gjerne med stor styrke til stader der det er venta vi vil demonstrere. Nå har dei byrja med nye og farlige måtar å ta oss på. 3.mai i år var det i Kraków og Warszawa ei mengde sivile politifolk som gikk til angrep på folk som var nær kyrkja. Uniformerte politifolk sto bare og så på, utan å gripe inn. I Kraków infiltrerte sivilt politi demonstrasjonen, og så byrja dei å angripe innafrå. Da blei det vill panikk, ingen visste lenger kem som var venn, kem som var fiende. I Warszawa gikk politiet denne dagen for første gang også inn i kyrkja og tok folk.

Utdanning

Vi har noko som kallas Kristent Arbeidaruniversitet; dei brukar rom i kyrkjer til førelesingar og diskusjonar om emne som interesserer arbeidarar, om historie, filosofi og politlkk. På grunnlag av disse kursa har vi fått nye ungdommar til å engasjere seg i Solidarność og andre undergrunnsorganisasjonar.
- Står Solidarność like sterkt idag som i 80-81?
- Nei, det kan vi ikkje seie at vi gjør. Mange er gått trøtt og har gitt opp å kjempe. Det tar på å jobbe illegalt i mange år. Ein del av leiarane våre har emigrert, mens nokre har gått over til regjeringa. Idag kan vi ikkje gjennomføre demokratiske val på nye leiarar. Vi har enno mange igjen av dei som blei vald i 80-81, mens andre nye har vokst fram til å virke leiande i kampen, sjølv om vi ikkje har kunna velge dei på demokratisk vis.

Men om Solidarność ikkje er like sterk idag som fagforening, er rørsla fortsatt svært sterk som ide, og hovudorganisasjonen i kampen for polsk sjølvstyre.
- Korleis ser du på dei nye offisielle fagforeningane, er dei bare nikkedokker for styresmaktene? - Før 1980 var fagforeningane reine organ for overføring f rå styresmaktene til arbeidarane. Dei nye fagforenlngane er ikkje heilt det samme, men har noko meir fridom. Dei seier seg ikkje alltid samde i det som kommer ovafra, og det har og vore lokale streikar organisert gjennom desse fagforeningane. Nå i juli sa visepresidenten deira i intervju med BBC at dei var usamde i regjeringas forslag til lov om arbeid. Vi ser det slik at den lille fridomen dei har er et resultat av det arbeidet Solidarność har gjort. Om ikkje vi eksisterte, ville denne fridomen fort forsvinne. Eg trur det vil vere svært farlig om vi gir opp vår eigen organisasjon for å gå inn i dei offisielle fagforeningane. Vi kjempar for fagforeningspluralisme, retten til fritt å danne fagforeningar, og trur enno på at den dag vil komme da vi igjen kan jobbe legalt.

Forureininga øydelegg Kraków

Sjelden har noko vore meir mislykka enn forsøket på å skaffe Kraków ein "sosialistisk mønsterbydel". Ikkje nok med at dei i staden fikk eit sterkt opposisjonssentrum, men nå er forureininga frå verket i ferd med å ta knekken på heile Kraków og meir til. Da vi besøkte Kraków sto vinden rett mot aust. Og lufta i Kraków virka ikkje verre enn i storbyar flest. Men som regel fører vinden her røyken ned i byen, der kolstøv, svoveldioksyd og andre gifter bryt med både menneske, tre og historiske minnesmerke. Gjennomsnittlig levealder i Kraków-distriktet er lågare enn landsgjennomsnittet, og blant stålverksarbeidarane bare 61 år for menn. Dette er klart eit resultat av forureininga. Kraków har Polens høgaste tall for lungesjukdommar og fleire ungar dør her enn andre stader. Nær Kraków ligg ein av dei største skogane i Polen, og ein nasjonalpark med fjell og skogar. Begge disse områda er nå i ferd med å dø som følge av forureininga. Ingen by i Polen har så mange historiske minnesmerke som Kraków. Byen var hovudstad i Polen frå 1300- til 1600-talet, og den einaste av dei store byane som ikkje blei øydelagt i 2. verdskrigen. Men nå er forureininga iferd med å ta knekken på det gamle Kraków. Skulpturar og husfasadar brytas ned, etter nokre målingar med 2-3 mm om året, og det er eit veldig arbeid å forsøke å restaurere og halde ved like. Overalt på gamle bygningar i Kraków var det stillas for reparasjonsarbeid, og midt på torget sto ei innsamlingsbøsse for innsamling til restaurering av byen. For nokre år sidan blei det laga eit stort program for modernisering og miljøvern ved Huta Lenina. Men gjennomføringa går veldig seint, da det heile tida manglar pengar for investeringar. Dei gamle smelteomnane har inga rensing, og det er heller ikkje mogleg å bygge filter til dei, ein må ha heilt nye omnar. Her er koksproduksjon og sementproduksjon, begge utan renseanlegg.

Løsnar sensuren?

Er den polske sensuren i ferd med å slippe taket? Ein del ting kan tyde på det. Siste året har den offisielle pressa byrja å skrive meir ope om økonomiske og økologiske problem. Tidsskriftet Res Publika, som har kome ut illegalt i mange år, har frå i vår vore gitt ut ope.

- Dette er bare ei side av saka, seier Jerzy Surdykowski. - Res Publika er eit organ for konservative katolske intellektuelle, det dei skriv har ingen interesse for arbeidarar. Regjeringa kan mye lettare snakke med høgreopposisjonen enn med ventreopposisjonen. I Kraków og Warszawa er det og danna nye organisasjonar for økonomisk fridom, og desse er blitt tillatt. Men for arbeidarrørsla og ventreopposisjonen er det ikkje blitt noko lettare.

-Visste du forresten at før 31.07.1981 var all sensuren i Polen utan grunnlag i noka lov? Da blei det vedtatt ei lov om sensur, og denne blei gjort strenare under krigstilstanden. I den regjeringskontrollerte pressa kan ein aldri sjå om noko er sensurert bort., men i den katolske kan ein av og til sjå som dette; seier han og viser fram ei avis der det midt i ein artikkel står: (... Ifølge lov av 31.07.1981 ....) Så får ein bare gjette.

- Det er mange i vest som trur at det har blitt så mye friare i Polen etter amnestiet i fjor, at vi no har ein heilt ny situasjon. Men endringane er ikkje så store. Straffa for illegalt arbeid er no gjerne bøter istaden for fengsel. Desse bøtene blir gitt av administrative organ utan å gå om retten. Og ofte er dei skyhøge. Hovudlinja i regjeringa sin politikk står fast. Det skjer ei viss økonomisk liberalisering, men inga politisk liberalisering, i alle fall ikkje for arbeidarrørsla.

Om ikkje Polen har direkte politiske fangar lenger, er her fleire fangar enn i noko anna land i Europa, med Tyrkia på 2. plass. Svært mange av desse ville aldri hamna i fengsel i andre land, fordi Polen har så streng straffelov. Derfor er her fleire grupper som arbeider med lovspørsmål og for å hjelpe fangar.

Den illegale pressa

Så lenge sensuren eksisterer er undergrunnspressa heilt naudsynt for å spreie opplysningar og idear. Og Polen har trulig den best utbygde undergrunnspressa i verda, med eit utal av forlag og aviser. Kvaliteten kan variere frå heilt topp til knapt leselig, men meininga kjem fram. Dette arbeidet skjer ikkje utan svinn. Kvart år blir mange nye trykkerimaskinar smugla inn i Polen, men ved utanlandskontoret til Solidarność i Brussel reknar dei med eit årlig svinn på 25% i tollkontroll og politiaksjonar.

Bilettekst til Nowa Huta:
Husa i Nowa Huta kan vi dele i to typer: Nokre få eldre hus kan vi sjå at ein gong har vore mala, men dei aller fleste har aldri vore anna enn grå. Det er da heller ikkje særlig vits i å kaste bort maling med den forureininga som er der. Boligmangelen er stor mange stadar, så vi såg mange halvferdige blikker som det budde folk i, som her i Nowa Huta.


Til startsida

sveilund@online.no