KASJUBANE - POLENS GLØYMDE MINORITET

"Eit språk - eit Polen!" Den polske nasjonalismen har mange gongar sveisa folket saman til kamp mot tysk og russisk framandvelde. Men det fins ei bakside på medalja, ei side som dei forskjellige nasjonale minoritetane har fått merke. Ein av dei er kasjubane, dei opprinnelige innbyggarane i Nord-Polen.

Av SVEIN LUND, KASZUBIA / GDANSK

Det er slett ikkje sant at alle polakkar er polakkar, sjølv om landet no er mye nærare ein homogen nasjonalstat enn Polen i mellomkrigstida. Til saman er det fleire millionar som tilhøyrer ein eller anna nasjonal eller etnisk minoritet; tyskarar, litauarar, kviterussarar, ukrainarar, lemki, jødar, sigøynarar og kasjubar. No har mangeognitti prosent av lesarane stoppa opp og spurt: kasjubar - kva er det for noko? Men det er ikkje bare her det kasjubiske folket og språket er ukjent. I polsk offentligheit er kasjubane nærast ikkje-eksisterande. I ei offisiell polsk historiebok på 700 sider finn vi ordet "kasjubisk" i tre setningar. Dei fleste turistar reiser tvert gjennom området deira utan å ane at her bur anna enn vanlige polakkar.

Vi har vore i Kasjubia og møtt leiaren for Kasjubisk-Pomeransk Forbund, Jozef Borzyszkowski. Han kjem frå ein kasjubisk landsby som heiter Radun, men bur no i Gdansk, der han er lærar i historie ved universitetet

Kva er eigentlig kasjubane? - Vi er den opphavelege befolkninga i Pomerania (På tysk kalla Pommern. Dette er same ordet som det russiske øpomorø, altså ved sjøen). Vi er ein etnisk minoritet med eige språk og kultur, men vi har aldri danna nokon stat, og heller ikkje reist krav om nasjonalt sjølvstyre. Kasjubane ønsker å vere ein del av Polen, men vi vil bevare vårt eige språk, vår eigen kultur og karakter. Dei fleste kasjubar seier dei er kasjubar og polakkar, nokre reknar seg som kasjubar og tyskarar, mens eit mindretal vil seie dei er bare kasjubar.

Mellom slegga og ambolten

- Kasjubane har gjennom historia vore mellom slegga og ambolten, seier Borzyszkowski, det vil seie mellom Tyskland og Polen. På 1000-talet var heile Pomerania polsk. Ei tid var det meir eller mindre uavhengige fyrstedømme i Pomerania, seinare fikk tyskarane kontrollen på 1300-talet. Den vestlige delen var under Tyskland fram til 1945, mens Polen erobra tilbake Aust-Pomerania på 1400-talet fram til Tyskland tok det ved delingane av Polen sist på 1700-talet. I 1920 kom Aust-Pomerania igjen under Polen, med unnatak av Gdansk som var fristat i mellomkrigstida ("Freistadt Danzig"). I løpet av den lange tida under tysk styre blei ganske mange fortyska, særlig i dei vestlige områda. Som dei aller fleste polakkar var og fleirtalet av kasjubane katolikkar. Den katolske kyrkja spela ei viktig rolle for at størstedelen av det kasjubiske folket klarte å bevare sin slaviske karakter. Men ein del kasjubarar var og lutheranarar og dei blei nærare knytta til tyskarane som var lutheranarar. Mange av dei var blitt så fortyska at dei snakka ein plattysk dialekt som dagligspråk. Så da 2.verdskrigen var slutt og grensa blei flytta vestover til Oder-Neisse, behandla den polske staten dei som tyskarar, og dei blei tvunge til å flytte til Tyskland. Denne gruppa blei kalla "slovensko", og i dag bor dei fleste av dei nær Hamburg. Den historiske tragedien var at religionen hadde splitta folk slik at dei katolske kasjubane ikkje ville ha noko med dei lutheranske kasjubane å gjøre.

- Krav om rettar for det kasjubiske språket kjem sjølvsagt i konflikt med den nasjonale toskeskapen som kjem fram i slagordet "Eit språk - eit Polen!". Vi har til og med blitt skulda for øtysk revansjismeø! Sidan det kasjubiske folket ikkje eksisterte, måtte vi vere tyskarar om vi ikkje var nøgde med å snakke og skrive polsk.

Språket

- Det kasjubiske språket har langt tilbake felles opphav med det polske. Men lang tid under tysk styre isolerte kaszubane frå Polen og dialektane her utvikla seg til eit eige språk. Kasjubisk består av mange dialektar, med ganske store variasjonar, og i Kociewie sør for Kasjubia fins det dialektar som ligg mellom kasjubisk og polsk. Skriftspråket bygger mest på dialektar i det sentrale Kasjubia, rett vest for Gdansk.

- I førre hundreåret blei det gitt ut ei kasjubisk-polsk ordbok. Litteratur på kasjubisk er det trykt ganske lite av. Språket har aldri vore undervist i nokon skole, så dei kasjubane som kan skrive språket har vore nøydd å lære seg det sjølv. Foreninga vår arbeider for å få kasjubisk språk, kultur og historie inn i skolen. Men det finnes ikkje lærebøker og ikkje kvalifiserte lærarar. I vår tid kan eit språk i lengda ikkje overleve bare som muntlig språk. Vi ser at språket er på vikande front, og mange kasjubiske foreldre lærer i dag ungane sine bare polsk.

Kasjubisk-Pomeransk Forbund

- Den kasjubiske rørsla starta midt på 1800-talet. Etter krigen var det ikkje mogleg å drive slikt arbeid før tøværet i 1956, da forbundet vårt blei stifta. Men i slutten av 50-åra var tøværet over. Aktivistar blei utsett for forfølging og avisa vår forbode. Organisasjonen eksisterte heile tida, men med stor nedgang i aktivitet utover i 60-åra. Først i 1975 kunne vi få trykke avisa igjen, og sidan 1979 har øPomeraniaø kome månadlig. I 1980 slutta vi fullt opp om rørsla for demokratisering og ein av leiarane for KPF var den første pressetalsmannen for Solidaritet. Under unnatakstilstanden frå 1981 blei "Pomerania" stoppa i eit år, men organisasjonsarbeidet fortsatte, sjølv om styresmaktene stadig la hindringar i vegen.

- Dokker hadde eit dårlig forhold til det gamle regimet. Korleis er idag forholdet til Solidaritet og den nye regjeringa?

- Alt mens Solidaritet måtte arbeide under jorda var det motsetningar. Mange undergrunnsaktivistar hadde kompleks mot oss fordi KPF heile tida holdt seg uavhengig i alle retningar. Ved valet i fjor sommar tok vi del på Solidaritet si side. Men dei leiande i Solidaritet i distriktet ønska bare å ha oss som valkampaktivistar. Frå det kasjubiske området blei ingen kasjubiske aktivistar nominert. Likevel har ein av dei som blei vald inn i parlamentet gjort ein bra jobb for oss; snakka for kasjubisk i skolar og massemedia og for vern av naturen i Kaszubia. Frå den nye regjeringa har vi ikkje fått stort å glede oss over. Fordelen er at no er alt tillatt, men på vår eiga rekning. Solidaritetsregjeringa kuttar bare ned på utgiftene til kultur, økologitiltak og jordbruk. Det er faktisk slik at kulturtiltak som klarte å overleve under den gamle regjeringa har vanskelig for å klare det no.

- Kva med den vestlige hjelpa til Polen, vil kasjubane få noko nytte av den?

- Vi er ikkje så glade for å bli oversvømt av vest-europeisk og amerikansk kapital. Vi må verne områda våre, og imot Vesten, svarar Borzyszkowski og legg til at disse meiningane ikkje er særlig populære blant "Solidarnosc nomenklatura".

KPF er ikkje ein organisasjon som nøyer seg med å stille krav til styresmaktene. Dei har og sjølv tatt på seg ein masse arbeid som dei meiner staten burde ha gjort. Dei trykker bøker, held språkkurs, kulturfestivalar osv. No kjempar dei for å bevare den einaste kasjubiske folkehøgskolen. Den har vore eigd av ZSMR, ungdomsorganisasjonen til det tidligare regjeringspartiet, men dei vil no kvitte seg med han. Sjølv om skolen har vore kasjubisk i namnet, har undervisninga vore på polsk.

- Ein av hovudsakene våre er å få kasjubiske sendingar på radio og TV, seier Borzyszkowski. - Vi bidrar gjerne til å lage dei, men betale for det har vi ikkje råd til. Så det spørs om vi når fram nå som polsk TV skal inn i marknadsøkonomien.

"Fiendtlig aktivitet av nedbrytande element"

Kva slags motstand den kasjubiske rørsla møter kjem fram i eit brev ein polsk innflyttar i den kasjubiske byen Jastarnia sende til Sikkerhetspolitiet i Gdansk 27.9.89. Dette var altså etter at Solidaritetsregjeringa overtok. Den kasjubiske rørsla har fått tak i brevet men ikkje offentliggjort det, da det ville stri mot den polske presseloven. (For evt. Klassekampen-lesarar i polsk politi og rettsvesen gjør vi merksam på at vi ikkje har fått brevet av Borzyszkowski.)

øEg foreslår å sette opp innafor sikkerhetspolitiet ei avdeling for bråkmakar-aktiviteten til dei kasjubiske sjåvinistane og separatistane. Denne avdelinga er naudsynt for å samle høvelig materiale om denne saka og sende dei for retten for å stoppe all fiendtlig aktivitet av nedbrytande element i Gdansk fylke. No når sikkerhetspolitiet ikkje lenger treng å bry seg om dei sakene som var viktige fram til 1989, skal og må det ta på seg nye oppgåver, som kjem til syne ved reformeringa av staten. Som ei slik sak kan ein sjå den kasjubiske separatistrørsla, som drøymer om ein stat i staten, om kasjubisk republikk, eiga regjering, kasjubiske skolar, kontor og kyrkjer med kasjubisk dialekt som offisielt språk......Dette er farlige brotsverk etter artikkel 123, 272....i straffeloven." Deretter kjem ei lang opplisting av dei kasjubiske "sjåvinistane" sine påståtte brotsverk frå mellomkrigstida og framover. "..Slik aktivitet er ulovlig og skulle bli knust i starten som ein fiende og kriminell aktivitet. Det er naudsynt å etterforske saka, skrive ned alle sjåvinistane og lære dei ei lekse......Eg erklærer mi profesjonelle hjelp til denne saka."

Kva det polske sikkerhetspolitiet har gjort for å følge opp brevet veit vi naturlig nok lite om. Men mye tyder på at det kasjubiske folket ikkje vil fortsette å vere like ukjent for omverda.

BILETTEKSTAR

* Det kasjubiske museumet i Kartuze. Disse teikningane kallas for "det kasjubiske alfabetet".

* Eit av dei mest karakteristiske trekk ved den kasjubiske kulturen er ein særeigen form for rosemåling. Dette er ein bank i den kasjubiske byen Kartuze.

* Kasjubisk rosemaling på veggane i venterommet til jernbanestasjonen i Kartuze.

* Mens dei aller fleste bolighus i Polen er murhus utan særlig særpreg, kan ein på landet i Kasjubia enno finne nokre slike trehus i tradisjonell stil.

* Dei mest typiske trekk ved kasjubisk kunst og husflid er rosemåling, keramikk og treskjæring. Disse bileta er frå eit museum i Gdansk.

* Jozef Borzyszkowski er leiar for Kasjubisk-pomeransk Forbund.

________________________________________________________

Fleire artiklar om Polen
Til startsida

sveilund@online.no