Innlegg i Klassekampen, 22.09.1987

Svein Lund:

Jaruzelskis venner

TO GANGER har nå Alf Lejon hatt innlegg i Klassekampen som forsvarer krigstilstanden i Polen frå 1981 og den såkalla normaliseringa. Argumentet er at om ikkje Jaruzelski hadde slått polakkane ned, så hadde russarane gjort det.

Eg måtte virkelig halde med fast da eg leste dette: «Hadde det sosiale opprøret i Polen tatt ei vending som gjorde det nødvendig for statsleiinga å slå ned opprøret? At dei sosiale interessene til folket måtte underleggast nasjonen og nasjonalstaten sine interesser?»

Dei to månadane mellom dei to innlegga til Lejon var eg i Polen og opplevde dette styret han er så bekymra for. Ut ifrå det eg har sett om forholdet mellom styret og folket der, må eg få spørre: Ka tid har Jaruzelski forsvart den polske nasjonalstaten sine interesser? Knapt noko regjering i Europa er så upopulær hos sitt eige folk, samtidig som polakkane er så nasjonalistiske at det absolutt er i meste laget. Årsaka finn vi langt på veg i at ingen regjering Polen har hatt etter krigen ville ha blitt sittande om det polske folket fikk rå. I 1944 blei det danna ei polsk regjering basert på sovjetiske bajonettar, og der har dei sotte sidan. Sovjet ba om krigstilstand i Polen, og der fikk det. «Den polske nasjonalstaten eksisterer framleis», seier Lejon, og brukar dette som prov på at krigstilstanden var rett. Ja, den polske nasjonalstaten eksisterer, på same vis som nasjonalstatane i Tsjekkoslovakia, Kampuchea og Afghanistan. I eit opprop frå i sommar seier ei rekke polske opposisjonelle at den polske nasjonen nå må få rå seg sjølv. Kvifor stiller dei dette kravet om dei har denne retten i dag?

Lejon og dei kinesiske leiarane skryt av «stabiliseringa» i Polen. Liknande stabilisering har vi sett før, f.eks. i Chile-73, Hellas-67. Eg hadde gleden av å sjå litt av denne stabiliseringa 30. august i år. I 1982 blei 3 arbeidarar drept av politiet under ein demonstrasjon i gruvebyen Lubin. Denne dagen gikk nokre hundre i tog til minne om dei og som markering av 7-årsdagen for Gdansk-avtalen. På plassen dei blei myrda sto politiet igjen oppmarsjert, og seinare gikk dei til angrep på toget og mange blei arrestert. Polen er idag eit land der politi og militære har som si viktigaste oppgåve å halde arbeidarrørsla nede.

I sitt siste innlegg (10.9.) er Lejon igjen ute og forsvarar Jaruzelski. Her seier han at for å forsvare nasjonal fridom og sjølvråderett kan indre undertrykking av arbeidarklassen vere naudsynt. Dette er i seg sjølv ein svært farlig tankegang. Den vil like godt kunne brukas til å forsvare ein unntakstilstand i Norge av redsel for at amerikanarane skal overta. Ei anna sak er, at korleis skal den polske regjeringa kunne forsvare ein nasjonal sjølvråderett dei ikkje har? SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no