Janitsjarskolen – Eit bokfunn til ettertanke

Szkoła janczarów

Eg har gjort eit bokfunn av dei store! Ein sjeldan gong kan ein finne ei bok som gjør eit uutslettelig inntrykk, som ein ikkje får ut av hovudet. Dette har eg gjort no, og eg må bare skrive ned tankane og dele dei, sjølv om det nok er få nordmenn som har lest boka eller nokon gong vil gjøre det. Ho ser nemlig ikkje ut å vere tilgjengelig verken på skandinaviske språk eller engelsk. Sjølv har eg lest boka på polsk, men ho skal også finst på tysk, tsjekkisk og japansk, for dei som syns noko av dette er lettare tilgjengelig.

Men først nokre innleiande digresjonar som forklarer kvifor eg fann boka og kva eg fann i henne.

Vi blir aldri ferdig med andre verdskrigen. Fortsatt kjem det bøker om brenninga av Finnmark, om skjebna til jødane i Noreg, om kvinnene i motstandskampen. Nye generasjonar reiser med kvite bussar til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen. Sjølv om siste generasjonen som opplevde krigen tynnast ut, engasjerer framleis forteljingane om grusomheitene og om heltemotet, og framleis provoserer påstandane om at nokre av dei heltemodige kanskje ikkje var så reine og ranke, og om at også dei allierte var skuldige i krigsbrotsverk.

Eg er fødd 6 år etter at krigen tok slutt, men eg er vakse opp med han. Med forteljingane om mor og onkel sin innsats i heimefronten, om far si fortviling over at fleire av slektningane hans gikk inn i NS, mens han sjølv heldt seg på "rette" sida, og gjorde motstand på sitt vis, utan at det blei nokre store heltedåder av det.

I ein alder av 35 år kom eg første gong til eit av dei landa som leid aller mest under krigen, nemlig Polen. Landet med Auschwitz og Stutthof, som eg etter kvart lærte at var tyske former for Oświecim og Sztutowo. Med eit besøk i museet i Sztutowo, hadde eg fått nok av konsentrasjonsleirhistoria. I Gdańsk, som no bare tyske turistar omtalar som Danzig, fikk eg andre sider ved krigshistoria inn, frå det som etter kvart skulle bli svigerfamilien min. Om livet i Kresy, randsonen i aust, i det fleiretniske området som var polsk i mellomkrigstida og etter krigen blei delar av dei ukrainske, kviterussiske og litauiske sovjetrepublikkane. Om å bli fanga mellom tyske og sovjetiske hærar og ikkje minst ukrainske nasjonalistar. Om såvidt å berge livet og den lange ferda frå det "gamle" Polen til det nye, i ein landby etnisk reinska for tyskarar der dei som var forviste eller flykta frå aust måtte prøve å skape seg ei ny framtid. Historia som forfølgde svigerbestemor heilt til ho i ein alder av 98 år fikk møte sin Gud, og som framleis forfølger svigermor (86), sjølv om ho bare var 10 år da krigen slutta.

Snart 34 år etter mitt første møte med Gdansk, sit eg i den same leiligheita som eg første gong besøkte i 1987. To av dei tre som budde her dengang er no på kyrkjegarden i ­Łostowice, den tredje deler eg i periodar, for å seie det litt forenkla, to bord, to senger, to gamle bilar og to kajakkar med. Etter at korona og andre fenomen i mesteparten av 2020 hadde låst oss i kvart vårt land, klarte eg endelig tre dagar før jul å fly Alta-Tromsø-Gdansk for å feire jul med svigerfamilien. Og jul blei det, sjølv om koronatiltaka sette sine begrensingar og våre vanlige 18 til bords på julekvelden blei redusert til 8 på det meste. Deretter var det slutt på moroa for min del. Eg blei overfalt av harde kramper i kroppen som etter kvart førte til det som står for meg som eit utal av legebesøk og venterom og undersøkingar med all verdas forkortingar som EKG, EEG, CT og MR, samt eit tilsvarande utal av forsøk med legemiddel frå sjølvplukka planter til slike som apoteket bare gir ut mot resept. No var det ikkje sjukehistoria mi eg skulle skrive om, men resultatet var i alle fall at billetten min den 10.01., den kunne eg bare gløyme. Eg var rett og slett ikkje i transportabel stand. Det einaste eg kunne gjøre mellom kramperiene og medisineringa var å skrive dikt og lese bøker. Etter å ha lest ut mine medbrakte og siste funnet på nattbokhylla, byrja eg å gjøre det eg aldri har gjort før, men ofte tenkt på, systematisk å gå laus på bokhylla til ho som har samla bøker i denne leiligheita sidan blokka var ny i 1980. Etter ein halv meter med interessante turistbrosjyrer frå nære og fjernare delar av Polen, kom eg til ei merkelig bok som fanga meg frå første blikket. Tittelen Szkoła janczarów var skrive med halvt gotiske skrifttyper som fikk tankane til å gå meir i retning av Tyskland enn Polen, og teikninga av ein liten gutt fanga inne i ein hakekorsforma labyrint utan utgang. Altså noko om ein skole, men kva var ein janczar? Ordet sa meg ikkje noko. Forklaringa eg fann sa at det var det vi i Noreg kjenner som janitsjar, men det sa meg ikkje stort meir.

I barndommen min hadde familien ein ven som spela eit blåseinstrument i janitsjarkorps, og for meg var janitsjar bare namnet på ein musikkform med røter ein stad nede i Sør-Europa eller Midt-Austen. Først no måtte eg til å leite opphavet til janitsjarane. I tilfelle lesaren skulle vere like uvitande som eg var, så kjem det her i kortversjon: Det tyrkiske eller ottomanske imperiet (1299-1923) var da det sto på høgda av makta si på 1600-talet eit av dei største imperia verda har kjent, med sentrum i Tyrkia og med ytterpunkt som Budapest, Algerie, Somalia, Mekka, Kuwait og Kaspiahavet. Mesteparten av denne tida omfatta det størstedelen av Balkan. Frå 1300-talet og heilt fram til 1826 hadde dette riket ein eigen ståande hær kalla janitsjarar (av tyrkisk for "ny hær"). Denne var rekruttert ved at gutar frå kristne familiar, særlig på Balkan, blei tatt til fange, ført til Tyrkia der dei blei sett bort til tyrkiske familiar, opplært i tyrkisk språk og islamsk religion og kultur. Etter tvangskonvertering til islam blei dei så tatt opp i janitsjarhæren, som utgjorde ein slags fortropp på omlag 1/10 av den samla hærstyrken til det osmanske riket. Dei blei sultanen sine mest trufaste troppar, som kunne brukast bl.a. til å undertrykke dei folkeslaga som soldatane sjølve kom i frå. Dei hadde også eigne musikkorps, som la grunnlaget for den stilen vi enno kallar janitsjarmusikk.

Men kva hadde så det med denne boka å gjøre og kva var samanhengen mellom janitsjarane og hakekorset? Dette måtte eg bare finne ut av. Undertittel på boka ville i norsk oversetting blitt "Brev til en tysk venn", og boka består av 18 brev til ein ven, som vi aldri får vite namnet på eller om dette bare er eit grep forfattaren har vald for å presentere stoffet. På kolofonsida står det at boka er oversatt frå tysk, og ved ein annan enn forfattaren. Likevel kom boka ut først på polsk i 1969, og den tyske utgåva Die Schule der Janitscharen kom først i 2013(!). Blar vi gjennom boka finn vi gamle, tydelig originale bilde frå krigen og etterkrigstida. Det er altså ikkje snakk om skjønnlitteratur og fantasi, men viser seg å vere forfattaren si eiga livshistorie.

Boka startar med eit to sider langt sitat, "Om behandling av fremmede stammer i øst", stempla hemmelig og underskrive H. Himmler. Heinrich Himmler (1900-45) var øvste leiar for SS og ein av dei fremste i Nazi-Tyskland under Hitler. Han er kjent som ein av strategane bak utryddinga av jødar, romer, homofile og funksjonshemma. Mindre kjent, i alle fall i Noreg, er behandlinga av dei slaviske folkeslaga i landa som Tyskland erobra i Aust, bl.a. Polen. Eg hadde hørt i Polen om at polske barn under tysk okkupasjon ikkje finn meir enn 4 års skolegang, men at dette faktisk var ordre frå nest høgaste hald, visste eg ikkje før eg last dette skrivet frå Himmler:

" Det grunnleggande problemet i løysinga av alle desse spørsmåla er problem med skole og forbunde med det segregering eller utval av ungdom. Ikkje-tysk ungdom i Aust kan ha bare fire-årig grunnskole. Høgare utdanning er utelukka. Målsettinga med denne alminnelige skolegangen er: lære enkel regning, maksimalt til 500, skrive namn, innpoding av prinsippet, at det er ein plikt mot Gud å vere lydig mot tyskarane, ærligheit, flid og høfligheit. Eg ser ikke det å kunne lese som nødvendig.

Utenom denne type skole kan det ikkje eksistere nokon andre i Aust. Foreldre, som skulle ønske å gi barna sine ei betre utdanning, såvel i grunnskolen som i høgare skolar, må i denne saka sende ein søknad til høgaste kommandantar i SS eller politiet. Vurdering av ein slik søknad avhenger i første rekke av om barna er rasemessig verdifulle og om dei svarer til vilkåra våre. I tilfelle barna blir vurdert å vere av vårt blod, blir foreldra informert om at barna sendast til skole i Tyskland, og blir verande der permanent.

... I tillegg til vurderingane til foreldra om betre utdanning til barna skal det årlig gjennomførast utvalg av barn i Generalguvernementet i alderen 6 til 10 år etter rasemessige kriterier. Barn som blir vurdert som rasemessig verdfulle, blir behandla på same måte som barn der foreldra sender søknad og denne blir innvilga."

Vidare skriv Himmler at slike barn og evt. foreldre når dei flyttar til Tyskland skal ta tyske namn og integrerast fullt i det tyske samfunnet.

"... Etter konsekvent gjennomføring av desse tiltaka på befolkninga i Generalguvernementet vil denne i løpet av eit tiår bare bestå av mindreverdige restar. Befolkninga vil, fråtatt si eiga leiing, bli ståande som arbeidskraft til å forsyne Tyskland med sesongarbeidarar, arbeidarar til å gjøre spesialarbeid (vegar, steinbrot, bygging). Dei vil da få betre vilkår enn under polsk leiarskap. Dei vil også, fråtatt sin eigen kultur, gjennomføre hardt arbeid under den strenge, konsekvente og rettferdige leiinga av den tyske nasjon, gjennom å bygge opp deres evige verk av kultur og bygging."

Boka er historia om korleis forfattaren var ein av mange offer for denne grusomme politikken. Den blei sett ut i livet med stor kraft, bare med den endringa at det i praksis blei tatt barn også under 6 år, som var lettare å forme. Dei som blei røva frå Polen og ført til Tyskland var slike som blei rekna som "rasemessig verdfulle". Ingen veit sikkert kor mange dette var, men det er i alle fall kartlagt omlag 20.000. Etter først å bli plasserte i barneheimar, blei dei etter kvart adopterte av barnlause tyske familiar, helst da folk som var medlemmar av det regjerande nazipartiet. Dei blei utsett for total tysk og nazistisk påverknad, noko som inkluderte negative haldningar og fordommar mot dei folka og landa dei sjølve kom frå. Desse haldningane forsvann ikkje av seg sjølv da krigen var over. Dei fleste blei verande i Tyskland, bare omlag 10% vendte etter krigen tilbake til Polen.

I brevform fortel forfattaren om opplevingane sine på barneheim og i adoptivheim i Tyskland, fram til han etter krigen blei spora opp frå polske styresmakter. Etter først å avvise totalt at han hadde polsk bakgrunn, valde han som 15-åring å slå til på eit tilbod frå si biologiske mor om å komme til Polen på 4 vekers sommarferie. Han dro da dels på grunn av konfliktar i adoptivheimen, dels for å få slutt på maset og "overbevise denne kvinna om at ho ikkje kunne vere mor hans." Det gikk ikkje som planlagt. Etter at han kom tilbake til heimen, byrja minna frå den første barndommen å komme tilbake, og han forsto at det faktisk var her han hadde levd sine første år. Etter eit par veker tok han den store beslutninga: Her skulle han bli. Men morsmålet frå dei første åra var heilt borte og måtte lærast på nytt. Alt av kultur og haldningar måtte også nyvurderast. Det var heller ikkje bare å bli godkjent i det polske samfunnet. Han var ikkje aleine i denne situasjonen. Tusenvis av bortførte barn og ungdom skulle etter krigen repatrierast til Polen, og ein del av programmet frå den polske staten var at dei skulle lære om krigshistoria, som dei bare hadde fått frå den andre sida. Noko av det sterkaste i boka er forfattaren si forteljing om når han står ved museet etter konsentrasjonsleiren Auschwitz og det virkelig går inn kva brotsverk som blei gjort av det landet der han vaks opp og det partiet som adoptivfar hans hadde vore med i.

Om bakgrunnen var ein annan, førte andre verdskrigen også til at nokre barn opplevde omtrent det motsette: Dei hadde tysk familiebakgrunn, men vaks opp som polske i Polen. Også dette er det skrive bok om, som eg ikkje har lest, men eg har lese ein interessant omtale av begge bøkene.1 I 2017, året etter at Alojzy Twardecki døydde, blei det på nettet presentert ei samanfatting av historia hans i lag med eit intervju med sonen hans. 2 Frå dette siterer eg avslutninga i mi omsetjing:

"Tyskarane har i stor grad enno ikkje peiling på det, som skjedde i dei okkuperte landa, særlig i Aust. Dei kan ikkje førestille seg brutaliteten og nokre gonger ønsker dei ikkje å forstå det. Derfor er det vår plikt som polakkar å minne om det. Så at det ikkje blir glømt."

Kvifor gjorde boka så kraftig inntrykk på meg at eg måtte skrive om det? Ein ting var skildringa frå innsida av korleis eit barn kan bli hjernevaska til å ta ein heilt annan identitet, til fordommar og negative haldningar overfor sitt eige folk og ikkje minst til å tru på store delar av den nazistiske propagandaen til lenge etter at krigen var over og Tyskland hadde tapt krigen. Ei anna sak var skildringa av vegen tilbake, til eit språk, ein kultur og ein identitet som var nesten heilt utrydda, men enno låg der latent. Likevel hadde eg nok ikkje blitt gripe så av boka om eg ikkje hadde sett parallellane andre stadar i verda. Den første parallellen ligg svært nær. Barnerovet i Polen og adopsjonane vidare var organisert gjennom den statlige organisasjonen Lebensborn, oppretta nettopp av Heinrich Himmler, med målsetting å sørge for tilvekst av "rasereine germanske" barn. Den opererte i Tyskland og Østerrike og i dei okkuperte landa som hadde meir eller mindre "germansk" befolkning. Ingen land utafor Tyskland hadde så mange Lebensborn-heimar som Noreg. Der blei det fødd omlag 1200 av dei omlag 10000 barna som under krigen blei fødd med norsk mor og tysk far. 250 av dei blei tvangsadoptert til Tyskland, og bare ein tredel av desse kom tilbake til Noreg.

Tankane går vidare til andre delar av verda, der okkupasjons- og kolonimakter har tatt barn bort frå foreldra, bort frå kulturen, språket og identiteten. Mange har blitt slukt opp av dei dominerande kulturane, andre har endt som heimlause midt i mellom, og ikkje kjent seg trygg verken i eigen eller storsamfunnet sin kultur. Eg tenker på behandlinga av barn av aboriginarar i Australia og urfolk i Canada, på den danske kolonimakta som sendte ei mengde grønlandske barn til Danmark. Tankane går heimover igjen, til 150 år med systematisk arbeid frå norske styresmakter for å fråta samiske og kvenske barn språket og kulturen gjennom skolen. Eg tenker på dei som blei tatt til barneheimar, adoptert bort eller fikk langvarige opphald på helseinstitusjonar i norskspråklig miljø. Eg veit ikkje om nokon har oversikt over kor mange dette gjeld, og kva skjebne som møtte dei. Men eg har kjent i alle fall ein handfull av folk som har vore utsett for dette. Mange gjorde som Alojzy Twardecki, dei fann vegen tilbake som ungdom eller vaksne. Men få av dei som blei adoptert bort klarte å finne vegen tilbake til eige morsmål.

Tankane går også til dei som enno i 2021 hevdar at den som har mista språket sitt ikkje lenger kan høre til sitt eige folk, i vårt tilfelle at samar som ikkje snakkar samisk som sitt førstespråk ikkje kan vere samar. Tankane går til dagens debatt om "identitetspolitikk" på godt og på vondt og til venstre og til høgre. Tankane går ....

Forfattaren blei frå 4 til 15 års alder forma til tyskar. Likevel fann han vegen tilbake til polsk identitet. Dei resterande 63 åra av livet blei han buande i Polen, der han blant anna arbeida som oversettar mellom polsk og tysk og såg det som sitt kall å arbeide for større gjensidig forståing mellom det polske og det tyske folket. Det gjorde han ikkje minst med denne boka. For oss som kjem frå andre folkeslag gir ho ei historie som har vore ukjent for dei fleste, og ein allmenn visdom om korleis indoktrinering kan prege oss og korleis denne kan overvinnast.