Artikkel i Klassekampen, august 1989

- Ingen offensive krav frå Solidaritet

-Vi er ikkje, og vi vil ikkje bli noko politisk parti. Nokre folk har ønska at vi skulle bli det, men det er ikkje Solidaritet samde i. Vi er heile tida ei fagforening.
Dette seier leiar for Solidaritet i Region Wielkopolska, Janusz Pałubicki til Klassekampen.

Av Svein Lund, Poznań

Vi treff han på Solidaritetskontoret i Poznań. Det ligg sentralt i byen og er lett å finne med skilt ute på gata. Eg minner om sist eg intervjua han, i 1987. På eit hemmelig møte heime hos han, der dei andre fikk politiet i hælane da dei gikk frå møteplassen. Det var i den tida da forsøk på å sende kopiar av artiklane mine til venner i Polen blei stoppa av tollvesenet som «skadelige for interessene til den polske stat». Men Pałubicki har ikkje tid å mimre over gamle dagar. No kan han bare sette av kort tid til intervju.
- Kva var det du ville vite?
-Det var streik på bussane og trikkane her for eit par dagar sidan. Har det vore mange slike streikar etter at Solidaritet blei legalisert?
-Denne streiken er den einaste opne streiken som har vore her i regionen. Og den var Ikkje organisert av Solidaritet som forening. Ellers har her vore ein del forskjellige aksjonar, men ikkje direkte streikar. Det er f.eks. no ein aksjon innafor helsevesenet i heile Polen. Den gjeld både lønn og organisering av arbeidet.

100 prosent inflasjon

- Det er ikkje tvil om at reallønna for polske arbeidarar vil gå kraftig ned i år. Inflasjonen vil bli over 100 prosent. Gjennom forhandlingar med regjeringa har vi fått ein avtale om indeksregulering, men denne er ikkje god nok. Den gir bare 80 prosent kompensasjon.
• Ka er dei viktigaste krava frå Solidaritet i den økonomiske situasjonen i dag?
- Alt vi kan gjøre er å forsøke å forsvare arbeidsfolk. Vi ønsker ikkje no å gjøre nokre skritt som kan skade avtalen med regjeringa. Vi har derfor ikkje nokre offensive krav i augeblikket. Om situasjonen betrar seg vil vi kunne risikere meir og oppmode til aksjonar.
- Solidaritet er no offisielt legalisert og anerkjent av styresmaktene. Men blir dette respektert? Heile statsapparatet har jo undertrykt dokker i mange år.
- Vi velt at politiet fortsatt lyttar på, telefonane våre. Men elles har Ikkje vi vore utsett for direkte innblanding, slik som enkelte andre organisasjonar i opposisjon. Men ein del stader har bedriftsklubbane våre hatt vanskelig for å bli anerkjent. Vi har no elt par saker på dette dette her i distriktet. I elt tilfelle blei alle medlemmane av Solidariet sparka da dei danna bedriftsklubb. Denne saka vil nå komme for retten.
- Under unnatakstilstanden frå 1981 var det mange arbeidarar som mista jobben på grunn av faglig og politisk arbeid. Har dei fått jobben tilbake ?
-Det var eit av avtalepunkta under rundebordsforhandlingane med regjeringa at dei skulle få, Som resultat av dette fikk eg igjen jobben min på universitetet i Poznań. Men mange har likevel hatt problemer. Eit eksempel er ein av leiarane for Solidaritet her i regionenher i regionen, Bogdan Narozny som har gått arbeidslaus sidan 1986. Fabrikken der han jobba før nekta å ta han inn igjen, og dette er no anka til ein spesiell kommisjon som skal sjå på slike saker. Særlig på mindre plassar er det mange som har hatt vanskelig for å få jobben sin Igjen.
- Stoler dokker på at Solidaritet vil få jobbe legalt framover, eller fryktar dokker eit nytt forbod ?
- For tida trur vi ikkje at vi skal bli nøydd å gå under jorda igjen.

Rørsla sterkare

-Rørsla blir stadig sterkare. Her i region Wielkopolska har vi nå 443 klubbar. Det er tre ganger så mye som det beste vi hadde i 1980-81. Men noko medlemstall kan eg ikkje gi deg. Utviklinga går rett og slett for fort til at vi greier å halde oversikten. VI har nok med å holde oversikt over lokalorganisasjonane.
- Ka med dei offisielle fagforeningane, korleis står det til med dei no?
- Offisielt har dei fortsatt sju millionar medlemmar, men vi veit at mange har meldt seg ut etter at Solidaritet blei legalisert. Dei som er medlemmar av den offisielle fagforeninga har fortsatt viktige økonomiske fordeler, men dette er no i ferd med å bli redusert. På regionplan har vi ingen form for kontakt med dei, men i fabrikkane er det nokre stader eit visst samarbeid. Men andre stader ser Solidaritet og den offisielle fagforeninga på kvarandre som fiendar.


Til Hovudsida

sveilund@online.no