Artikkel i Klassekampen, 16.august 1989

Gjensyn med Polen

Det første lille teiknet såg vi alt på ferga frå Helsinki til Gdańsk, eit klistremerke ved bardisken: Solidarność. For to år sidan kom eg for første gong til Polen med same båten. Da hadde elt Solidaritet- merke aldri fått stå i fred på ein polsk rutebåt.

Av Svein Lund, Gdańsk

Det neste merket er større, og heng på døra til trikken eg tar frå hamna i Gdańsk. På bussen frå Gdańsk sentrum til Wrzeszcz — eit stort merke i raudt og kvitt ved sida av sjåføren. Joda, her var det. Eg finn vegen til ein gamal kjenning i Gdańsk, men bare besteforeldra er heime.
-Dzień dobry. - Dzień dobry. På stotrande polsk får eg forklart at eg går ein tur i byen og kjem att til kvelden.

Sundag midt på dagen i gamlebyen i Gdańsk. Blant lokalbefolkning og turistar ruslar vi rundt mellom hus som ser ut som dei er fleire hundre år gamle. Om ein ikkje kjenner historia vil ein ikkje kunne ane at det aller meste her er rekonstruert etter krigen, da det meste av Gdańsk blei lagt i ruiner. Men i motsetning til i Finnmark hadde gjenreisarane i Polen sans for historie og kultur.

Noko er endra

På Długi Targ (det lange torget) står selgarar av alle slag. Maleri, kirsebær, is og smykker. Akkurat som da eg gikk over dette torget for første gang, på dagen to år tidligare. Men noko er end- ra. For nær det gamle rådhuset står ei salsvogn med eit stort kvitt lerret med raud skrift. «Solidarność». Vi såg ordet her for to år sidan og, men da bare med kritt på murvegg. Ved vogna står tre karar og sel Tygodnik Wyborcze, lokal valavis for Solidarność i Gdańsk-området. Vi må ba- re kjøpe både avis og jakke- merke til 200 złoty for stykket. Men alt kan misbrukas, og litt seinare kjem ein kar bort til oss og spør kor vi turistar kjem ifrå.
-Ah, Norwegia. Kaufen Solidarność-merken? Fem kronor! (Svart kurs på fem kroner er no omlag 3500 złoty, altså 17-dobla pris.)
Like etter kjem ei kone bort til oss og tigg på tysk om pengar til dottera som er sjuk og treng medisin. Det er ikkje da ein likar seg best som vestlig turist. Eg held fram med å oppsøke gamle tomter og ruslar langs kaiene ved Motława, mens eg fortel nykommarar frå Finland det lille eg veit å fortelle.

Men, - brukte det ikkje å stå eit slagord på den bygningen der på andre sida av elva? Og på den der lenger nede og, forresten. Plutselig slår det meg; kor er dei blitt av, alle dei offisielle slagorda med kvit skrift på raud eller lyseblå botn, dei som ingen trudde på og som ein kunne lure på om var satt opp bare for at folk skulle ha noko ekstra å irritere seg over. Dei er vekk. Bare nokre ganske få står att.
Vi ruslar mot Plac Soli- darność, plassen foran Gdańsk Skipsverft der tre høge kors sidan 1980 har stått som eit minne om arbeidarane som blei skote her i 1970. Over den mest berømte skipsverftsinngangen i verda står som før: STOCZNIA GDAŃSKA IM LENINA. Men på portvaktbygningen tronar eit kjempeskilt; WYBIERAM SOLIDARNOŚĆ. Eg velger Solidari- tet.

Valutabutikk

Ikkje langt unna ser vi ein butikk som er synlig ny: Skup Walut — valutabutikk. Kvifor skal bare privatfolk tjene på svartebørsen, tenkte regjeringa, og i fjor gjorde dei den svarte kursen offisiell. Men fortsatt eksisterer den gamle offisielle turistkursen som er ein brøkdel av den svarte. Sommaren 1987 var offisiell kurs 200 złoty på ein dollar, den svarte var 900.1 januar 1988 var det 300 og 1400. Like før eg reiste frå Norge sist i juni får eg brev frå Polen som fortel at svartkursen på ein dollar no er heilt oppe i 3700 złoty. Såvidt kome i land i Gdańsk står dei der: Change money — 5000! -Ikkje tru på dei seier eg til ein finlendar. Dei er ute etter å narre oss, kursen er ikkje så mye. Men tilbodet var nok reelt. Utafor Skup Walut står det svart på kvitt: Skal du kjøpe dollar her må du ut med 5200 złoty. Kursen har stege 40 prosent på tre veker, og i Warszawa har prisen vore oppe i 6000. Du får no 15-20 dollar for ei polsk månadslønn. I Gdynia skal eg gjøre den obligatoriske vekslinga til offisiell kurs. Eg får mine 137 000 som er minimum for 11 dagar. Rett etter meg kjem ein tyskar:
- Kann mann hier ein hundert Mark wechseln?
-Nei dessverre, ikkje no, vi ventar på ny kurs.

Dyrare

Bybussbilletten, som sist kosta 9 zloty overalt, kostar no frå 24 til 32. Ein enkel fiskemiddag på fortausrestaurant kjem på meir enn ei polsk dagslønn. Den offisielle engelskspråklige vekeavisa «Warsaw Voice» melder at reallønna etter forsiktige anslag reknas å gå ned 20 prosent i år. Dei kan fortelle at oljeproduksjonen blir redusert med 25 prosent, kolproduksjonen med 10 prosent og produktiviteten med 0.9 prosent.

På ein jernbaneundergang i Warszawa ligg ein fillete tiggar med lua med småmyntar ved sida. Der vi kjem opp i dagslyset står gamle damer utan anna å selge enn handleposar av plast.

Polen i dag: Eit land i glede, men og eit land i utryggheit, eit land i desperasjon Den polske våren er over. No er det hetebølge og steikande sol. l. august tar den midlertidige prisstoppen slutt. Inntil da hamstrar folk varer så godt dei kan, mens bøndane held kjøttet tilbake med dei ventar på prisauke. Eit rasjonerings kort er ikkje lenger nokon garanti for å få kjøpt kjøtt. Papirproduksjonen (eller importen?) ser ut å ha auka drastisk, men ingen blir mett av valaviser.

Sjokksiger

Solidaritet har vunne ein knusande valsiger, men veit ikkje kva dei skal bruke han til. Regjeringa er fortsatt sjokkskada etter tapet. Dei har fortsatt makta, men har mista all legitimitet. «He is dead, but he won't lay down.»

- Polen kan bli det første landet som avskaffar den totalitære kommunismen, sa ein representant for Solidarność til oss. Men få tør å avskrive den andre moglegheita. Til det er både minne frå desember 1981 og bileta frå Tiananmen for nære.


Fleire artiklar frå Polen

Til startsida

sveilund@online.no