Artikkel i Klassekampen, 17.august 1989

GAZETA WYBORCZA

- Det tar vanligvis eit halvt år å starte opp ei ny dagsavis. Ti dagar etter det var klart at Solidaritet fikk lov å gi ut dagsavis, hadde vi første nummeret på gata — Gazeta Wyborcza, Aust- Europas første opposisjonelle dagsavis.

Av Svein Lund, Warszawa

- Vi starta opp her utan møbler. Alt vi hadde var to telefonlinjer og 15 datamaskinar som vi hadde fått i gave frå utlandet, men som ingen kunne bruke, fortel Wojciech Giełzyński. Giełzyński er synlig stolt når han viser rundt i redaksjonslokalene til Gazeta Wyborcza, dagsavisa til Solidaritet: Han er journalist med særlig ansvar for utanriksstoff. Fram til 1981 arbeida han i den offisielle pressa, seinare i undergrunnspressa. Han fortel at Gazeta Wyborcza, som no har kome ut i tre månader, kjem i eit opplag på 450000. Alt blir solgt i laussal, for det meste frå kioskar.
- Vi har planar om å bygge ut abonnementsordning, men det er litt vanskelig, for det polske postverket er ikkje særlig godt. Derfor kjem sjølv regjeringspartiet sine aviser ofte fram 2-3 dagar for seint til abonnentane. Staten eig aviskioskane, og ofte kan det vere vanskelig å få avisa vår der. Vi diskuterer derfor no å bygge opp eit eige distribusjonssystem. Så skulle vi absolutt hatt eige trykkeri, no er vi avhengige av å bruke dei statseigde trykkeria.

Opp frå undergrunnen

Men om ein starta på botn materielt, så starta ikkje journalistane utan grunnlag. Nokre få kjem frå den offisielle pressa, men dei aller fleste kjem frå under- grunnspressa. I 1970- og 80-åra blei det i Polen bygd ut den sterkaste undergrunnspresse verda nokon gong har sett. På det meste kom 6-700 undergrunnsaviser ut meir eller mindre regelmessig. Ei av dei største, Tygodnik Mazowsze, kom praktisk talt kvar veke utan avbrot frå 1982 til 1989, i eit opplag på 50-100000. - Omlag halvparten av undergrunnspressa kjem fortsatt ut, og det meste av den som no har stoppa blir halde i beredskap, fortel Giełzyński. Vi er ikkje sikre på at denne situasjonen vil vare, så derfor er det best å ta vare på det tekniske utstyret i tilfelle vi blir nøydd å gå under jorda igjen.

Sensuren

-Dokker får no lov å gi ut avis, men sensuren er ikkje avskaffa. Har dokker mye problem med den?
- Alle artiklar må visas til sensuren, og gjennomsnittlig blir 2-3 artiklar for dagen fjerna eller redusert. Hardast går det ut over utanriksstoffet, særlig om naboane våre, Tsjekkoslovakia og Øst-Tyskland. Når det gjeld omtale av Sovjet er dei ikkje på langt nær så strenge.

Kartet endra

Vala synte at det politiske kartet over Polen er totalt forskjellig frå før. Før var det dei store fabrikkane som var basisen til Solidaritet. Nå er ikkje det så sikkert lenger. Bare 25-30 prosent av arbeidarane er medlemmar av Solidaritet. Tidligare brukte vi slagordet: All ungdom er med oss. Det er ikkje lenger så sikkert at det er sant. Det store fleirtalet av dei er ikkje interesserte i politikk. Dei vil tjene pengar, dra til utlandet, starte private firma. Dei vil vere uavhengige. Fleirtalet drømmer om å emigrere. På den andre sida fins det ein veldig positiv faktor; tidligare var vi overbevist om at bøndene var så kua at del ikkje hadde vilje til å gjøre noko. Men gjennom valkampen synte bønder og andre på små stader utover landet seg å vere dei mest aktive. Solidaritet er i dag ikkje særlig sterk som fagforening. Men som sosial rørsle er den sterkare enn nokon gong. Derfor er det no for seint for Solidaritet å vere bare fagforening. I dag er det ein tredelt struktur i Solidaritet. For det første fagrørsla, for det andre borgarkomiteane som blei skapt i valkampen, og for det tredje parlamentsgruppa på tilsaman 260 repre- sentantar.
- Men med ein slik struktur, kem er det som har leiinga ?
- Det er Lech Wałęsa. Alle har noko imot han, men det fins ikkje noko alternativ. Det er han som held det saman. Han er den verkelege nasjonale leiaren i Polen i dag.
- Hadde dokker venta eit slikt valresultat?
- Nei, det var eit like stort sjokk for oss som det var for regjeringa. Vi hadde venta 23-25 prosent av Sejmen, ikkje 35 som no, og i senatet hadde vi håpa på 60-70 pro-sent. I staden tok vi praktisk talt alt slik at regjerings- partiet no ikkje er representert i Senatet. Det er faktisk eit problem at vi tok alt der, for diskusjonane i Senatet blir jo bare mellom oss. Da er det ikkje så interessant lenger. Derfor sender TV time etter time med direktesendlngar frå Senatet.

Høgspenning

Om framtida til Polen er det ikkje mogleg å seie noko sikkert, meiner Giełzyński:
- Polen kan bli det første landet til å avskaffe den totalitære kommunismen. Men situasjonen er no heilt uavklara, og for tida er spenninga svært høg. Dei neste vekene kan bli heilt avgjørande. Det er ikkje no spørsmål om djupe reformer, men om å overleve denne sommaren. Om ikkje folk nå får nok mat, vil det bli store demonstrasjonar i gatene. Det kan bli ein revolt som rettar seg mot alle. I ein slik situasjon kan politiet komme til å opne ild. Og da kan alt skje.

- Gjenreis pressa

Ein av journalistane i Gazeta Wyborcza er Stefan Bratkowski, nyvald leiar for det polske joumallstforbundet, SDP. Forbundet uavhengig, men samarbeider med Solidaritet, SDP blei i likhet med Solidaritet forbode i 1981 og er nylig blitt legalisert igjen. Dei organiserer journalistane den frie pressa, men har og medlemmar frå den offisielle.
- Den første oppgava vår i dag, seier Bratkowski, er å hjelpe dei journalistane som har blei sparka under unnatakstilstanden til å få jobben tilbake. I 1982 blei over 1200 journalistar sparka og omlag 1000 degraderte. I nokre byar blei opptil 1/2 av journalistane sparka. Dei fleste av dei er no i heilt andre yrke, vi forsøker å hjelpe dei til å få ein journalistjobb igjen. Det neste er å bygge opp igjen lokal presse. Før krigen kunne det vere aviser i ganske små byar. Etter krigen blei alt dette øydelagt og vi fikk ei einsretta presse. Polen har etterkvart fått ei meir differensiert presse, men det er under jorda. No er det i prinsippet opna for opposii nelle aviser, men dermed er ikkje alle hinder ute av vegen. Det er naudsynt med registrering hos sensuren. Det er sensuren som regjerer marknaden, og dei likar ikkje journalistar. Vi vonar at det no vil komme ei endring av presseloven. I tillegg er det sjølvsagt spørsmål om maskinar og finansiering.
-Vi treng å endre heile. massemedia-strukturen. I dag hører 80 prosent av media til partiet, mens 10 prosent er under kontroll av partiet. Dette monopolet kan vi ikkje akseptere, sier Bratkowski.


Til startsida

sveilund@online.no