Baksideartikkel i Klassekampen, 03.11.1987

Svein Lund:

Første dag som framandarbeidar

Fila går att og fram. Etter nokre strøk løsnar eg skrustikka og byrjar på andre sida av aluminiumsdelane, der jobben vår er å fjerne gradene etter støypinga. Jobben som vi byrja på i dag er på ein fabrikk som lagar elektromotorar. Vi nye må starte på botn. Det blir å file heile dagen. Kanskje 100 motordeler før vi kan gå heim. Rundt oss står mange arbeidarar i bormaskinar, dreiebenkar og fresemaskinar, maskinar vi begge kjenner heimafrå og mye heller ville jobbe med. Men når vi ikkje kan språket....

Klokka 9 er det pause. Rundt oss sit arbeidarar med kvar si matpakke og mjølk og pratar på eit språk ikkje vi forstår. Mens Keijo og eg sitt ved vårt eige lille bord og pratar eit språk ingen av dei andre arbeidarane kan. Ikkje er det mitt språk og ikkje er det Keijo sitt språk, men vi forstår da kvarandre på eit vis. Det er da godt sidan vi deler rom på hybelhuset og. Eit par ganger for dagen kjem produksjonssjefen forbi og helsar og spør korleis det går. Jo takk, seier vi, det går da bra. Andre dagen vågar vi å ymte frampå om at det ville vere fint å få prøve ein anna jobb. Joda, det skal nok ordne seg. Men når? Produksjonssjefen er den einaste som vi kan snakke med her. Han kan det språket som Keijo og eg har felles. Han har til og med vore i heimlandet mitt ein gong for mange år sidan. Men han er så stressa og opptatt at vi ser ikkje stort til han.

Formannen på avdelinga er sur som ei eddikskrukke. Kanskje like godt at vi ikkje forstår ka han seier. Dei innfødte arbeidarane har vi ikkje mye kontakt med. Dei veit vi ikkje forstår, så derfor prøvar dei heller ikkje å snakke til oss. Skal tru ka dei syns om oss og at vi kjem der. Skal tru om dei bare er litt redde for oss som vi er for dei? Eller om dei synes vi er nokre helvetes utlendingar som aldri burde vore der?

Arbeidarar i alle land, gå saman!, brukte kommunistane heime å seie. Men korleis skal vi kunne klare det utan å kunne snakke med kvarandre, og dei ser at den einaste vi snakkar med er produksjonssjefen? Andre dagen er det nokre få som smiler og nikkar. Det er da framskritt. Vi har med kvar vår ordbok på jobben. Til kvart vårt språk. Slik finn vi ut litt av dei plakatane som står på veggane. "Larm er din fiende", tolkar vi den eine. Ja, i så fall er fienden nær. For her er ein stansemaskin som bråkar noko infernalsk. Og vi ser ingen som brukar hørselvern.

Fredag kjøper eg lærebok i dette ubegripelige språket og i helga sitt eg på rommet og slit med rare ord og framande bokstavar. Mandag må eg prøve å seie nokre ord til arbeidskameratane. Om eg tør da.

Dette er ikkje historia om ein tyrkar eller pakistanar sitt første møte med ein norsk industriarbeidsplass. Nei, dette er historia om mitt første møte med ein fabrikk i Polen. Keijo kjem frå Finland, eg frå Norge, og språket vi og produksjonssjefen har felles er engelsk. Neste gang eg på ein norsk arbeidsplass får ein ny utanlandsk arbeidskamerat som ikkje kan språket, har eg lært ei nyttig lekse.

På veggen i fabrikkhallen heng ein fargerik plakat der det står:
Cierpliwość
Lojalność
Rzetelność
Tolerancja
Pracowitość
Godność
Otwartość
Aktywność
Odpowiedzialność
Skromność

Tenk om eg kunne ta ein tusj og gå bort til plakaten og skrive nederst: Solidarność!


Til startsida

sveilund@online.no