Kommentarartikkel i Klassekampen, 08.05.1998

Svein Lund:

Aust-Europa - Noregs veg til EU?

Forhandlingane om EU-medlemskap for 5 land i Aust-Europa starta like før påske. Dette er første ledd i ein prosess som vil kunne endre EU frå å vere eit hovudsakelig vest-europeisk fenomen til å omfatte nesten heile Europa vest for det tidligare Sovjetunionen, og til og med delar av denne. Mannen bak SVs snuoperasjon frå anti- til pro-NATO-parti, Erik Solheim, ventar no bare på denne sjansen til å hoppe over gjerdet også i EU-saka. Allereie før folkerøystinga varsla han at om Aust-Europa blei med i EU, da hadde vi ein ny situasjon og da måtte Noreg og vurdere å gå med. Nylig gjentok han dette, og fikk følge av venstreleiar Lars Sponheim.

Men det ser ut som dei upålitelige nei-folka førebels er aleine om å reise denne diskusjonen. Frå ja-folka si side veit dei at det er for tidlig å stille spørsmålet om norsk-EU-medlemskap på dagsorden. Istaden brukar dei som hovudmetode å føre Noreg meir og meir inn i EU gjennom EØS og Schengen. Samtidig lar dei forhandlingane om Aust-Europa gå sin gang og vonar at glansbiletet av EU som tar opp i seg alle demokratiske land skal få stå uimotsagt.

Blant den meir pålitelige del av EU-motstandarane er det merkelig taust om saka. Nei til EU arbeider godt og aktivt mot utvida EØS-avtale og Schengen, men synas å vere lite opptatt av den andre bakdøra, der tilhengarane kan komme overumplande på oss om vi ikkje er vakne.

I eit par reportasjer frå Polen, det suverent største og viktigaste av søkarlanda, har eg forsøkt å gi eit lite glimt av diskusjonen om EU der. I Polen som i dei andre søkarlanda, synas søknaden om EU-medlemskap så langt å ha støtte i eit stort fleirtal i folket. Men motstanden er aukande, og når forhandlingsresultatet etterkvart kjem vil det bli klarare for folk at eit medlemskap ikkje er noko gavepakke frå Vesten som vil føre Aust-Europa inn i himmerike.

Både tilhengarar og motstandarar klagar over minimal informasjon, det finst knapt kritiske røster i media. Samtidig viser dagliglivet i Polen og andre austeuropeiske land ka som held på å skje. Vestlig kapital har på få år overtatt store delar av marknaden for forbruksvarer, mens tilsvarande produksjon i disse landa har måtta gi opp. Dei har allereie kjøpt opp store delar av industrien og landområda, og oppkjøpa vil fortsette. Trulig vil vi få ei ny oppkjøpsbølge før EU-medlemskapen trår i kraft, fordi prisane på eigedom da er venta å stige kraftig.

EU har allereie byrja å styre politikken til søkarlanda. Ein svært restriktiv flyktningepolitikk og stengte grenser mot aust er to av vilkåra for å få forhandle. Aust-Europa er inkludert i EU sine planar for eit motorvegnett for heile Europa, dette tvingar søkarlanda til å satse alt på vegutbygging på kostnad av kollektivtransporten. På samme måte som vi i Noreg har fått eit utall EU-reglar gjennom EØS-avtalen, har dei fått det gjennom assosieringsavtalen og vidare krav i medlemskapsforhandlingane. Ikkje før hadde Sovjetunionen sluppe grepet så var EU på plass og sørga for at dei austeuropeiske landa dansa etter deira pipe.

Dei tidligare framtredande nei-folka som no står i ferd med å hoppe over vil bli tatt imot av EU-tilhengarane med jublande eurofanfarer og tulipaner frå Amsterdam. Plutselig vil orda deira ha ei vekt dei aldri hadde før og dei vil bli hylla på leiarplass i Dagbladet, VG og Aftenposten.

Vi vann med bare 2,2% overvekt for 3½ år sidan. Det er ikkje mye, og sjølv om meiningsmålingane seier at fleire seier nei idag, er vi ikkje trygge. Derfor må no dei ekte EU-motstandarane ta trugsmålet frå EU-utvidinga austover alvorlig. Vi må vise konkret kordan denne utvidinga ikkje er ei samling av Europa, men eit nytt "Anschluss", meir Lebensraum for Kohl og den tyske storkapitalen. Vi må vise kordan dette rammar bønder, arbeidarar og mindre næringsdrivande i Aust-Europa, ka for miljømessige og sosiale konsekvenser ei EU-utviding vil føre til.

Men skal vi gjøre det må vi kjenne virkeligheita i dei nye søkarlanda, vi må kunne vise konkret ka EU sin politikk fører til for dei. Vi må bl.a. innsjå at på ein del område vil dei kunne tjene på EU-medlemskap der Noreg vil tape. Vi må arbeide systematisk med å skaffe oss kunnskap og kontaktar i dei nye søkarlanda. Vi har noko å lære av dei og dei har noko å lære av oss. Ei av dei viktigaste opplevingane mine i Polen var å sjå kor nysgjerrige dei var på røynslene våre. Kordan kunne Noreg seie nei to gonger?

I sør- og mellom-Europa er det i ferd med å bli knytta eit nettverk mellom Aust og Vest. Dette skjer både på statsplan og mellom opposisjonsparti og politiske organisasjonar. På den måten får Aust-Europa inn opplysningar og haldningar frå dei som anten tar EU for gitt eller som arbeider metvete for å styrke det. Den mest kritiske gruppa i EU-parlamentet, dei Grønne, arbeider og for utviding austover.

Men kor er Noreg? Kor er Nei til EU? Kor er nei-partia? Har dei kontaktar i Aust-Europa? Arbeider dei systematisk med å samle inn og spreie informasjon om ka som skjer i forholdet mellom EU og søkarlanda? Gjør dei noko for å la folk i disse landa få del i røynslene våre frå nær 40 års EU-kamp? Set dei av pengar og folk til dette arbeidet?

Eg bare spør, og vonar at nokon kjenner seg kalla til å svare.<


Til startsida

sveilund@online.no