Artikkel i Klassekampen, 21.04.1998

Polske kvinner frå aska til elden

Når det i ei avis i Polen averteras "Busstur for kvinner til Kaliningrad", forstår dei fleste lesarane at det ikkje er snakk om nokon husmorferie. Det er snakk om ein av måtane for å omgå den stenge polske abortloven.

Av Svein Lund, Gdańsk / Warszawa

I 1992 sørga den første Solidaritets-regjeringa for å få vedtatt ei av dei strengaste abortlovane i Europa. Ei av hovudsakene til den katolske kyrkja ved regimeskiftet var å få fjerna retten til sjølvvald abort. No fikk dei igjen for samarbeidet i opposisjon da kyrkja var det legale samlingspunkt for den illegale opposisjonen. Ved sida av dei kjente velkjede argumenta om "vern av det ufødde livet", blei nedgangen i fødselstallet brukt som argument for å ta frå kvinnene retten til abort.

Abortforbodet har sjølvsagt verken ført til meir kristen seksualmoral eller auking i folketalet, snarare tvert om har fødselstalet fortsatt å gå nedover. Derimot har lova ført til mange tragiske skjebner. Ei av dei var ein 14-åring som blei voldtatt, men blei nekta abort fordi det var gått for lang tid før ho kom gjennom heile søknadsprosessen. Det meldas og om auking i talet på spebarn som blir funne etterlatne, levande eller daude.

Abortlova har og ført til stor trafikk til naboland med meir liberal abortlov. Blant dei er Russland, og i avisene i Gdansk sto det fram til i fjor stadig annonser om bussturar til Kaliningrad for kvinner. Men så blei grensa til Russland og Kviterussland stengt 1.januar i år, så no står Ukraina, Tsjekkia og Tyskland igjen. Tyske gynekologar averterer i polske aviser om rask og god behandling og tolk.

Men mange tyr likevel til ulovlig abort, noko som anten er rådyrt om ein får ein lege til å ta sjansen, eller som kan vere livsfarlig med gjør-det-sjølv-metoden. Det er likevel vanskelig å finne pålitelige opplysningar om dette, fordi dei fleste tilfella ikkje kjem fram.

Den førre sosialdemokratiske regjeringa klarte i 1996 å få gjennom ei mildning av abortlova slik at ein skulle kunne innvilge abort på sosialt grunnlag, men denne lovendinga blei seinare underkjent av forfatningsdomstolen, ut i frå at grunnlova garanterer retten til liv.

Alt er patriarkalsk

- Alt er patriarkalsk i Polen; kommunistane, kyrkja og Solidaritet. Det sa ein ung feminist til Klassekampen eit par år før regimeskiftet. Dei ti åra som har gått har vist at polske kvinner har gått frå aska til elden. Eit eksempel er kvinnenes sin representasjon i politikken. I parlamentet har den gått ned frå omlag 20% før regimeskiftet til omlag 10% etterpå. I andre organ er det ei liknande utvikling.

Men om kyrkja har fått bukt med kvinnene sine rettar, har dei langt ifrå hatt noko framgang i kampen mot utukt og umoral og det synas som dei har ført denne kampen med atskillig mindre slagkraft. Prostitusjonen blomstrar som aldri før, og SEX-SHOP lyser mot oss midt i hovudgatene i storbyane, men så har da og alliansen mellom kyrkja og dei nyrike kapitalistane vore svært tett, godt støtta av leiarar frå det som ein gong var ei uavhengig fagrørsle. TV-reklamen, som her gjennomsyrar alle kanalar, framstiller kvinnene i første rekke som sex-objekt, deretter som husmor og mor og alleminst som yrkesaktiv.

- Situasjonen for polske kvinner har blitt vanskeligare etter at vi fikk regjering som er utgått av Solidaritet og kyrkja, seier Kinga Lohmann. - Etter deira meining er kvinnene sin plass i heimen. Den førre regjeringa (sosialdemokratisk dominert, 1993-97) kunne snakke om kvinnespørsmål, no snakkar dei bare om familien.

Kinga Lohmann er koordinator for eit kvinnenettverk for frivillige organisasjonar Aust-Europa, "Karat-koalisjonen for lik status for kvinner og menn". Nettverket som omfattar kvinneorganisasjonar i 11 land er eit resultat av Beijingkonferansen i 1995. Dette var første gang at nye uavhengige kvinneorganisasjonar i tidligare austblokkland traff kvarande, og dei bestemte seg for å danne eit meir permanent samarbeid.

- Vi har lita røynsle med sjølvstendig organisering, seier Kinga Lohmann. Samtidig var det stor skepsis til å lage ein sentral organisasjon, ut i frå den røynsla folk i Aust-Europa har med sentralstyring. Resultatet var ein nettverk med eit kontor i Warszawa, ei enkel leiligheit i ei blokk er omdanna til kontor og der held Kinga til. Moderne teknologi har inntatt også den austeuropeiske kvinnerørsla og kontakten går stort sett føre seg på e-post.

- Det politiske grunnlaget for Karat-koalisjonen er sluttdokumentet frå Beijing-konferansen, fortel Kinga. - På Beijing-konferansen var det 27 delegatar frå forskjellige polske kvinneorganisasjonar. Men vi fikk inga støtte frå den polske regjeringa, det var utanlandske bidrag som gjorde det mogleg for oss å dra. Den polske regjeringa var sjølvsagt og representert på konferansen, men dei gjorde ingenting for å gjøre kjent ka som skjedde der. Da dei ikkje offentliggjorde vedtaka frå konferansen, måtte vi sørge for å få dei ut. Det tok eit år før vi fikk finansiert trykkinga av rapporten frå konferansen. Regjeringa brukte over to år. I november 997 fikk dei endelig trykt vedtaka frå konferansen, i 400 eksemplarer! (Tilsvarer 50 eks. i Noreg, vår merknad). Og sjølv mesteparten av disse blei liggande på eit departementskontor. Etter regjeringsskiftet i haust blei kontoret for kvinnespørsmål lagt ned, alle tilsette sparka og i staden kom eit kontor for familiespørsmål under leiing av ein mann. Ei av dei som jobba der ringte til meg like før dei skulle flytte ut og sa at kan du komme med ein gong og hente 300 hefte frå Beijing-konferansen før dei når å kaste dei. Så eg for dit i full fart og fikk berga dei, og som du ser er det enno nokre igjen, seier Kinga og peikar opp i hylla på kontoret sitt.

Hjelp frå utlandet

Kvinneorganisasjonane i Polen får ikkje ein groszy (2øre) i støtte frå styresmaktene og føler at dei er svært avhengig av støtte frå utlandet for å nå fram. Vi får eit hefte frå komiteen av polske kvinneorganisasjonar og ei brosjyre frå Karat-koalisjonen. Begge er finansiert med utanlandsk hjelp, The Ford Foundation, UNDP (FNs utviklingsprogram for Aust-Europa) og Marshall Fund. Også for å nå fram i polske media hender det dei må forlite seg på utlandet.

- Etter Beijing-konferansen skreiv det polske vekebladet Wprost heilt forferdelig om konferansen, holdt narr av det å drive eiga kvinneorganisering, forvrengte innhaldet i konferansen osv. Vi ønska å svare på dette, men blei nekta spalteplass. Vi gikk da til UNDP og fikk dei til å skrive ein artikkel om Beijing-konferansen, ettersom den var arrangert av FN. Så gikk vi ilag til redaktøren og fikk inn både innlegget deira og vårt som tidligare var refusert.

Men sjølv når vi får pengar hender det regjeringa saboterer. UNDP ga pengar til eit prosjekt om vold mot kvinner i heimen. Den nye regjeringa tok disse pengane og nekta å fortsette prosjektet. Dei seier vald i heimen ikkje er ei offentlig sak, men eit problem innafor familien.

Lettare i EU?

Alt er mye bedre og lettare i Vesten. Dette er eit vanlig omkved å høre både i Polen og andre land som tidligare var bak det såkalla Jernteppet. Denne trua står og sterkt langt ut på venstresida og innafor folkelige organisasjonar som kvinnerørsla og miljørørsla. Fram til 1989/90 var det mildt sagt dårlige kår for uavhengige organisasjonar i Aust-Europa. Når ein skulle bygge opp disse hadde ein lite å bygge på innanlands, og dermed såg ein vestover etter førebilete.

- Om Polen blir medlem i EU vil det bli lettare å kjempe for kvinnene sine rettar, hevdar Kinga Lohmann. - Vi er redde for Russland og vil derfor vere i lag med dei vestlige landa.

I EU får dei frivillige kvinneorganisasjonane pengar frå regjeringane, det gjør ikkje vi.


Til startsida

sveilund@online.no