Innlegg sendt Klassekampen 14.11.2018. .

Klassekampen – på vindkraftkapitalen si side

Klassekampen har endelig oppdaga at det pågår ein enorm offensiv for å "kle landet med vindturbinar". Dette er den største samla planlagte naturraseringa i Norgeshistoria, og skal skje i full fart på få år. Rundt om i landet er det kraftig motstand mot at område for friluftsliv, fugleliv og reinbeite skal raserast av vindturbinar for at utanlandske spekulantar skal tene seg enno rikare på å sende norsk straum ut av landet.

For bare ei veke sidan lenka reindriftssamar og andre aksjonistar seg fast i maskinane ved ei vindkraftutbygging i Tromsø. Kor var Klassekampen da? I fjor var det store folkemøte mot planane om rasering av Laksefjordvidda med 2-300 turbinar. Kor var Klassekampen? På Fosen har naturvernarar og reindriftssamar i årevis kjempa mot vindkraftutbygging. Eg veit dei har tipsa Klassekampen, men avisa ville ikkje skrive om det. Naturvernforbundet har vedtatt krav om stopp i all vindkraftutbygging i reinbeiteområde. Det er gjort undersøkingar som viser at vindkraftutbygging gjør stor skade på reindrifta. Men ingenting av dette interesserer Klassekampen. Men så klarer ein å finne ein plass på Vestlandet der det finst folk som ønsker seg MEIR vindkraft. Da er avisa på pletten for å skrive og da kan ein bruke tre sider til å forkynne vindkrafta sine velsigningar. At vindturbinane drep ørn, det blir det nærast blåst av. Dei einaste som er verdt å høre på er dei som vil ha meir vindkraft. Klassekampen ivrar for å få ny "raudgrøn" regjering, dominert av "kraftsosialistane" i AP (mye kraft og lite sosialisme). Klassekampen har økonomiske støtte av LO-leiinga, som stør all industri inkl. kraftindustri og som er motstandar av all miljøkamp. Tilfeldig?

Svein Lund
Guovdageaidnu
sveilund@online.no


Til hovudsida.