Inga urørt villmark!

VILLMARK! Knapt noko ord verkar meir forlokkande på den kresne turist frå urbane strøk. Media og turistselskap lokkar med villmark, med "personlige villmarksopplevelser" og "Wilderness adventure". Ei rekke foretningar sel "villmarksprodukt", og kokebøker og restaurantar tilbyr "villmarksmat". Eit tital turistbedrifter i Noreg marknadsfører seg som "villmarksenter" og folkehøgskolar frå Telemark til Finnmark lokkar med villmarkslinjer. Det er skarp konkurranse om titlane "Norges siste villmark" og "Europas siste villmark".

Ordet "villmark" seier det same som eit anna svært populært uttrykk om intakte naturområde: "urørt natur". Når vi brukar desse orda seier vi at områda ikkje er brukt av folk. Det finst ingen som har næring og levebrød her, det finst ingen som har sett spor etter seg. Det finst ingen som har rettar til bruken av "villmarka", ettersom ho er for ingen – og dermed for alle. Men kva da om det mot all propaganda og marknadsføring skulle vise seg at det var folk her frå før, som har utnytta desse områda i tusenvis av år og framleis er der? Å kalle dette villmark eller urørt natur er da ei usynliggjøring av dei opprinnelige brukarane, av kulturminna deira og av den bruken som framleis pågår. Det er ei fornekting av dei rettane dei har til bruk av områda sine ut frå alders tids bruk. Med uttrykket "urørt villmark" legg vi desse bruksområda opne for alt av statlige inngrep frå nasjonalparkar til vindkraftanlegg.

I både Noreg, Sverige og Finland er omlag 40 % av landarealet brukt til reindrift. Denne har sett spor på mange vis, frå gammeplassar, gjeterhytter, bålplassar, reingjerde til spor etter kjøretøy. I store delar av landet har det vore utmarkslåttar og setrar. Rein, sauer, geiter og kyr har beita i utmarka og sett sine spor. Nokre stadar er desse spora lett synlige, andre stadar tar naturen dei tilbake. Men det er ikkje villmark. Det er kulturlandskap, og det er folk som brukar det og har rettar der. Sametinget seier det slik: "Naturlandskapet i tradisjonelle samiske områder er ikke uberørt villmark, men et viktig grunnlag for samisk kultur og næringsutøvelse." Det største samanhengande inngrepsfrie naturområde i Noreg (INON) ligg på Finnmarksvidda og delar av det har status som nasjonalpark. Nasjonalparken blir framstilt som den ultimate villmark. Ein sjeldan gong kan dei nemne at her kjem nokre rein på vinteren, men aldri eit ord om at for få generasjonar sidan var det fleire småbruk midt inne i dagens nasjonalpark.

Uttrykka "villmark" og "urørt natur" er ikkje bare brukt kommersielt, men også ofte av natur- og miljøorganisasjonar som ønsker å verne det som er igjen av nokolunde opprinnelig natur. For nokre år sidan var eg på landsmøtet i Naturvernforbundet. Frå talarstolen snakka den eine etter den andre om å bevare "villmark" og "urørt natur". Kvar gong tok nokon frå Finnmarks-benken ordet for å seie at nei, det finst verken villmark eller urørt natur her i landet. Møteplagarane blei lagt merke til, og det hjalp ei stund. Seinare dukka likevel desse uttrykka opp igjen, for dei er så utbreidde overalt i samfunnet at ein må vere svært medviten for å unngå dei.

Nylig skulle ein tekst om naturen i Finnmark oversettast frå norsk til samisk. Tittelen var "Ikke bare villmark". Det var lettare sagt enn gjort. For samisk har ikkje eit ord som tilsvarar "villmark". Ordboka seier "meahcci", men det har ein heilt annan konnotasjon. Meahcci er den utmarka som vi brukar, der vi jaktar, fiskar, plukkar bær og urter, høgg ved eller gjeter rein. "Meahcci" fortel nettopp at det IKKJE er "villmark". Samisk har lånt mange ord frå norsk, men kan og med fordel låne bort nokre fleire. Eit av dei er "meahcci". Så kan vi kvitte oss med illusjonen om den urørte villmarka.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no