Innlegg 13.01.2020

Naturrasering og ungdom

Vi skal ta ungdommen på alvor. Det er dei som er framtida, og vi skal lytte når dei åtvarar oss mot å halde fram ei utvikling som øydelegg framtida for dei. Derfor er det gledelig når store mengder ungdom går til streik for klimaet og når ungdom vil lenke seg for å stoppe dumping av gruveavfall i sjøen. Men å ta ungdommen på alvor betyr også at vi skal diskutere med dei, og argumentere mot dei om vi meiner dei tar feil. Og det meiner eg skjer no, og at også vi som er noko eldre bør seie kva vi meiner om det. Om vi samanliknar haldningane blant yngre og eldre, er det påfallande mange ungdomsorganisasjonar som ivrar for vindkraftutbygging. Nylig gikk ungdomsorganisasjonane til alle fire regjeringspartia saman om eit krav om enno MEIR vindkraftutbygging enn det regjeringa legg opp til.(1)

Det er ikkje bare på regjeringssida at ungdommen vil har meir vindkraft. AUF som er ungdomsorganisasjonen til det største opposisjonspartiet, vil
• Ha en nasjonal plan for vindkraft med mål om å ha storskala utbygging av vindkraft i Norge
• Bedre rammebetingelsene for vindkraft i Norge både til havs og på land
• Ha en storsatsning på utbygging av vindkraft i nord
• Utbyggingen av nettet må følge utviklingen av vindkraftutbygging (2)

Det neste store opposisjonspartiet sin ungdomsorganisasjon er like ivrig for vindkrafta:
Senterungdommen stiller seg positive til økt vindkraftproduksjon. Dette vil både skape flere arbeidsplasser i landet, samtidig som økt utbygging vil gi et økt overskudd av fornybar energi som kan eksporteres og erstatte mindre klimavennlig strømproduksjon i våre naboland. Utbygging av mer vindkraft i Norge i tida framover vil være et viktig bidrag til å redusere klimagassutslippa og sikre ei bærekraftig samfunnsutvikling.(3)

Miljøpartiet De Grønne har i seinare år blitt meir negative til vindkraftutbygging, men ungdomsorganisasjonen deira, Grønn Ungdom refsa i fjor moderpartiet og uttalte:
– MDG har nå i praksis sagt nei til å produsere store mengder fornybar kraft til resten av Europa. Det er usolidarisk overfor land som er helt avhengige av å omstille seg lynraskt hvis vi skal stanse klimakrisen, sier Grønn Ungdoms talsperson Teodor Bruu.(4)

I SV er det hard debatt om vindkraft, men fleirtalet har blitt meir kritiske. Det gjeld ikkje Sosialistisk Ungdom, som har meir positiv holdning til vindkraft enn moderpartiet.

Raudt er partiet som har gått klarast mot vindkraftutbygging på land. På Raud Ungdom si nettside står det derimot: Utbygging av vindkraft er blant klimatiltakene som det er lettest å sette i gang raskt. Med en storsatsning kan vi oppnå store resultater på relativt kort tid, og ønsker til sammen 20 Twh vindkraft og havkraft innen 2020. (5)

Det var partipolitikken. Kva så med miljørørsla? Her er det bare Naturvernforbundet som har eigen ungdomsorganisasjon, med namnet Natur og Ungdom. Og der er tendensen klart den same. Mens Naturvernforbundet i 2013 tok eit oppgjør med tidligare positiv haldning til vindkraft, har ikkje ungdomsorganisasjonen følgt med. I eit intervju med energibransjens mediekanal EnerWE uttaler den nyvalde leiaren Therese Hugstmyr Woie:
- Jeg mener Norge skal produsere mer fornybar energi. Vindmøller er den mest tilgjengelige og lønnsomme energiproduksjonen Norge har, og når vi som sagt kun har ett tiår på å halvere verdens utslipp, og er vi nødt til å bruke den energien vi har, sier hun. Woie mener at å legge opp til løsninger som ennå ikke er utbygd - som havvind, ikke vil hjelpe - siden energibehovet er nå.
- Vi er nødt til å bruke de energikildene som er mulig nå. Derfor synes jeg det er dumt at noen sier nei til vindkraft. (6)

Konklusjonen er at om det er opp til den politisk aktive delen av norsk ungdom, vil det bli bygd ut langt meir vindkraft i Noreg framover. Det vil seie at store delar av norsk natur vil bli ugjenkallelig øydelagt. Det gjeld både i populære nærturområde og i fjernare inngrepsfrie område. Det vil gi skader for fuglar, insekter og andre dyr som ingen i dag har oversikt over, men som vi bare kan ane. Det vil gi store inngrep i reinbeiteområde og tvinge mange reindriftssamar til å gi opp si næring, levemåte og kultur. Det vil gi helseproblem for mange på grunn av støy og infralyd. Vindkraft er ikkje løysinga på miljøproblema, det er å skaffe oss enno eit stort miljøproblem.

Dette blir marknadsført under fana kamp mot klimaendringane. Men vindkrafta er slett ikkje så utsleppsfri som det blir påstått. Produksjonen av vindturbinar gir derimot store utslepp av klimagassar og anna forureining gjennom utvinning av metall og produksjon av betong og glasfiber til venger. Slitasjen på vengene gir tonnevis av mikroplast ut i terreng og vassdrag. Det blir store utslepp gjennom transport og montering og ikkje minst når turbinane ein gong skal demonterast og ingen veit kva ein skal gjøre med restane. Om vi bygger ut vindindustri på alt tilgjengelig areal i Noreg, vil det ikkje ha målbar verknad på det globale klimaet, men norsk natur og samisk kultur vil vere borte for alltid.

Siste året har vore ein stor oppsving i kampen mot vindkraft. Vi har fått ei rekke aksjonar over store delar av landet, og samling i organisasjonen Motvind. Fleire og fleire ser at vindkraft ikkje er miljøvenlig, ikkje er nødvendig, men derimot svært skadelig for naturen vår og for naturbaserte næringar. Fleire og fleire forsvarer naturen sin mot rasering, men svaret frå ungdommen er at det er dumt!

Vi skal ta ungdommen på alvor. Det er bra de er engasjert mot klimautslepp. Men vi bergar ikkje naturen med å øydelegge han. Derfor må vi seie det klart til dei kva vi meiner: De står på feil side i eit av dei alvorligaste åtaka som nokon gong har kome mot norsk natur. Vi ønsker ikkje Naturrasering og Ungdom!

Svein Lund
«Natur og pensjonist»

PS. Nokon vi kanskje hevde at eg tar desse ungdomsorganisasjonane for hardt og forvrenger synet deira. Eg har bare bygd på opne kjelder på nettet. Om desse gir eit galt bilde, ser eg fram til å bli korrigert. Ingenting vil glede meg meir enn om eg tar feil her.

Fotnoter:
1. https://www.nrk.no/norge/ungdomspartiene-presser-regjeringen-til-okt-vindkraft-satsing-1.14855738
2. https://auf.no/ordliste/vindkraft/
3. http://senterungdommen.no/klima
4. https://www.abcnyheter.no/nyheter/politikk/2019/05/25/195580786/gronn-ungdom-refser-mdgs-vindkraftbrems
5. https://rødungdom.no/vindkraft
6. https://enerwe.no/olje-og-gass/nyvalgt-natur-og-ungdom-leder---oljebransjen-har-en-lang-vei-a-ga-pa-a-forsta-alvoret/348575


Til startsida

sveilund@online.no