Debattinnlegg sendt Finnmark Dagblad 28.04.2014

Stakkars bergindustrien!

Det er synd på mineralselskapa. Her kjem dei frå den store verda og forbarmar seg over fattige norske lokalsamfunn og vil gi dei arbeidsplassar og velstand. Og reknar med at dei innfødde da står oppstilt som heiagjeng og jublar for at nokon endelig vil etablere noko hos oss. Og gjør ikkje dei innfødde det, da må ein jo i det minste kunne forutsette at staten sørgar for å sette obsternasige lokalbefolkningar og kommunestyre på plass og fortel dei at slik behandlar vi ikkje gjester frå den store verda.

Arctic Gold er eit svensk selskap bygd på ruinane av eit australsk. Det er ikkje registert i Foretaksregisteret i Noreg, men har fått innvilga medlemskap i Norsk Bergindustri. Sjølv om dei aldri har produsert noko som helst, bortsett frå fagre løfter og utskjelling av gjenstridige innfødde.

Norsk Bergindustri skal sjølvsagt tjene medlemmane sine interesser. Etter at Kautokeino kommunestyre sette ein stoppar for planane om gullgruve i Biedjovággi, starta Arctic Gold omkampen og 21.01.2014 sende dei ut pressemelding: "Bolagets ledning har beslutat samarbeta med Norsk Bergindustri för att söka få tillstånd bättre regelverk i Norge samt fortsätta föra dialogen med företrädare från rennäringen om samexistens och samarbete."Sidan har vi venta på at Norsk Bergindustri skal gjøre rett for kontingentpengane frå Arctic Gold. Det tok litt tid, og det kan vi forstå, for det er ikkje noko lett oppgåve å forsvare at utanlandske spekulantar skal ha meir rett til naturressursane enn lokalbefolkninga, og at lokaldemokratiet må settast til side for å sikre spekulantane sin rett til å grave ut alt som glimrar. Men Norsk Bergindustri går dristig til verket og 25.04.2014 kom avisinnlegget med tittelen "Uforutsigbarhet lammer industrien". Her spelar dei djupt såra og vonbroten over at ikkje eingong den blåblå regjeringa er på deira side: "At de to berørte statsrådene Sanner og Mæland ikke vil rokke ved avgjørelsen, viser at deres tillit til lokale myndigheter er vel stor." Vidare får vi høre at Kautokeino ikkje klarer å bære ansvaret som planmyndigheit, sidan dei ikkje godtar Arctic Gold sitt planprogram.

Nei, noko slikt kan vi ikkje ha, at eit tilfeldig kommunestyrefleirtal skal kunne stoppe eit spekulantselskap som luktar gull. Forutsigbarhet må det vere, det betyr at alle som søker om å få leite mineral skal få det, og alle som finn noko skal få vinne det ut, på sine eigne premisser. Eikvar saksbehandling i kommunestyre, direktorat og departement skal bare vere formalitetar, der svaret er gitt på førehand. Først da er det forutsigbart. NBI sitt råd til regjeringa er: "Etabler en nasjonal plan for forvaltning av mineralressurser. Dette er ressurser som er for viktige til at små kommuner uten nødvendig kompetanse kan forvalte dem på nasjonens vegne."

Kjære lesar: Les sitatet over her tre gongar og så kan du forsøke å svare på dette:
– Er det viktig for nasjonen Noreg at gullet i Biedjovággi blir utvunne så fort som råd?
– Kva kompetanse er det små kommunar som Kautokeino manglar? Eller kanskje finst det ein kompetanse som kommunen har, men som Norsk Bergindustri manglar?
– Finst det håp om å lære Norsk Bergindustri noko om demokrati og folkeskikk?

Svein Lund, Naturvernforbundet i Ávjovárri


Til startsida

sveilund@online.no