Innlegg skrive i høve fylkeskonferanse/nominasjonsmøte for Raudt i Troms og Finnmark 22.–24.03.2019.

Eg var da i Tromsø på grunn av eit anna møte, og hadde nokre ledige timar før flyet mitt gikk heimover. Nettopp da starta konferansen til Raudt og eg fikk med meg generell innleiing om den politiske situasjonen og ein del av debatten.

Partiet Raudt har eg på mange måtar sans for, men partiet har etter mi oppfatning ein mangelfull og inkonsekvent miljøpolitikk. (Dette er likevel langt betre enn dei fleste andre parti, dei fleste har dessverre ein konsekvent dårlig miljøpolitikk, mens nokre er enno meir inkonsekvente enn Raudt.)

Eg såg ingen sjanse til å få halde eit slikt langt innlegg for konferansen, så eg skreiv det ned på førehand og fikk det delt ut til deltakarane. Det var visstnok svært delte meiningar både om innhaldet og metoden min.

Om det fikk noko verknad, er i skrivande stund for tidlig å seie.

Har Raudt gått seg vill på Sennalandet?

Bakgrunnen for dette innlegget er at vi no er i ferd med å få den største miljøkampen i Noreg sidan Alta-saka, men at partiet Raudt i liten grad er på banen. Dette er ein appell om at Raudt må bli ein fortropp og ikkje ein baktropp i kampen mot Nussir-gruva, ressursranet, forgiftinga og mineralstrategien.

To store miljøkampar

Om nokon i 2030 vil skrive historia om miljøkampar i Noreg, vil dei etter all sannsynlighet konkludere med at det var to store kampar som skiljer seg ut: Kampen om utbygging av Guovdageaidnu – Alta-vassdraget og kampen om koppargruve i Kvalsund. Begge kampane var/er langvarige, mellom høgdepunkta kan vi snakke om omlag fire tiår, geografisk er avstanden mellom sentrum for stridane i overkant av ti mil. Høgfjellsstrekninga mellom Alta og Kvalsund kallast for Sennalandet eller Suoidneleakši, og her er det min påstand at den rørsla som no kjem til uttrykk gjennom partiet Raudt gikk seg vill på eit eller anna tidspunkt mellom desse stridane.

Felles og forskjellig

Begge desse kampane har til felles at dei dreier seg om naturinngrep og naturrasering, om skadeverknadar for fiske og reindrift, og om samiske rettar til land og vatn og ran av ressursane i Nord-Noreg, som koloni for makta og kapitalen i sør.

I begge tilfella står Arbeidarpartiet og Høgre så godt som samla på utbyggarane si side, mens nokre mindre parti til venstre og i sentrum går mot utbygginga. I begge tilfelle har utbyggarane solid støtte frå fleirtalet i Finnmark fylkesting, LO og NHO. Men det er også viktige forskjellar: Sp og KrF er kløyvde, men står i hovudsak på utbyggar si side. SV og V har etter tur svike kampen når dei har kome i regjering. Og Raudt/RV og Klassekampen, som i Altakampen var ei viktig støtte og tildels drivkraft, har i kampen om Nussir-gruva gått seg vill i skodda ein stad på Sennalandet. Partiet er på ingen måte noko drivkraft, på landsbasis heng dei seg på når andre drar, og på fylkesplan glimrar dei totalt med sitt fråver, og det er vanskelig å vite om partiet er for eller mot gruveplanen, eller om det i det heile har hørt om han.

4 krefter i allianse og strid

Altakampen var ein allianse mellom fire krefter: Lokale nærings- og friluftsinteresser, Miljørørsla, Den samiske rørsla og Venstresida. Dette var ein allianse som blei bygd opp i løpet av kampen. Det var ein skjør allianse, og han datt frå kvarandre så snart kampen var tapt. Ein av årsakane var at mens alle andre partar bare tapte, så kom den samiske rørsla ut av kampen med det som dei da vurderte som viktige sigrar. Mange av dei som var mot utbygginga, var samtidig mot at kampen skulle føre til anerkjenning av samiske rettar til land og vatn. Når den akutte situasjonen med kampen mot utbygginga var over, blei andre saker dominerande og dei som hadde stått saman blei å stå mot kvarandre f.eks. i spørsmål som motorferdsel i utmark og rovdyrpolitikk.

Kamp utan leiing?

Mens eit fleirtal i både Alta og Guovdageaidnu kommunestyre sa nei til Altautbygginga, har eit stort fleirtal i Kvalsund kommunestyre sagt ja til Nussir. Altakampen blei heile tida leia frå Alta/Máze, og krefter i resten av fylket og landet bidro. Kampen om Repparfjorden har inga klar leiing, og ingen eigen medlemsorganisasjon. Det finst ikkje noko sterkt og samla miljø i Kvalsund som motarbeidar gruva, men fleire spreidde miljø som samarbeider dårlig med kvarandre. Det finst heller ikkje på landsbasis ein organisasjon som arbeider spesielt med gruvesaker.

Ny allianse?

Kampen om Nussir-gruva i Kvalsund er eit forsøk på gjenoppbygging av alliansen. Liksom i Altakampen er Naturvernforbundet den sterkaste krafta. Mens forbundet under Altakampen heldt ei strengt legalistisk linje og ikkje støtta aksjonar, har nettopp gruvekampen gjort at forbundet no er på veg bort frå denne linja. I Norske Samers Riksforbund, som heller ikkje støtta aksjonane i Alta, har det skjedd ei liknande utvikling, og det er ikkje utenkelig at vi kan finne både leiar for NVF og leiar for NSR i lenkegjengen i Repparfjorden i løpet av 2020.

Vill på vegen

Om vi ser for oss historia frå 1981 som ei vandring frå Nullpunktet i Alta til eit neste nullpunkt ved Repparfjorden, er det mange som har gått vill på vegen. Vi har sett samepolitikarar som har blitt forsvararar av både gruvedrift og vindkraft, mens andre meiner den viktigaste samiske retten er retten til fri utmarkskjøring. Vi har sett tidligare naturvernarar som meiner at den samiske rørsla er den viktigaste motstandaren for naturvernet. Vi har sett politikarar frå venstresida bli vald inn på Stortinget på eit anti-samisk program, med full støtte frå dei som var utbyggingstilhengarar i Alta. Blant dei som var RV-politikarar under Altakampen har ein blitt ordførar i Sør-Varanger, og no nettopp har fått gjennomslag i departementet for at staten IKKJE skal stille miljøkrav til gjenoppstarten av Sydvaranger. Andre har blitt drivkrefter i den antisamiske organisasjonen EDL, og legg heile sitt politiske engasjement inn i å motarbeide alt av samiske rettar, samisk organisering, samiske næringar, språk og kultur. I praksis er desse blitt dei beste støttespelarar for Nussir ASA og andre spekulantar som ønsker å gjøre inngrep i samiske bruksområde.

Om vi ser for oss eit tog som går over Sennalandet på veg mot den neste store miljøkampen, så har toget no kome langt ned i Repparfjorddalen. Toget har i første rekke tre drivkrefter, Reinbeitedistrikt 22 Fiettar, NVF og NSR. Av partia forsøker MDG og SV å henge med så godt dei kan, samtidig som særlig SV har stadige utflukter og vil finne andre vegar. Raudt, derimot, heng i beste fall etter på eit akebrett, men tauet er så langt at ofte er dei ikkje riktig sikre på om dei er med eller kva dei er med på.

Uønska i Raudt

No er ikkje alt heilt svart. Det er faktisk nokre få av dei som var aktive i Altakampen og som da var medlemmar av RV/AKP i Finnmark som kjempar vidare i dag, mot Nussir-gruva, vindkraft og oppdrett. Fleire gjør det gjennom Naturvernforbundet, nokre gjennom andre parti, som SV og MDG. Når dei ikkje gjør det gjennom Raudt, så trur eg hovudgrunnen ikkje er at dei har endra seg, men heller at dei ikkje lenger finn Raudt som eit parti verdt å støtte, etter som partiet verken har ei klar prinsipiell linje eller ein klar praksis verken i samepolitikk eller miljøpolitikk, og fordi Raudt heller ikkje har vist noko interesse av å samarbeide med dei. Dette fikk vi tydelig demonstrert for eit par år sidan. Nokre samiske Raudt-medlemmar hadde tatt inititativ til ei Facebookgruppe med namnet «Samisk i Rødt» og invitert også ikkje-medlemmar med interesse for samiske spørsmål. Dette blei for mye for partileiinga, som greip inn, kasta ut alle utan medlemsbok, utan varsel og utan forklaring. Metoden var i alle fall effektiv dersom målet var å sikre at samiske sympatisørar ikkje skulle finne på å melde seg inn. Der forsvann min kontakt med samepolitikken til Raudt, eg har ikkje sett stort til han sidan.

Dette er skrive frå Finnmark. Sett frå Troms ser det nok noko lysare ut, og kanskje dei som ser Raudt frå innsida ser ting ikkje eg ser.

Klassekampen som svikta

Under Altakampen var Klassekampen enno organ for AKP(m-l). Liksom partiet satsa avisa stort på Altasaka, og hadde eigen journalist i Finnmark i fleire år, noko som ikkje har hendt verken før eller seinare. Etter at journaliststillinga blei inndratt til Oslo, gikk det tilbake med dekkinga av samiske saker og miljøsaker i nord, men begge delar blei rimelig bra behandla i nokre år. Det store skiljet kom ved redaktørskiftet i 2002, da ikkje bare alle journalistar skulle vere i Oslo, men også andre bidragsytarar i distrikta var uønska. Det skjedde ei klar dreiing til at samiske spørsmål og miljøspørsmål IKKJE skulle dekkast. Da det for eit par år sidan endelig blei tilsett ein journalist for Nord-Noreg, var verken samepolitikk eller miljøpolitikk med i det avisa ønska at journalisten skulle dekke. Og da desse spørsmåla pressa seg på og ikkje lenger kunne oversjåast, så var dekkinga redusert til det reint nøytrale journalistiske, der avisa ikkje tok standpunkt, verken i artiklane eller på leiarplass. At Klassekampen ikkje lenger tar standpunkt i miljøspørsmål, eller i verste fall kan oppfattast som støtte til utbyggingsinteressene, kan vanskelig sjåast isolert frå at avisa har blitt meir og mer økonomisk avhengig av bidrag frå LO og fagforbund. No er ikkje Klassekampen noko organ for Raudt, eg bare konstanterer at mye av den same utviklinga har skjedd begge stadar i form av at verken avisa eller partiet lenger er ei kraft i miljøkampen.

Ingen vil ta i gruva

Gruvespørsmål er eit stort og komplisert felt. Det dreier seg om å forstå geologi, teknikk, kjemi, biologi, jus og økonomi. Det gjeld alt frå samansetninga av malmen til detaljar som kor stor straumen er gjennom Repparfjorden på forskjellige tider av året, til betydninga av koppar i «det grøne skiftet» og korleis den internasjonale gruveindustrien pressar statar og internasjonale organ for å kunne ta ut superprofittar utan ansvar for dei lokalsamfunna og den naturen som ligg øydelagt igjen der dei har fore fram.

Eit av dei mest sentrale spørsmåla i mineralpolitikken, både i Noreg og andre land, er retten til landet. Kven har rett å bruke land og vatn, dei som i generasjonar har brukt det, eller eit kanadisk selskap som kom i forgårs og fikk løyve av Direktratet for Mineralforvaltning i går?

Gruvepolitikk er spørsmålet om kjerna i menneska sin bruk og misbruk av naturressursar, og heilt sentralt i verdskapitalismen. Likevel er det INGEN journalistar i Noreg som har spesialisert seg på gruvespørsmål, og INGEN aviser som har sett seg som mål å utvikle gruvejournalistar. Heller ikkje er det nokon av partia på venstresida som har sett av folk til å jobbe spesielt med dette. Av miljøorganisasjonar er det så vidt eg veit bare Naturvernforbundet som har folk som jobbar med gruvespørsmål som ein vesentlig del av arbeidstida si.

Verre enn eg ante!

Etter at eg skreiv denne lille epistel, blei eg gjort merksam på at nestleiar i Raudt nylig har publisert eit skriv med tittelen «Vil bruke oljepenger på industrisatsing». Dette innlegget er eit kraftig slag mot vona om Raudt som ei drivkraft i miljø- og mineralspørsmål, og syner at stoda i røynda var enno verre enn eg hadde ant. Om dette er Raudt sin politikk må vi spørje om miljørørsla i Noreg har ein samarbeidspartnar eller ein politisk motstandar i Raudt. Det gjeld spørsmål som ønske om auka mineralutvinning utan å nemne verken gjenvinning eller redusert forbruk, ønske om auka vareeksport og auka «verdiskaping», i ei tid da det som trengst er at den rike del av verda reduserer forbruket av ressursar. Det «grøne skiftet» blir tatt for gitt som noko vi alle er samde om, utan å nemne at dette no er eit av makta sine hovudargument for ytterligare naturrasering gjennom mineralutvinning og vindkraft. Her er vist til vidareforedling av fisk, men ikkje eit ord om den katastrofa oppdrettsnæringa no skapar etter kysten.

Innlegget er prega av at «vi» er i same båt. Dette ser ikkje ut som eit program for eit parti som skal drive klassekamp, og ikkje eit program for folket mot makta, men eit program for eit parti som allereie ser seg som ein del av makta og ser verda frå makta sin synsvinkel.

Dette er eit offisielt innlegg underteikna nestleiar i Raudt, og må vel da reknast som uttrykk for partiet si linje. Sett utafrå må eg bare ta det til etterretning, men samtidig undrar eg på om virkelig heile partiet har sagt farvel både til miljøkampen og klassekampen.

Forsøk på eit bidrag

Bakgrunnen for at eg tar dette opp er at eg har jobba med gruvespørsmål i eit tiår og bl.a. skrive 3 1/2 bok om gruvespørsmål. Det eg skriv ligg på nettet, mest på http://gruve.info. Eg har og hatt ein del innlegg i aviser nordpå og nokre i Klassekampen. Likevel har ALDRI nokon frå Raudt kontakta meg og bede om informasjon. Eg har sjølv kontakta Raudt sentralt, og oppnådd å få eit møte med miljøpolitisk rådgivar for stortingsgruppa, og prøvd å kontakte alle adresser for Raudt i Finnmark og bare oppnådd den totale tausheit.

Eg hører til dei 87 % i Finnmark som røysta nei til tvangssamanslåinga. Stort sett ser eg bare ulemper med denne, men kanskje i dette tilfelle at ein kan seie at ikkje noko så galt at det ikkje er godt for noko. Kanskje eit felles Troms og Finnmark Raudt kan bidra til at Raudt blir eit alternativ også i Finnmark, som tar tak i dei spørsmåla som er viktige i fylket vårt og som eit minimum kjem med klare standpunkt til desse?

I neste omgang ønsker eg noko meir. Eg ønsker eit parti som maktar å gå foran og utvikle politikk, som kan analysere Nussir, Sibelco, Elkem, Sydvaranger, Grenselandet osv. si rolle i verdsøkonomien og verdskapitalismen. Som kan sette nordområdestrategien og mineralstrategien inn i ein samanheng og gå i spissen for å mobilisere mot desse. I den grad det er nokon som driv analyse av mineralspørsmål i dag, er det folk innafor Naturvernforbundet. Det er ein brei organisasjon og skal så vere. Naturvernforbundet verken er eller skal bli antikapitalistisk eller sosialistisk. Kven kan da utvikle ein sosialistisk mineralpolitikk? Er det for mye forlangt å sette dette som eit mål for Raudt?

Om partiet bestemmer seg for dette, kan eg kanskje få lov å yte eit lite bidrag?

Svein Lund
Guovdageaidnu
http://gruve.info
http://sveinlund.info


Til hovudsida