Artikkel i Klassekampen, 07.05.1994

Folkestorm mot Rio Tinto i Kárášjohka

Dei internasjonale gruveselskapa kan rekne med stor motstand i Finnmark. Torsdag var kulturhuset i Kárášjohka overfylt da kommunen innkalte til folkemøte om mineralleitinga til Rio Tinto Zink. 2-300 menneske var møtt for å seie frå at dei ikkje godtar at internasjonale gruveselskap skal få grave opp Finnmarksvidda, mens dei sjølve ikkje har noko dei skal ha sagt.

Av Svein Lund, Kárášjohka

I fjor haust ga Bergmesteren i Trondheim løyve til leiting etter gull og koppar, mens Jordsalgskontoret i Vadsø ga løyve til leiting etter diamantar, i begge tilfelle utan at verken lokale styresmakter eller Sametinget er spurt. I førre veka kom det fram at verdas største gruveselskap, Rio Tinto Zink allereie er i gang med boring etter gull og koppar i Ráitevárri-området i Kárášjohka kommune. Få dagar etter stilte sametingspresidenten opp i anleggsområdet og overleverte krav om at boringa må stanse straks. Folkemøtet synte klart at han har full støtte i lokalbefolkninga for dette, den eine etter den andre takka Ole Henrik Magga for at han hadde vist ein så klar og rask reaksjon.

Møtet vedtok denne fråsegna: "Folkemøtet slår fast at Rio Holding Norway AS sin letevirksomhet i Ráitevárri-området er i strid med samisk rettsoppfatning, og ikke i overensstemmeldse med samiske interesser. Denne letevirksomheten er også i strid med internasjonale rettsregler (ILO-konvensjonen). Folkemøtet støtter fullt opp om Sametingspresident Ole Henrik Maggas krav om at Rio Holding Norway AS og liknende selskaper holder seg borte fra Sápmi, så lenge de ikke har fått tillatelse fra samenes høyeste organ, Sametinget."

RTZ har så langt bare løyve til å kjøre på vinterføre, og måtte derfor avslutte boringa 5.mai, men dei vil komme tilbake til hausten, og da må dei rekne med atskillig større motstand.

Heile vår framtid og eksistens

- Dette er ei stor og prinsipiell sak for heile vår framtid og eksistens, byrja ordførar Kjell Sæther (A). - Vi ønsker ikkje at RTZ skal etablere seg i Sápmi. Kva skjer om dei finn drivverdige forekomstar i Ráitevárri? Kanskje blir det nokre arbeidsplassar i nokre år. Etterpå blir det igjen ein steinørken og beiteområda er ødelagt for ein kvar framtid. Forureining av elva vil bl.a. truge gyteplassane for laksen. Vi har ingen rett til å stjele frå komande generasjonar, sa han. Han viste til at kommunestyret har kome med svært krass kritikk av saksbehandlinga både når det gjeld gull og diamantar. Kommunen har ikke mottatt noko frå bergmesteren. 2 veker etter at boringa starta var ordføraren i lag med miljøvernleiaren i kommunen på inspeksjon og kunne konstatere at det allereie var gjort betydelige skader på terrenget. Det er tett bjørkeskog i området, mye skog er nedkjørt og det er fleire kilometer gater i skogen.

Mange brotne lovnadar

Sametingspresident Ole Henrik Magga tok eit kraftig oppgjør med regjeringa som stadig lovar at samane skal bli hørt, men som bryt det gong på gong - Statsmyndighetene har aldri bede Sametinget uttale seg i spørsmål om mineralleiting. Vi har ikkje fått uttale oss før det var for seint. Statsministeren har bede alle statsorgan bringe sakar som gjeld samane fram for Sametinget. I 1981 lova regjeringa ved dåverande kommunalminister Harriet Andreassen at ingen store inngrep skulle settast igang før Samerettsutvalet si innstilling er ferdig behandla. Eg veit dette er eit gamalt vers, men det er ikkje mi skuld at vi må trekke det fram gong etter gong. For bare fire år sidan diskuterte Stortinget ILO-konvensjonen og uttalte at styresmaktene er forplikta til å lytte til urbefolkningane før noko inngrep blir sett igang. Likevel får RTZ leiteløyve utan at vi er spurt. Da dette blei kritisert i Stortinget, lova landbruksministeren at Sametinget skal høras i liknande saker. Få månader etterpå fikk Ashton Mining leiteløyve og Sametinget fikk først vite det gjennom media etterpå. Han stilte og spørsmål ved LO si rolle i denne saka, etter at LO i Finnmark har gått ut og ønska gruveselskapa velkommen. Harriet Andreassen som på regjeringas vegne ga løftet til samane i 1981 var LO-reprerantant da ILO-konvensjonen blei vedtatt. Vil LO no arbeide mot konvensjonen? - Dette er ikkje eit spørsmål om vi er for eller mot gruvedrift. Sametinget har tidligare opna for gruve i Naranas-området i Guovdageaidnu. I Naranas-saka var det kommunen som ba om uttalelse. Rikdommane skal ikkje gå ut. Vi skal få styre dei, ikkje internasjonale selskap over hovudet på oss.

- Eg er LO-medlem og skjems, sa Eilif Norvang. - No snakkar dei om arbeidsplassar. For nokre år sidan kunne ikkje LO i Finnmark slutte seg til boykotten av Shell pga. at det var fare for nokre arbeidsplassar. Kordan kan dei glømme det enkle ordet solidaritet? 2 tankemåtar kolloderer. I dag er kraftsosialisme blitt eit negativt ord.

EØS

Bergmester Ole Nordsteien gjorde greie for lovverket som gjeld for mineralleiting, eit lovverk som ikkje gir lokale styresmakter eller samiske organ nokon rett verken til å bli hørt eller informert. I denne saka har kommunen ikkje fått noko informasjon frå bergmesteren, kunne ordføraren fortelle. Etter bergverkslova har alle norske borgarar rett til å gå på annan manns grunn og leite etter mineral, men frå 1.1.94 gjeld denne retten alle EØS-borgarar, kunne bergmesteren fortelle. Og dersom nokre formelle krav er oppfylt, seier loven at mutingsrett skal givast. For drift på malmforekomst krevast derimot konsesjon og for store prosjekt konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova og med vid høringsrunde.

Lene Antonsen tok og opp EØS-avtalen og viste til torsdagens Nordlys der Dorothy Harris, informasjonssekretær hos Rio Tinto Zink ved hovudkontoret i London seier: "Norge sin tilslutning til EØS er den viktigste grunnen til at vi starten leiteboring ved Karasjok. Etter 1994 er vi fri til å investere i Norge om vi vil." Harris seier vidare: "Vi har fått klar beskjed fra myndighetene at vi skal forholde oss til dem, ikke til samene."

"Opphører ved interessekonflikt"

I leiteløyvet heiter det at "Tillatelsen opphører ved interessekonflikt". Kor langt skal det gå før dei oppdagar interessekonflikten, spurte ein. Frå fleire reindriftssamar blei det gjort klart at dei ikkje kunne godta denne mineralleitinga, og at det aktuelle reinbeitedistriktet ikkje var spurt. Sjølv om det no er midt i reinflyttinga, var det fleire reindriftssamar som hadde tatt vegen til Kárášjohka for å få med seg folkemøtet. Nils Anders Eira, leiar for flyttsamelaget, punkterte argumentet om arbeidsplassar med å seier at det var som om snikkarane som var ferdig med å bygge dei husa som trengtes så skulle rive dei ned igjen for å ha arbeid. Disse skadegjørarane må stoppas med ein gong, sa han. Det var mange som reagerte hardt mot forsøket på å kople arbeidsplassar i gruvedrift til omstilling av reindrifta. Om vidda er overbeita kan ein ikkje løyse det med å øydelegge nokre beiteområde totalt, sa Berit Magga Somby. – Norge sender folk ut i verda for å lage fred, men no ser det ut som dei vil starte krig her heime, sa ho og slo fast at dette var ein forsmak på EU.

Ikkje som Greenpeace

Bellona-leiar Frederic Hauge fikk ein varm velkomst av folkemøtet, og var den einaste som fikk like mye applaus som sametingspresidenten.

- Vi kjem ikkje som Greenpeace, sa han. Vi skal ikkje føre kampen for dokker, eller blande oss opp i diskusjonen om samiske rettar. Vi skal holde oss til det vi kan. Og vi har opparbeida oss ein del kompetanse på miljøkonsekvensar av gruvedrift og bergverk. Kunnskapen vi har om RTZ og AM og om hvordan gruvedrift drivast gjør oss bekymra. Ingen selskap har så roten behandling av urbefolkningar. RTZ er ein av verdas største uranprodusentar. Eg har sett uranleitinga deira i Kanada, og det eg såg der var virkelig til å bli skremt av. Vi veit at eit par mil frå der RTZ borar no er det funne uran, og vi må spørre om ikkje dei og er ute etter uran, sjølv om dei ikkje har sagt det. Ved gruvedrift er det stort behov for vatn. Kor skal det takast frå, og kor skal ein slippe ut 10-100 m3 vann for kvart tonn med malm som skal vaskast? Frå Titania veit vi at gruveslam set seg i gjeller og rogn, og at det og kan vere skumle kreftframkallande stoff som nikkel og vanadium. Disse gruveselskapa er ekspertar i å splitte og sette folk opp mot kvarandre, åtvara han, og lova at Bellona vil ha klar ein rapport om moglege konsekvensar før hausten når ny boring startar.

Lovendring på gang

Talar etter talar slo fast at dagens lovverk er fullstendig uholdbart, og i dag har faktisk Nils Petter Argel i Rio Holding Norway rett når han skriv: "I henhold til lovverket er det bergmesteren som gir mutingstillatelse og de berørte kommuner er ikkje høringsinnstanser." Bergmesteren kunne fortelle at eit forslag til ny bergbverkslovgiving vil bli lagt fram tidlig i 1995. Men fleire frykta at denne ikkje vil sikre rettane til samar og lokale styresmakter, men derimot opne for ytterligare liberalisering i samsvar med EØS-avtalen.

Ordførar i dobbeltrolle

Men samtidig som ordføraren har protestert for all verda mot RTZ viser det seg at han som leiar for dispensasjonsutvalet i kommunen har vore med å gi RTZ dispensasjon frå loven om motorferdsel i utmark, slik at dei kunne kjøre boreriggane inn i leiteområdet. I dispensasjonsutvalet sitt ellers kultursjefen og lensmannen og miljøvernleiaren er saksbehandlar. Dei gikk ikkje ut til offentligheita med at dei hadde gitt dispensasjon og folk flest visste ikkje noko om at boringa var igang før den samiske avisa Min Áigi avslørte dette 27.mai. På folkemøtet forsøkte både ordføraren og miljøvernleiaren å forklare dette med at kommunen ikkje hadde noko val. Når Bergmesteren hadde gitt mutingsløyve måtte kommunen gi kjøreløyve. Dessutan ville det slå tilbake på kommunen sine eigne innbyggarar, fordi dei heller ikkje ville kunne få dispensasjon for kjøring i moltebærsesongen dersom ein forsøkte å nekte RTZ no. På dette fikk kan eit kontant "bu-u-u-u" frå salen. Deretter blei han plukka frå kvarandre av miljøvernleiar Steinar Schanke hos fylkesmannen i Finnmark, som gjorde det klart at kommunen hadde full rett til å avslå dispensasjon, og det var slett ikkje sikkert at fylkesmannen ville omgjort dette om det blei anka. Ordføraren fikk tole hard kritikk, bl.a. frå varaordførar Brita Kåven. - Ordføraren var først hardt mot RTZ men så ga han dispensasjon. Slik snur han ryggen til oss, sa ho.

Kommunen sto som arrangør av folkemøtet, men initiativet kom frå Kárášjoga Sámiid Searvi i samarbeid med fleire av listene i kommunestyret, og det virkar som det var ganske motvillig at ordføraren og DNA-gruppa gikk med på dette. Forslaget som dei andre partia la fram til uttalelse frå folkemøtet smaka da og sterkt av mistillit til ordføraren. I tillegg til det som blei vedtatt hadde dei foreslått dette: "Folkemøtet danner en gruppe som skal følge med at vårt krav blir etterlevd, og treffer de avgjørelser som er nødvendig for å få dette igjennom. Folkemøtet krever at ordføreren uoppfordret må gi denne gruppen all den informasjon som tilflyter kommunen for at folkemøtets krav skal kunne gjennomføres." Etter at bl.a. sametingspresidenten ba om det, blei dette tatt ut av resolusjonen. Men ei organisering av motstanden vil det likevel bli. Det er ingen ting som tyder på at folk vil overlate dette til kommunale organ åleine. Og snart blir det folkemøte i Guovdageaidnu, og ein vil forsøke å få samla folk i alle dei ti kommunane der RTZ har fått leiteløyve.


Til startsida

sveilund@online.no