3. mars blei det på NRK Ytring publisert eit innlegg av ein aksjonær i Nordic Mining som omtalar seg sjølv som miljøvernar. Ein liten sjekk på nettet avslører at debattanten Sindre T. Westgård til vanlig produserer eventyrspel. Dette har han tydeligvis tatt med seg inn i miljø- og gruvedebatten, for her er det godt med eventyrforteljing.
På slutten av innlegget skriv han: «Jeg har enda ikke blitt overbevist om å gå fra min miljøinvestering i Nordic Mining. Kanskje noen kan gjøre et skikkelig forsøk?» Eg tar med dette utfordringa, og eg vil ta utgangspunkt i innlegget hans og kommentere det punkt for punkt. Først bakgrunnen min for å skrive dette. Eg har i snart tre år arbeida med gruvespørsmål på heiltid for å skrive bokserie og nettstad om gruver, og så langt gitt ut to bøker. Eg har deltatt i diverse møter og arrangement om gruvespørsmål, både arrangert av miljørørsla og av mineralnæringa. Dette arbeidet har ikkje gjort meg til «gruvemotstandar», men gjort meg stadig meir skeptisk både til dagens praksis i mineralnæringa og til lovverk og forvaltning som skal kontrollere denne. Eg uttaler meg her bare for eiga rekning, men «innrømmer» gjerne at eg er medlem av Naturvernforbundet, som eg syns har gjort ei grundig og balansert vurdering av kva som må til for å få ei mineralnæring i Noreg som ikkje gir uforsvarlige miljøskader. (Gruvepolitisk plattform for Naturvernforbundet)
Vidare vil eg sitere innlegget til Westgård i kursiv og skrive mine kommentarar med vanlig skrift. Undervegs viser eg i parentes til meir materiale frå meg sjølv og andre kjelder.
Jeg er miljøverner og levende opptatt av en bedre verden. Jeg er miljøverner og derfor investerer jeg i selskapet som vil drepe deler av Førdefjorden. Jeg er redd for at miljøbevegelsen har havnet i fella av flokkmentalitet.
Ein kvar står sjølvsagt fritt til å kalle seg kva ein vil, men å investere i eit av dei mest omstridde gruveprosjekt i norsk historie og samtidig kalle seg miljøvernar, må kan vel om ein held seg til eventyra nærast samanliknast med ulven i forkledning som bestemor til Rødhette.
Miljørørsla er altså offer for «flokkmentalitet», med andre ord dei tenker ikkje sjølv. Når det gjeld Førdefjorden har vi da bl.a. desse «flokkdyra»: Venstre, MDG, SV, Raudt, AUF, Førde AP, Naturvernforbundet, NU, Bellona, WWF, Greenpeace, NHO Reiseliv, Virke, Fiskarlaget, Kystfiskarlaget, Sjømat Norge, Havforskningsinstituttet, Norske Lakseelver, NJFF, DNT, FIVH, Sabima, Greenpeace, samt 60 selskap innafor sjømat og reiseliv i Sunnfjord. I tillegg har over 30 utanlandske/internasjonale organisasjonar protestert mot sjødumping i Førdefjorden. Om alle desse har blitt narra, kven har i såfall narra dei?
Westgård har kanskje trudd at dei selskapa han har investert i vil gi ei betre verd, men uansett har han investert i desse selskapa og har investert i desse selskapa og har dermed interesse av at dei tjener pengar. Det kan dei bare gjøre ved at dei får løyve til drift. Forfattaren har dermed heilt klare objektive personlige økonomiske interesser av at Nordic Mining sine planar blir gjennomført, noko som bare kan skje dersom ein klarer å framstille miljøskadane som akseptable. Det er grunnlaget for skriveria hans.
Jeg har koordinert planlegging av sivil ulydighet mot gasskraft på Vestlandet på 90-tallet. Jeg har stolt på miljøbevegelsen hele mitt liv.
Taktikken med å framstille seg som ein som eigentlig hører til motparten er gamal som alle haugane. Det er mange som har gått over på andre sida av bordet og som da brukar bakgrunnen sin som arbeidar, som tilhøyrande ei etnisk gruppe eller som miljøvernar til å motarbeide den gruppa dei kjem frå, mens ein klatrar oppover hos motparten. Slike personar er det brukt mange ord på, eit av dei meir moderate er overløpar.
For tre år siden skulle jeg avgjøre hva jeg skulle gjøre med arven fra farmor. Jeg bestemte meg for å investere i selskap som fremmet den verden jeg ønsket. Jeg kjøpte REC (solenergi), Nordic Mining og etterhvert Scatec Solar m.fl.
REC har jo allereie ramla saman og gitt opp produksjonen i Noreg, så da gjenstår det å satse alle kort på Nordic Mining. Kva slags selskap er det. Nordic Mining blei stifta i 2006, og det var ingen miljømålsetting som låg bak. Derimot var bakgrunnen selskapa Ecuanor, som dreiv gulleiting i Ecuador og oljeselskapa Rocksource og Amergy. Det fortel litt om kor miljøvennlig aktivitet som var utgangspunktet. Etter stiftinga har Nordic Mining vore engasjert i omlag 15 forskjellige prosjekt, i leiting eller planlagt utvinning etter så forskjellige mineral som gull, platina, koppar, jern, kvarts, anortositt, litium, rutil wolfram og thorium. Selskapet har forsøkt seg over heile linja innafor mineralutvinning, ingen ting tyder på noko prioritering ut frå miljøomsyn. (Meir om Nordic Mining sine forskjellige prosjekt)
Solenergi sier seg selv, men hvorfor Nordic Mining? Fordi de:
– Kutter CO2-utslipp på rutil med 80%
I debatten etter innlegget opplyser Westgård at dette gjeld transporten av rutil til marknadar i Europa. I beste fall kan dette gjelde sjølve transporten, føresett at europeiske produsentar vil kjøpe frå Nordic i staden for frå andre verdsdelar, noko vi ikkje har nokon garanti for. Det meste av CO2-utsleppa kjem frå utvinning og foredling, og det er ikkje med i dette reknestykket.
Utvikler teknologi som binder CO2 ved alumina-produksjon fra anortositt
Nordic Mining er eit av fleire selskap som har vore innblanda i forsøka ved IFE på dette. Det har blitt godkjent et patent, men så langt tyder ingenting på at det blir noko meir av dette enn av tidligare patent på saka. Nordic Mining har seld den bedriften som i dag driv på denne anortositten. (http://gruve.info/anorto.htm)
– Har mineraler som er viktig for det grønne skiftet
For gruveindustrien betyr «det grønne skiftet» i første rekke kraftig auke i produksjonen av fornybar energi. Til vind-, vatn- og solkraft trengst det enorme mengder av stål, koppar, neodym, sink, bly, dysprosium og andre metall, for ikkje å snakke om svært store mengder kvarts og betong. Dette kan da brukast som miljøargument for å auke utvinninga av alle desse stoffa. På same vis kan ein utvinne uran og thorium fordi atomkraft ikkje gir CO2-utslepp osv. Det finst ikkje det mineral som ikkje på ein eller annan måte kan brukast i «det grønne skiftet». Derimot er det nokre tiltak som gruveindustrien ikkje vil høre snakk om: Å produsere ting som varar lenger, energiøkonomisering og resirkulering. Det nemner dei ikkje da det er i strid med deira interesser om auka utvinning.
– Gir ny næring etter oljen
Har potensiale til å bli mineralnæringens svar på Statoil
Oljenæringa har i en lang periode gitt superprofitt på grunnlag av store ressursar og høge prisar. Frå eit reint økonomisk synspunkt har mineralnæringa i Noreg ingen sjanse til ein tilsvarande posisjon, men kan bare bli lønsame i korte periodar mens prisane er oppe og vaker. Det normale i mineralnæringa er konkursar og ustabilitet. Og eit selskap som har spreidd seg på 15 område utan å få igang noko produksjon skal altså bli vårt nye Statoil!
På eit område kan mineralnæringa derimot bli vårt nye Statoil, som ein norsk internasjonal miljøversting. Statoil er berykta for oljesandprosjekt i Amerika og Oljefondet er engasjert i ei rekke svært miljøøydeleggande gruveprosjekt verda over. Men «miljøverneren» syns tydeligvis at eit nytt Statoil er noko å trakte etter.
... Som idealist har jeg lært at man må prioritere idealene. Her sto fjordmiljø mot globalt miljø og næring,
Idealisten meiner altså vi skal ofre fjordmiljøet for det globale miljøet. Men korleis vil så det globale miljøet bli forbetra ved at rutil utvinnast i Førdefjorden? Verdsmarknaden har dei siste åra vore prega av overskot på rutil og synkande prisar: «PRICES of rutile ... have fallen sharply in recent months as rivals continue to flood the market with material at a time when demand remains weak» Samtidig har EU satt som målsetting å redusere forbruket av rutil.1 Om Nordic Mining kjem opp i planlagt produksjon vil verdsproduksjonen auke med 20%, og prisane vil gå ytterligare ned. Korleis vil meir overproduksjon bidra til det globale miljøet? Det einaste Westgård kan vise til er den hypotetiske reduksjonen i CO2-utslepp frå transport av rutil dersom Europa kjøper frå dei. Dette skal altså vere verdt å ofre Førdefjorden for. Det er ikkje behov for meir rutil, det einaste behovet her er Nordic Mining sine aksjonærar sitt behov for å tjene pengar.
Det andre idealet er næring. Dei som driv næringsverksemd (fiske, oppdrett, jordbruk) i/ved Førdefjorden i dag vil tape. I staden kjem det arbeidsplassar for pendlarar frå inn- eller helst utland, i ein situasjon der Noreg allereie har importert mange titusen arbeidarar på grunn av mangel på eiga arbeidskraft. Korleis kan slik næring bli eit ideal for andre enn selskapet sine aksjonærar. Virkelig ein idealistisk aksjonær!
Mitt perspektiv er at inngrepet er som å spise kjøtt. Man slakter en sau (5% av fjorden) og får kjøtt (kuttet klimagassutslipp, viktige mineraler, arbeidsplasser og inntekter). Ved neste lamming (om 60 år) er flokken (fjorden) like stor og livskraftig som før. Aksepterer man dyrehold burde det være innenfor.
Nordic Mining skal ta ut omlag 250 mill. tonn mineral. I motsetning til fedrift kjem ikkje minerala tilbake. Av desse ikkje-fornybare ressursane skal Nordic utnytte 2 % og kaste 98 %. Kva hadde vi sagt om vi f.eks. bare tok ut hjertet av sauen og lot resten rotne opp?
forutsatt at overvåkning av deponiet sikrer at det legger seg der det skal.
Overvåkinga sikrar ingenting, den registrerer bare kva som skjer. I staden for å vere føre var og unngå skadar skal overvakinga brukast som påskot til å gi løyve, men om det da viser seg at spreiinga blir større enn selskapet hadde hevda, er det litt seint å stoppe det-
Som erfaren miljøverner ble jeg overrasket over at mange av argumentene motstanderne brukte var feil eller mangelfulle. Det mest påfallende, «giftig avfall»-argumentet, er så godt som er forsvunnet i norsk debatt, men brukes fremdeles internasjonalt. Listen over feilskjær er lang, her er et utvalg. Deponiet ødelegger gytefelt for rødlistet blålange: Havforskningsinstituttet sier det kanskje gytes der fordi man ikke kan se forskjell på lange- og blålangeegg.
Med andre ord, dersom ein ikkje veit heilt sikkert kva art som gyt der, så er det greitt å øydelegge gytefeltet. Har denne «erfarne miljøverner» aldri hørt om «føre var-prinsippet»?
Norge er ett av fem land som tillater sjødeponi: Londonkonvensjonen tillater ALLE sine medlemmer å deponere inerte geologiske masser i sjø.
Londonkonvensjonen er uklar når det gjeld utslepp frå land til sjø. Mange arbeider for å skjerpe inn dette, mens Noreg og ganske få andre land forsøker å hindre det. Det er sjølvsagt ingenting i vegen for at andre land kan vedta forbod mot slikt deponi, sjølv om ikkje Londonkonvensjonen gjør det. Og det står uansett fast at det er bare 5 land som praktiserer sjødeponi i dag, mens mange andre land har gjort det og har slutta med det. Det er no ingen EU-land som har sjødeponi, minst 4 har hatt det.
Titanoksidet fra gruven skal brukes til tannkrem og maling: Mineralet er relativt nytt og får nye voksende bruksområder hvert år.
Mineralet har vore der i mange millionar år, og kan knapt kallast nytt. Det har vore utvunne på Titania i Rogaland i over 100 år, altså eit av dei aller eldste industriminerala våre. Motstandarane er fullstendig klar over at rutil også har andre bruksområder, men nye områder kvart år er mildt sagt ei kraftig overdriving.
Legge fjorden øde? Ja - 5% av fjorden i 60 år.
Og det er altså heilt greitt? I tillegg viser straummålingar at det kan bli langt meir enn 5%. Og når Engebøfjellet er borte, så er det fleire rutilførekomstar ved Førdefjorden å ta av. Det er elles verd å merke seg at mens Westgård i alle fall innrømmer at 5% av fjorden blir lagt øde, er det andre tilhengere som hevder at det ikkje vil bli noko skade på livet i sjøen.
Miljødirektoratet ble presset av regjeringen til godkjenning: De fulgte det mandat de har i slike saker: Avveiing.
Miljødirektoratet sa først nei, blei pålagt ny vurdering av departementet og sa da ja. Det er ikkje til å komme bort frå. Miljøldirektoratet skulle vel i første rekke ta omsyn til miljøet, ikkje vurdere opp mot interessene til aksjonærane i Nordic Mining.
Tilbakefylling av avfallet i gruven for å unngå sjødeponi: Volumet blir vesentlig større ved knusing, deponi er nødvendig. I denne saken er sjødeponi tryggest.
Det stemmer at volumet blir større ved knusing, men inntil 50% kan fyllast tilbake. Deponi er nødvendig dersom ein bare skal utnytte 2% og kaste resten. Men kvifor skal ein f.eks. kaste dei 30% med granat som er i eklogitten? Og kvifor kan ikkje resten av minerala brukast til noko? Det er bare ein grunn til det, det er at Nordic Mining meiner det vil gi mest profitt for aksjonærane (inkl. Westgård) å kaste 98% på sjøen.
Argumentene gjentas over alt. Gjennom mine årelange forsøk på diskurs har jeg erfart at de som har brukt faktuell argumentasjon mot prosjektet, ofte innrømmer at det er en prinsippsak.
Ja, og prinsippsaker bør ein jo ikkje ha! Pengepungen kan vere ei mye betre retningslinje.
... Mitt inntrykk er at aksjonistene har mye informasjon med lav kvalitet, uten vektlegging og tolkning. Men det er kanskje ikke så farlig med grunnlaget? De blir helter, og mange hjelper med boten.
Dette er eit så grovt angrep på ungdom som engasjerer seg for miljøet og framtida vår, at det er vanskelig å finne ord. Dei gjør det altså for å bli heltar, utan å vite kva dei gjør. Westgård derimot veit kva han gjør, for han har det ideelle formål å fylle si eiga lommebok.
... Er motstanden prinsipiell og ekskluderer dialog?
Nordic Mining har bestemt seg for ei løysing, og har stått fast på denne heile tida. Motstandarar har vist til alternativ, som bare underjordsdrift kombinert med utnytting av alle minerala, evt. tilbakefylling av det ein ikkje kan få avsetning på på kort sikt. Dette har ikkje Nordic Mining vore interessert i å diskutere, og forvaltninga har godkjent planane utan å stille krav. Kven er det da som ekskluderer dialogen?
Slår noen politisk mynt på saken? Hvorfor angripes Engebøprosjektet, ikke lover og reguleringer?
Jaså, angripes ikke lover og reguleringer? Frå både miljørørsla og anna hald, bl.a. Sametinget, blei det reist hard kritikk mot minerallova da denne kom, og også forskrifter og reguleringar seinare har fått hard kritikk frå fleire miljøorganisasjonar. Ikkje minst har dei kritisert forvaltninga sin praktisering av regelverket, med å innvilge så godt som alle utslepps- og konsesjonssøknadar, sjølv om desse skulle vere i strid med andre lovar som naturmangfaldlova. Og ikkje minst har miljøorganisasjonar kritisert styresmaktene sitt brot på EU sitt vassdirektiv, med å tillate forverring av vasskvaliteten gjennom gruveutslepp. (Viser til det eg har skrive om dette: Lovverket og Forvaltninga
Hadde ungdommen på fjellet et reelt valg før de brøt loven?
Kven er det som har tvunge dei dit? Eg har treft nokre av desse ungdommane og har bestemt inntrykk av at dei veit kva dei gjør.
... Jeg har enda ikke blitt overbevist om å gå fra min miljøinvestering i Nordic Mining. Kanskje noen kan gjøre et skikkelig forsøk?
Dette var eit lite forsøk på å plukke det frå kvarandre. Nordic Mining har spesialisert seg på å marknadsføre seg sjølv som miljøvennlig. På den store gruvekonferansen Fennoscandian Exploration and Mining i Finland presenterte direktøren for Nordic Mining alle dei fem gjenverande prosjekta til selskapet under fellesparola «Minerals for a sustainable future». Blant dei var utvinning av mineral på havbotn, eit høgst risikabelt foretak som på ingen måte kan seiast å vere noko miljøforetak. (Les om Nordic Mining og mineral på havbotn)
Men kva gjør ein ikkje så lenge ein har von om å tjene pengar? Westgård har valgt side for si eiga lommebok, og da er det vanskelig å overtyde han om å gjøre noko anna. 300 millionar er investert, aksjonærane vil ha pengane sine tilbake, og da er det forståelig at dei også forsøker seg med miljøargument. Så enkelt er det.
Svein Lund, forfattar av "Gull, gråstein og grums"